Ph mania, no går det heilt i spinn her.

Ja, no har eg testa meg både gul og blå, og grønn attpåtil! Eg slit med å få ned Ph i karet som det snart skal bu raude krystallreker i. Ph går opp igjen i løpet av eit døgn etter at eg tilset eikebarkekstrakt.
Eg har brukt JBL dråpetestsett 6,0-7,6 og 3-10 og Kh dråpetestsett i forbindelse med "forskinga" mi denne helga.
Amtra eikebarkekstrakt er brukt for å senke Ph.
Karet har stått til innkjøring i to veker.

Kaldt vatn frå krana:
Ph: ca 8,0 (kan godt være litt mindre eller litt meir)
Kh: 6

Romtemperert vatn frå karet:
Ph: ca 8,0 (kan godt være litt mindre eller litt meir)
Kh: 4

Ekstrakten blir tilført i karet ved å blande den ut i bittelitt kaldt kranvatn før det blir heldt oppi.

Eg veit ikkje heilt kor eg skal starte, fordi eg har gjort så mange testar og eksperiment no for å finne ut kva som får Ph'en til å gå opp igjen. Ingenting vart loggført, men resultata eg hugsar bør gi ein god pekepinn.

Karet er ein Aquabox med ca 5 liter vatn, sand frå Nissedal sandforedling og skiferstein eg fant bak huset. Det starta med at eg måtte bruka heile 14 dråpar eikebarkekstrakt for å få Ph ned på litt over 7. Etter eit døgn var ph tilbake på ca. kranvatn nivå. Eg mistenkte med ein gong steinane fordi eg har den same sanden i 100literen min utan problem.
Eg tok ut steinane og prøvde på nytt. Eg starta i same slengen eit lite eksperiment. Eg tok to koppar vatn med ein drope ekstrakt i kvar, og ein stein i den eine koppen.

Neste dag, etter at eg hadde prøvd ekstrakt for andre gong oppi karet hadde ph gått opp igjen til omtrent kranvatn nivå. Det var heller ingen forskjellar mellom dei to koppane med vatn og stein, sjølv no etter to døgn. Steinane kunne dermed utelukkast som syndaren.
Men det kunne vel ikkje være sanden? Eg har akkurat same sand (frå same sekk) i 100literen. Det skal seiast at 100literen min er på hybelen der vatnet er surare.

Eg starta eit nytt eksperiment. Eg fyllte opp ei mugge med kranvatn, ca. 2 liter. Eg tok oppi 3 dråpar ekstrakt. Då var ph på 7.
No, omtrent 13 timar seinare er ph på ca 7,5!

Det er altså vatnet i seg sjølv som er syndaren...
Men korleis går det ann? Eg senker ph med Amtra eikebarkekstrakt. Litt seinare er det som om ingenting har skjedd, som om det bare var kranvatn i mugga. Kva skal eg gjera for å finne ei løysing på dette? Eg kan vel ikkje ha krystallreker i såpass basisk vatn?

Det vart litt invikla dette, men det hadde vore sabla innteresangt å finne ut av denne gåta.
Har du testet Kh noe i disse forsøkene dine?
Om denne er tilnærmet upåvirket av syrene i eikebark-ekstrakten, trenger du rett å slett å tilføre mer av denne

Første problem er at du er begynt å påvirke vannverdiene i et kar som ikke er innkjørt. Dette i seg selv er problematisk da det er flere prosesser som ikke er kommet skikkelig i gang eennå.

Det å måle vann rett fra springen er heller ingen god måte å kjøre det på. Vannverkene benytter teknikker for å påvirke pH som ikke er konstante. Det vil si at effekten forsvinner når vannet har fått stått litt. Tapp vann i dag og mål i morgen er en bedre løsninge. Gjerne med litt sirkulasjon i vannet.

Eg gløymte å nevne det. Vatnet kjem rett frå bakken under huset her, så ingenting er "tilsatt" bortsett frå det som måtte finnast i berget her.


Eg får prøve å tilsette meir ekstrakt, men då bør eg kanskje vente ei veke eller to med dette?
Kunne også ha vore litt flinkare til å teste Kh... problemet er bare at eg ikkje har heilt greie på denne verdien. Eg veit bare at låg Kh gir meir ustabil og låg ph, men høg kh gir høg ph og meir stabil ph.
"høg" og "låg" kh har eg lite greie på kva er. :P
Og at eikebarkekstrakt skal kunne senke på kh og ph.

Syns bare det var så rart at det skulle så mykje til på såpass få liter vatn.
Med kH på 6 i kranvannet, Magnus, så vil du jo uansett slite med å få ned pH med noe annet enn Co2. kH-verdien er der, uansett, og buffer pH rett opp igjen.

Regnvann er et alternativ. Det er helt fritt for ph-hevende stoffer, og kan brukes til å spe ut kranvannet i det lille reke-karet.

Det kan hende det er for sent på sesongen til å samle regnvann, men jeg vet ikke hvordan været er der du bor i november? Her pleier det å regne hele november, men i år har det vært forbløffende tørt vær. En merkelig senhøst.
Nja, regn er det lite med no for tida, men snøen er vel rett rundt hjørnet. Kan eg bruke nysnø? Takk for tipset, iallefall!

Eg har hørt at Co2 ikkje er bra for rekene, men dette er kanskje feil? Viss ikkje så lagar eg ein sats med ein gong.
Eg lot heilt reint vatn stå over natta og no målte eg KH på 9! Den starta på 6. Går dette ann?
Det meste går ann
Dere har tydeligvis meget mineralholdig berggrunn under dere, som metter vannet med karbonater.

Jeg hadde nok vurdert ett RO-annlegg om det var jeg som sleit med slikt - eller malawi
Nei, fytti grisen. Eg brukar ikkje 2-3 tusen kroner på eit anlegg til nokon reker, altså. Då hentar eg heller nokre skarve liter vatn borti bygda ein gong i veka eller går over til kirsebærreker. :P

Eg får heller leike litt med tanken til sommaren når storkaret kjem heim. Eller selge fiskane og gå over til Malawi. Dei ser ganske innteresange ut!


Tusen takk for hjelpa iallefall. Kjekt å vita såpass om vatnet her.

Er vannverdiane mine slik at eg kan ha Malawi utan å tilsette noko som helst? Burde kanskje ha vore tatt opp i ein ana tråd, men...
Magnus Tjønn
Nei, fytti grisen. Eg brukar ikkje 2-3 tusen kroner på eit anlegg til nokon reker, altså.
Ditt valg, er forøvrig enig i at det kan bli litt overkill.
Men driter en penger, er det selvsagt en annen sak
Magnus Tjønn
Er vannverdiane mine slik at eg kan ha Malawi utan å tilsette noko som helst? Burde kanskje ha vore tatt opp i ein ana tråd, men...
Vet ikke hva Gh-en er i vannet ditt, denne må kanskje økes noe for malawienes del.
Men dette er både enkelt og billig (alabastergips er skittbillig)
Malawi i 5l kar? Det har eg tvil på. 5l er egentlig også ganske liten når det kommer til reker. Man sliter her ofte med ustabile vannparameter, som du ser sjølv. Men hvis karet er godt innkjørt, som betyr en god del slamm, masse planter og en, to røtter, kan egså 5l være stabil pga god "organisk bufferevne". Og når rekene trives kommer snart neste problemet og det er formering, hvis man var heldig og har begge kjønn. Til slutten ser man vel sjølv at 5l blir for liten og man går over til et større kar. Som et kortvarig eksperiment er 5l sikker gøy.

PH fra kranvatn har ingen betydning. Eg har sjølv borrevatn med KH 8 og seinare i akvariet (60 og 350l) kommer ph automatisk ned til ph 7,4 pga "organisk bufferevne". Optimal for CRS er 6,5 til 7,0. Eg bruker regnvatn, som fungerer helt supert og blande det til eg har KH 1-2. Og ph i akvariet er 7,0. Du kan bruke snø, hvis den er fri for giftstoffer selvfølgelig og det kan litt meir kritisk med snø enn med regn.

Ett annen alternativ er å kjøpe en dunk destillert vatn. Sånn har eg gjort det tidligare i Tyskland. Nå veit eg ikkje kor dyrt destillert vatn er i norge, men du trenger jo bare 3-5l. Kanskje det er verdt å vurdere det.

Eikeløvekstrakt vil eg ikkje anbefale. Bruk bedre en del røtter, løv og kongler (fra svart ur). Da har du en slik effekt også men "mykere".

Ikke gi opp! Det er verdt å investere litt arbeid og penger for å ha Røde Krystallreker.
Nå skal ikke jeg snakke på Magnus sine vegne, men jeg tviler på at han tenker å ha malawier i en 5L
Tanken om malawi fra min side, innebærer selvsagt ett kar med en mye mer anstendig størrelse
Malawi i 5L ja, er vell plass til eit par delfinciklider her? . Nei, planen var å gå over til malawi når 100literen kjem heim frå hybelen til sommaren. Antagelig blir dette med bare ein eller to artar viss det er nok plass, har ikkje studert så mykje på Malawi enda.
Gh er forøvrig 6 i krana så denne må opp litt. Takk for tipset om alabastergips.

Når det kjem til rekeboksen så hadde eg tenkt å starte med ca 4 stk, og yngelen er eg ganske sikker på at eg kan få solgt unna.
Når eg byttar vatn sørgar eg for at vannverdiane er så like som bare mogleg før eg byttar. Tar med eit par halvannenliterflasker vatn herfra i slutten av veka. Dette vatnet er litt meir medgjørleg.
Tilfeldig bekjentskap
© Marte Stensby
Reklame for plussmedlemskap