Problematisk med halv innvendig bakgrunn?

Det har ramla ein tanke nedi hovudet mitt i kveld som eg gjerne vil lufte for å høyre om det er mulig eller ikkje.
Tanken er å lage ein bakgrunn i isopor som går rundt halvvegs opp på akvarieveggen. Der skrår/bølgar den seg inn mot akvarieveggen. Så har eg ein blå bakgrunn på utsida som blir lysare blå oppover for å illustrere lysare vatn jo nærmare overflata ein kjem. Inni hovudet mitt ser dette veldig bra ut, men går dette å lage? Er det større sjanse for å mislykkast med bakgrunnen når den ikkje går heilt opp? Tenker på vatn som trekker inn på baksida osv.
Eit tankespinn vidare er muligheten for å lage små modular i isopor og bruke dette sammen med stein og trerøtter + sjølvsagt plantar. Så svart eller mørk blå bakgrunn på utsida. Tanken min er at eg gjerne vil ha noko 3d på bakveggen både for fiskane og det reint visuelle sin del.

Kva trur dere? Kan dette fungere eller er det haker her som eg ikkje ser? Eg har ikkje sette nokon gjere dette før, nemleg, så då får eg ein følelse av at det er ei hake ein stad. Det mest praktiske for min del er å lage mindre modular, sidan det er 2stk toppstag oppe på akvariet. Sidan det også er innebygd filter så tenkte eg på muligheten for å skjule filteret med ein "bergmodul" som så skrår nedover. Isåfall må eg sette inn ein form for innsugingsrist for å få sirkulasjon inn til filteret og lage hull for utblåsing.
Dette er tanken/tankane eg har fundert, blir veldig glad for tilbakemeldingar. Det boblar liksom med idèar og tankar her no, men tørr ikkje å begynne utan at det er mulighetar for at eg lykkast. Er prosjektet dødsdømt frå starten så får eg tenke ut noko anna.

Vi har forresten nokre isoporplater liggande som skulle brukast til å isolere eit rom. Er desse giftfrie? Eg har lest at det finnast ulike typar isopor, men eg aner ikkje kva type dei vi har er. Kan kikke på dei seinare om det står noko på. Trur dei er ca. 5cm breie og kanskje rundt 50 x 120cm store, sånn tatt på augemål.

No skal ikke e påstå å ha greie på sånt, for e har vel omtrent like mye erfaring som du har med sånt. Men e liker ideen din, og den er ganske orginal i forhold til det meste e har sett av sånne prosjekt. Men ver obs. på att det er mye arbeid og griseri som følger med et slikt prosjekt.

Her er noen artikler om andre tilsvarende prosjekt, som du kan lære litt og la deg inspireres av..

Lykke til!


Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap