Litt høg ph, ta ut kalkstein?

Akvariet målte eg til 7,2 i ph i dag. Dette syns eg er for høgt, spesiellt for kuhliålen. Så vil gjerne ha den ned på 7, eller helst såvidt i underkant av 7. Det ligger ein stein inni som eg trur er kalkstein (meiner dei eg kjøpte akvariet av sa det), er denne med på å få høgare ph? Den har lagt inni med desse fiskane heile tida hos forrige eigar.
Vatnet i kranen har ein ph på 6,4, så er ikkje springvatnet som er skyldig i høg ph iallefall.
Det er også eit par røtter inni, kan desse påvirke at ph aukar? (men desse også har vore der heile tida før)

Alle andre verdiar ser greie ut, har riktignok ikkje fått målt nitrit enda. (måtte avgårde og kjøpe meg nitrit målesett då eg mangla det faktisk)
Kan skrive inn verdiane av dagens måling (dråpetestar):
Ph: 7,2
No3 : mellom 0 og 12,5mg/l (var nærmast 12,5, men bittelitt lysare i fargen)
Gh: 6
Kh: 3
Nh3/Nh+4 p.p.m: denne er eg litt usikker på, dette er vel ammoniak? Fekk målt til 0,25, med tabellen som fulgte med testen vart resultatet då 0.035p.p.m. Stemmer dette tru?
Temperatur: ca. 25 grader (ligger såvidt i underkant av 25 grader på morgonen, etter at lyset har stått på ei stund kjem den opp på 26 grader)

Det nye som er i akvariet er nokre plantar og litt finkorna sand ("At 200 neptun" står det på pakken, frå akvastabil. Er "light 1-2mm" visstnok).
Kalksteinen kan du ta ut for å senke pH siden kalk hever pH. Røttene som du har i akvariet senke heller pH enn å heve den.
Tilfeldig bekjentskap
© Lars Jamne
Reklame for plussmedlemskap