Tenkte bruka ein del forsteina tre som bakgrunn på eit nytt 530 l kar i mars. Ser t.dd at Håvard har brukt dette. Eg tok med ein del stein frå Kenya, men finn lite og dyrt utval av slikt her i Stavanger-området. I tillegg er litt for lite brunt i dei steinane eg har sett. Er det nokon som veit kor eg kan finna godt utval av slik stein her i Norge eller Danmark/Sverige?