Me kom heim til eit mørklagt akvarie etter ferien, og etter det eg kan sjå så er det ein del kjende feil på desse armaturane. Akvariet har eg kjøpt brukt, og eg har ikkje kjøpt nye lysrøyr dei åra eg har hatt det. Etter det eg finn på google så er det litt sprikande opplysingar om eit gåent lysrøyr mørklegg heile armaturet. Sidan det er ganske dyrt med ny armatur, så er det dumt å kjøpa ny om det berre er eit lysrør som har gått. Samstundes er eg litt nølande til å kjøpa nye lysrøyr for å teste, for om eg treng ny armatur så er eg litt usikker på om eg vil ha Juwel sin, eller ein annan fabrikat.
Eg har multimeter så eg kan måle spenninga, men eg finn ikkje nokon stad kva den skal vere? Når eg prøvde mellom to polar så fekk eg 5-6 Volt, noko eg synest virkar veldig lite. Er dette berre krypstraum, eller har eg målt på feil måte? Eg må berre innrømma at eg forstår meg ikkje på korleis lysrøyr virkar...