Filter

Hei!

Har eit 125-liter kar der eg nyttar innvendig fluval 3+ filter, men det viser seg at det blir alt for sterk straum i karet for bebuarane.

Har nokon tips til innvendig- eller utvendig filter som gir minimalt med straum, men som samtidig er bra nok til eit 125-liter kar?
Du kan justere styrken på fluval 3. I tillegg kan du justere utblåserretningen, slik at den f.eks peker inn mot bakvegg etc... Hva slags fisk har du som du mener ikke tåler strømmen? Jeg sliter litt med å se for meg at det blir for sterk strøm i 110l med en fluval 3
Har allerede justert styrken til det svakaste, og utstraumingen går rett i bakveggen, men likevel viser bebuarane teikn på at dei er stressa (og ja, alle andre stress-årsaker er eliminert).

Egentleg skulle det ikkje har vore noko straum i akvariet i det heile, då bebuarane likar mest mogleg stilleståande vatn, men då det blir vanskeleg grunna vatnverdiane, er eg på jakt etter eit filter som kan gjera jobben i ein 125-liter utan å gi frå seg noko særleg med straum - om noko slikt eksisterar? :o)
F.eks. utvendig Am-Top 3335 eller 3336 gir lite strøm. Men hvordan fisk er det du har som er så "sensitiv" for sirkulasjon? Og hva slags stress-symptomer er det du mener fiskene har?
Utan å gå nærmare innpå det (føler eg strekker forum-grensene til det ytterste no om dagane - beklagar, moderatorar :o)), så er det axolotlar det er snakk om - ikkje fisk.

Er det desse Am-topp filtera Tropehagen har på tilbod no? I såfall er det sikkert ikkje så dumt å gi dei eit forsøk. Mange takk for forslag! :o)

Har andre forslag til lite straum-givande filter, i tilfelle? :o)
Ja. Det er de Tropehagen har kampanje på.
Okei, då skal eg gi det eit forsøk. Mange takk for hjelpa! :o)
Tilfeldig bekjentskap
© Julie Nilssen
Reklame for plussmedlemskap