Kva type plater til akvariebord?

Eg har prøvd å lese det eg finner om artiklar og innlegg om dette, men får ikkje heilt svar på det eg lurar på føler eg.
Eg holder på å bygge eit akvariebord til 400l akvarie. No er eg kommen så langt at eg må begynne å tenke på innkjøp av ytterplatene. Faktisk tenkte eg å handle inn dette i morgon.
Eg vil ha plater som ikkje slår seg om dei blir fuktige eller temperaturen i rommet endrar seg. Platene må vere holdbare og rimelege i innkjøp. Eg har lest om at det blir brukt kryssfiner, mdf, panelplater og furuhobbyplater. Men føler det manglar litt på nedskrivne erfaringar om korleis desse platene faktisk oppførar seg over tid. Det står også lite om kva pris ein må rekne med og kor enkle dei er å sage til. Korleis dei trekker maling osv. Finnast det andre alternativ ein bør vurdere? Og er mdf mdf? Eller finnast det ulike typar mdf? Samme med kryssfiner, dei finnast vel i mange ulike tjukkelsar og typar?
Eg skal ha ei plate under akvariet som blir støtta av ei ramme i 2"4". Kva anbefalast her? Den vil jo vere spesiellt utsatt for vatnskader og stor tyngde.

I samme slengen har eg lest litt om maling, nordsjø ready er ein malingstype som blir anbefalt. Men kva anna type maling kan ein bruke når det skal vere så vatntett som mogleg OG helst ikkje stinke så huset luktar sterk maling i vekesvis etterpå. Eg tenkte å handle maling på Flûgger, men tvilar på at dei har nordsjø ready der... Gausdal Landhandleri er andre alternativet for malingskjøp, men dei har heller ikkje nordsjø maling der.

Håpar nokon har tid, lyst og mulighet til å svare litt for eg er frykteleg i tvil her no. Og vil gjerne vite kva eg skal spørre etter når eg skal handle i morgon. Kva material er forresten brukt i juwel møblane? Nokon som veit?
Bordene til juwel-akvairiene er bygd av det stoffet som tåler vann dårligst av alt, sponplater.
Jeg bygde selv et bord for ei tid siden, og brukte da himlingsplater jeg hadde liggende til front og sider. Ble ganske bra, og slapp dermed unna å male. Hjørnelister rundt gir fort et mye finere inntrykk om du går for plater, pluss at en ikke behøver være fullt så nøyaktig.

Var i alle fall sikker på at plata som skal ligge under akvariet er sterk og stiv nok. Brukte selv ei benkeplate til dette.
Golvspon är ju väldigt stivt och fint som bunnplate. Även tjockare slag av mdf. Smartpanel är fint och lätt att använda som veggplater. Dom brukar kosta runt 170-220kr pr plate som har målen 240*60cm. Jag har även användt våtrumsmembran på lokk,bottenplata och ytor som inte är behandlade från förr. Det är ganska dyrt men säkrar saker från att bli fukt skadade
Et alternativ er en slik finerplate som brukes til forskaling ved betongstøping, de er tykke, formstabile og vannfaste. Må kanskje slipes der du vil male den, eventuelt grunne med oljebasert heftgrunn.

Se om du finner MDF-plater. Disse benyttes i skapene til Akvastabil og tåler vann godt. Har flere selv og ingen problemer frem til nå.
Tusen takk for mange gode svar. Vart ikkje handla inn plater og slikt i går likevel då eg var veldig i tenkeboksen. Er det nokon som har prøvd å kle med trykkimprignert material? Eg laga ein benk til småkar (rommar 2 x 52l oppå og 2 x 40l under) i trykkimprignert terassebord og syns det vart ganske ok. No funderar eg på å kle inn benken til 400l med slike terassebord og også lage plata under sjølve akvariet av slike. Grunnen er at vi har masse terassebord liggande på gården og eg må visst tenke litt økonomi igjen...
Får ein kjøpt mdf plater i ulike størrelsar eller finnast det kun i slike veggplate størrelsar? Har igrunnen kun sett panelveggar i mdf. Er prisen samme som for veggplater?
Prisen på mdf er ganske stiv, oigmed disse er laget på et vis som i motsetning til annen kryssfiner ikke blir ødelagt av vann.
Trykkimpregnerte terrassebord burde fint kunne brukes til et sånt prosjekt
Tilfeldig bekjentskap
© -mette-
Reklame for plussmedlemskap