Mulig Taiwan-biotop for kirsebærreker

Noen som vet hvordan det ser ut der hvor kirsebærrekene har sitt opphav? Har søkt en del på nett uten å finne noe. Antar det er en del mose, siden Kirsebærrekene liker det. Noe mer??
Skal ikkje uttale meg skråsikkert om noko. Mi erfaring og kunskap rundt asiatiske biotopar er ei salig blanding av fakta og egne konklusjonar basert på desse faktaopplysningane.

Store delar av dei asiatiske biotopane er oversvømte område; skogområde, rismarker etc. Slike biotopar vil då ofte ha farga vatn på grunn av rotnande planter, og vil ha mykje røter og greiner. På desse røtene vil det som oftast utvikle seg ein form for mose, og det er mykje der rekene held seg, som du sjølv seier. I tillegg er desse biotopane ofte dunkle på grunn av overhengande greiner frå tre og buskar samt flyteplanter.

Sjølv ville eg sett saman denne biotopen som så mange andre her på forumet har gjort (ta ein kikk på medlemsakvaria), hovudsakeleg me røter og
javamose. Ein eller fleire små cryptocoryneartar kan sprite opp biotopen litt, saman med ei meir grasliknande plante, eller ein bambus art. Om du vel å gå for flyteplanter vert det nok såpass lite ljos at gras og bambus bør utelukkas. Som flyteplanter ville eg valt ceratopteris cornuta eller riccia, fritt val.

Lukke til!
Tilfeldig bekjentskap
© Haakon Haagensen
Reklame for plussmedlemskap