Ja, overskrifta seier igrunnen det meste. Korleis finner eg ut kor sterk sirkulasjonspumpe eg bør ha til 400l akvarie? Tenker då på sirkulasjonspumpe som skal drive eit blåmatte filter (bak bakgrunnen) med kaldnes k1 og kaldnes biochip. Blir sannsynligvis ikkje ei stor belastning i karet (selskapsakvarie med blant anna kongo tetra og corydoras).
Og så eit oppfølgingsspørsmål; korleis reknar ein ut kva type pumpe ein bør ha i forhold til liter vatn og mengde fisk? Finnast det ein form for formel eller noko slikt...?