Hjelp til å få tak i maling til bakgrunn...?

No har eg tråla Lillehammer, og her er det tydeligvis ikkje mulig å få tak i maling til diy akvariebakgrunn.
Fekk tips om St. Hanshaugen i Oslo, men finner ikkje utav kva butikk dette er på nett...?
Er det nokon som kan hjelpe meg å få tak i maling til akvariebakgrunn? Tenker på å få tak i ein mørk grå, ein ganske lys grå og ein med litt raudleg sandfarge + evt. mørk grønn. (grønnfargen er ikkje viktig). Har satt full stopp i bakgrunn produksjonen sidan eg ikkje veit om eg får tak i maling. Lite vits i å legge ned mykje arbeid om eg uansett ikkje kjem i mål med prosjektet...*sukk*.

Adresse til evt. "nettbutikk" for maling hadde vore toppers om slikt finnast. Og gjerne alternativer til maling. Veit om Gjøco Poxydekk 1 og 2 + Jotun Topcoat. Har vel høyrt noko om lady acryl også, men er den sikker, då?
Lady er ikke sikker nei...

Forhandlere av Gjøco i Oppland finner du her.

Lykke til ;D
Då har eg fått god hjelp av butikk på Gjøvik. Han skulle sjekke opp litt med nokre malarar ang. alternative malinger på mandag. Men dei har inne Gjøco Poxydekk i nokre variantar, kunne bestille inn fleire. Imidlertid syns eg prisen var litt stiv... Ca. 300kr. pr. liter...jaiks. Og eg tenkte på å ha 3-4 ulike fargar. Blir 900 - 1200kr i kun maling, det! Og kor mykje rekker egentleg 1l maling til, tru? 3l kosta ca. 650kr...
Den poxydekk jeg brukte kunne blandes i de fargene jeg ville ha, og dette gjorde de i butikken. Og en liter holder til mange kvadrat. Husk å blande ut bare litt av gangen...
Ja, han på butikken sa den kunne blandast i dei fleste fargar. Men den basen dei hadde inne akkurat no kunne kun blandast i lyse fargar. Så visst eg ville ha mørke gråtonar, så måtte dei bestille inn base til det (noko som noramlt tar eit døgn). Dei hadde også inne ein gråtone som var litt lys.
Godt å høyre at den holder til store områder, då er det jo håp om å ha litt til overs til andre bakgrunnar av malinga etter 400literen.

Men kva med baksida av bakgrunnen? Skal den malast også? Evt. kan eg male den utan at det har noko å seie for festinga med silikon? Har liksom aldri klart å finne noko om kva folk flest gjer med baksida av bakgrunnane sine...
Har ikke gjordt noe som helst med baksiden på mine jeg ihvertfall...
Hmmm, då får eg kanskje berre prøve sjølv og sjå? Tenkte å male iallefall noko av baksida for å få det finare ved innsyn. (altså male den delen eg festar på glaset mot kortsida, slik at det kun blir eine langsida som evt. blir kvit)
Får krysse fingrar for at silikonen festar greit i epoxymalinga...
Tusen takk for gode svar, forresten!
Tilfeldig bekjentskap
© Yu-Chia Chang
Reklame for plussmedlemskap