Fullstendig nedsmelting av cryptocoryner

På søndag lurte eg på kva eg skulle finne på med kara no. Eg har ikkje plass til fleire, og eg er ferdigjobba med alle og veldig fornøgd med dei både med tanke på aquascaping, plantesamansetnad og fiskesamansetjing.

Som regel når ein er fornøgd med Paradiset sitt, lurer det ein orm ein stad.

I dag oppdaga eg at absolutt alle cryptocorynene i sumatrakaret mitt er i ferd med å smelte ned. Er ikkje få eg har i dette karet då cryptocoryner er nøkkelart i slike biotopar:

1 stk Cryptocoryne wendtii "green"
2 stk Cryptocoryne willisii
2 stk Cryptocoryne wendtii "Tropica"
1 stk Cryptocoryne cordata "blassii"
1 stk Cryptocoryne crispatula "balansea"

Elles har eg nokre små javabregner og litt mose i karet.

Så kvifor skjedde dette?

Eg har hatt litt problemer med trådalger sidan oppstart i sommar, og har derfor brukt minimalt med flytande gjødning i karet. Har i staden satsa på gjødselkuler og -tablettar, noko som også er påkrevd når ein har cryptocoryner i karet då dei føretrekk å ta opp næring gjennom røtene. Javabregne, mose og salvilina klarer seg godt utan. I tillegg har eg ikkje skifta vatn oftare enn kvar andre veke då eg fann ut at karet trivst best med det. Tysdag gjorde eg altså den store feilen å tilsetje 2ml Floreal og 2 ml Ferreal i forbindelse med vatnskifte. Dette var nok til å trigge total nedsmelting på plantar som har tålt grov beskjæring og fleire flyttingar.

Eg har sett at nokon påstår at grunnen til nedsmelting er vanskeleg å forklare, men det er i grunnen ganske enkelt. Cryptocoryner reagerer på endringar i livsvilkåra ved å starte heilt på nytt, det vil seie at dei fører næringa frå blada tilbake til rotsystem for å produsere nye blad som er betre tilpassa. Endringar som kan trigge nedsmelting er flytting, kalde føter, PH-endring, tilsetjing av CO2, endring i lysforhold, gjødsling (for eksempel auke i fiskebestanden), nedklipping av større blad og forandring i vatntemperatur. Ein bør difor passe på å halde forholda så jamne som mogleg, men det som er positivt er at dei nye blada som veks opp tåler meir og utviklar på ein måte resistens.

No er det berre å la blada døy vekk og suge opp det råtnande materialet. Og deretter vente på at karet skal gro tilbake til si noverande planteprakt. Eg reknar med minst tre månader, muligens fem-seks før det er like etablert som no. Men på ein måte er eg faktisk glad det skjedde, både på grunn av erfaringa og ikkje minst fordi eg er ute etter eit autentisk naturleg preg på dette karet.
Kan og spesifisere grunne til at overgjødsling i vatnet ikkje er bra for cryptocoryner: Dei tek opp ammonium frå vatnet, og er svært spesielle på denne måten i forhold til andre plantar. Høge konsentrasjonar av nitrat i forhold til normalt er rett og slett giftige for planta, og drep bladverket. Dette er hovudårsaka til nedsmelting. Det anbefalast difor å ikkje setje inn cryptocoryner i nyetablerte kar, men vente til nitrifikasjonsprosessen er etablert. Å setje i mange nye fisk er heller ikkje heldig.
Tilfeldig bekjentskap
© Lisa S
Reklame for plussmedlemskap