Då har eg vore på butikk og leita etter styrofoam. Han i butikken viste meg styropor og meinte det var samme sak...eg var uenig, men sidan eg ikkje var sikker så kasta eg blikket over på nokre stablar med finnfoam som stod like ved.
Ifølge butikkfyren så var finnfoam akkurat det samme som styropor, berre at den var skikkelig hardpressa.
No stoler eg ikkje 100% på butikkfyren, så eg tenkte å sjekke om nokon her inne veit om styrofoam og finnfoam er samme produkt?
På vartdal sine sider står det at finnfoam er Vartdal sitt produktnamn på xps.
Kopiert frå Vartdal sine heimesider ang. finnfoam:
"Ved produksjon av Finnfoam startar ein med å smelte polystyrenen og tilsetje han eit drivmiddel for at han skal skumme opp. Så vert polystyrenen under svært høgt trykk ”sprøyta” inn i eit lukka rom. Dette rommet, som eigentleg er starten på eit samleband, har ei bestemt høgde og breidde.
I den eine enden av ”rommet” vert det stadig sprøyta inn meir smelta polystyren. I den andre enden vert det trykt ut ei lang plate. Denne kan kuttast i ønskte lengder. Maskinen, eller innretninga, som står for produksjonen, vert kalla ein ekstruder. Av dette får vi namnet ekstrudert polystyren.
Det vert verken brukt CFC- eller HCFC-sambindingar ved framstillinga av markisolasjon. Hovudråstoffet polystyren er sliteplast, som kan smeltast og brukast som råstoff på nytt. Platene vert pakka mest mulig miljøvennleg.
Markisolasjon har svært lågt fuktopptak og vert levert i ulike hardleikar. Den mest selde, Finnfoam 250, vert brukt til dømes til markisolering rundt bustader. Den toler 90 KN pr. kvadratmeter i langtidslast. 90 KN tilsvarar litt over 9 tonn. Den kraftigaste plata vår er Finnfoam 700. Den toler 250 KN pr. kvadratmeter i langtidslast og heile 700 KN pr. kvadratmeter i korttidslast. Den vert brukt mest til telesikring av tyngre fundament med høg belastning. All vår markisolasjon er gul."
På platene eg kjøpte står det Finnfoam F1 300/50, går utifrå at eg då har kjøpt hardhet 300...?
Beklager masinga mi for tida, men er VELDIG klar for å begynne på bakgrunnen min no...