Hei!
Eg har skifta ut den gamle silikonen med ny, og håper at akvariet er tett når det har tørka skikkeleg.
Eg sleit veldig med å få vekk den gamle silikonen, og på grunn av dette kom eg mellom glasplatene med omnskrapa og skada glaset. Det vart ikkje sprekker, men enden av glaset er skada nokre stader. Det kom ikkje glas i akvariet, som eg veit om i alle fall, og det einaste eg kan sjå som reslultat er nokre lyse felt nederst på nokre av glasplatene. Kan dette vera sånn som det er? Det er ei plastramme rundt alle kantane av akvariet.
Mvh,
Alf Magne