Sulfat frå kalking. algens beste venn?

For å justere hardheita i vatnet brukar eg, som månge andre, alabastergips frå Panduro. Dette er kalsiumsulfat (CaSO4) så akvariet vert altså både tilførd kalsium for hardheita og sulfat.
Sulfatet går inn i kretslaupet og tas opp av planter, omdannes til og frå sulfid av bakterier. Men kan sulfat gjere utslaget på algevekst?

Ein plante eller ein alge vil ha bruk for forskjellige næringsstoffer som nitrat, fosfor og sulfat. Logikken skal då vere at veksten blir begrensa av det stoffet ein først går tom for. Er det fritt for nitrogen blir det ingen vekst uansett kor mykje sulfat ein har til råde.

I min "gipsa" 125liter går det ofte eit mørkt band av alger nede i grusen ved akvarieglaset. Ifølgje the sceptical aquarist er dette bakterier som livnærer seg av sulfid og fotosyntese i eit oksygenfattig miljø. Iallefall for denne algetypen burde sulfid vere den begrensande faktoren. Eg var også plaga med hydrogensulfid i eit 25 liters reke-akvarium, noko som for meg var uforståeleg, då det var lite foring. Generøs kalking med kalsiumsulfat kunne derimot ha forklart kvar alt sulfidet kom frå.

Dagens algeproblem i 125literen er derimot eit hardt grønt belegg på glaset, som må skrapast ofte. Det vanlege rådet er å ta hyppige vassskift, men dilemmaet mitt er at det må kalkes ved kvart vasskift. Akvariet er godt beplanta, det brukes akvariegjødsel og plantane ser ut til å trives, det same gjer fisken. Er det sannsynleg at algane på glaset utnytter "overgjødslinga" av sulfat, eller er det gode gamle nitrat som er den avgjerande faktoren?
Tilfeldig bekjentskap
© Lars Jamne
Reklame for plussmedlemskap