Bakgrunn er delt? what to do?
Postet 01.09.11 kl 21:01
Postet 01.09.11 kl 21:10
Postet 01.09.11 kl 21:45
Postet 01.09.11 kl 21:49
Bruk silikon ja men pass på at silikonen er av riktig type. Eg trur f.eks ikkje at våtromssilikon er særlig eigna.
Eitpar tips når du skal lime bakgrunnen på:
1) Pass på at du får pressa bakgrunnen heilt inn til glaset. På mitt akvarium førte silikonkanten i botn av akvariet til at eg ikkje fekk pressa bakgrunnen helt inn til glaset. Dette kan løysast ved å pusse/slipe/kappe bort litt av nederste rand på bakgrunnen.
2)Dersom du har innebygd filterkasse må du passe på at du får montert "filterdysa" (røyret frå uttaket av filteret som leiar vatn ut att i akvariet) skikkelig, altså at ikkje bakrunnen er i vegen. Hjå meg var det berre så vidt eg fekk satt på filterdysa uten å kappe til bakgrunnen (som allereie var limt fast!). Press bakgrunnen mot glaset på akvariet og sjekk at filterdysa får plass. Om dysa ikkje passer så må du skjære eit lite hakk i bakgrunnen. Dette hakket vil uansett ikkje visast då filterdysa dekker det.
3) Dei to bakgrunnsdelene kan ha ulik tjukkelse. Dei vil dermed bli eit tydelig skille dersom du presser dei inntil bakruta. Sjekk dette ut på førehand. Eg er usikker på om eg valde riktig løysing men eg smurte berre meir silikon på den tynnaste bakgrunnen og fekk dermed same tjukkelse på begge bakgrunnsdelene.
4) Dei to bakgrunnsdelene KAN ha "stygg finish" på sidene. Dette er gjort for at dei lettare skal kunne limes saman (litt som bordpanel som skal passe saman på veggen). Dette ser ikkje så bra ut når du ser akvariet frå sida. Du kan enten fjerne finishen eller som eg gjorde, legge svart elektrikar-tape langs bakre del av sideruta (på utsida!). Om du fjerner finishen blir jo begge bakgrunnsdelane litt smalare og vil dermed kanskje ikkje dekke heile bakruta.
Det finns sikkert andre løysingar til overnemnde problem men eg er i allefall rimelig nøgd med det eg gjorde.

Postet 02.09.11 kl 11:22
Postet 03.09.11 kl 15:20