Billeg og brukbart ljos til 52 liters mosekar?

Mitt fyrste akvarium er endå ikkje heilt innkjørt og eg er alt i gang med eit nytt eit, hehe.

Planen var å bruke eit lite kar på 52 liter som det har budd ørkenrotter i tidlegare. Det skal bli eit kar med i hovudsak bare javamose der det skal bu Kirsebærreker og ein kampfisk (kan desse leva i harmoni?).
Eg har eit plaslok til det, men det er ikkje ljos i det så eg må koma opp med eit løysing som gjev ljos til mosen, som gjev fuktig luft over vannflata til kampfisken og som svir minst mogleg i lommeboka. Lågbudsjettprosjekt, med andre ord...

Eg tenkte litt på dette settet her: Er det nok med bare ein? Vil det då være tillfredstillande ljos for både mose og tilskodar?

Kva slag rør bør eg ha? Ljossetting er ikkje mi sterke side akkurat.

Takkar så mykje for svar.
Tilfeldig bekjentskap
© Rita Aspevik
Reklame for plussmedlemskap