Ein ting som irriterer meg litt på akvaforum er når ein nybegynner spør om råd, og har ph litt høgare enn 7 får kommentar at haun ikkje bør ha sør-amerikaske tetraer.
Dette er ikkje mkorrekt. Det er vel in god del tetraer som krever surt vatn for å få fram yngel, men sjølv kardinaltetra kan greitt gå i ph på bortimot 8.
http://www.scielo.br/scielo.php?pid=S0044-59672008000400023&script=sci_arttextviser ein test for kardinaltetra sin følsomhet for transport i ulike ph verdier, og så lenge ph 7.
Til slutt discus. Viltfanga diskus bør ha spesielle forhold, men oppdrettsdiscus kan også gå i ph > 7. Stendker gir referansevedier. The main water parameters for our discus fish lie within the following tolerance range: hardness 0-30, carbonate hardness 0-25, pH value 4.0-8.3;
Dersom nokon på akvaforum hadde spurt om dei kunne ha discus i gh 25, kh 20 og ph 8, hadde det kommet ein del protester.
Det viktigaste er å ha liten variasjon, spesielt for følsomme arter som kardinaltetra og discus.