Lys over akvarie, midlertidige løysingar...hjelp?

Eg har eit akvastabil 63liters akvarie. Førebels har eg ingenting over det (ikkje glass, ikkje armatur, heilt opent). Har planar for å kjøpe slik glasstopp med liggande armatur over etterkvart, men økonomien akkurat no tilseier at eg heller må finne på noko veldig enkelt, billeg og midlertidig fram til kontoen får påfyll.
Kan eg bruke vanleg kontorlampe? Eg har ei kontorlampe med lysrør, men er bekymra for evt. kondens frå akvariet. Tenker på å ha lys over akvariet mest for plantane sin del, men også for å kunne kikke litt inni og følge med (det står i ein krok med lite lys, er litt dagslys der, då).

Så er det nokon som har veldig enkelt og greit tips for lys oppi karet? Kan eg montere ei vegglampe over, eller vil eg igjen få problem med evt. kondens frå akvariet? Kan kontorlampa funke sånn midlertidig? Eller kan det vere skummelt på noko vis?

P.s. Må legge til at akvariet har slik aluminiumsramme rundt, difor må eg bruke glasstopp med liggande armatur over når den tida kjem.
Tilfeldig bekjentskap
© Rita Aspevik
Reklame for plussmedlemskap