Hva kan apistogramma agassizii yngelen ha spist?

Dette er ikkje eit spørsmål om korleis eg bør fore opp ciklideyngel. Sjølv om eg er ganske fersk i avariehobbyen så har eg sett ganske mange innlegg om artemia. Eg lurer derimot på korleis regnbueciklideyngelen min kan ha overlevd i eit biotopkar nesten utan å få yngelmat i det heile tatt. OK, yngelen er ikkje heilt voksen enno, men ettersom den no er 3 cm lang, begynner å farge litt ut, og spiser små ciklidegranulat bør det vere håp.

Litt bakgrunn: Eg har eit 450 liters kar med 4 skalarer, 2 flaggciklider, 3 mallepar i varierende størrelse, ein tetrastim og eit par med VF regnbueciklider. Mange røtter, surt vatn, ph 5.5. For omtrent ein og ein halv månade sidan var karet nokså urolig fordi to av skalarene danna eit leikspar, og prøvde å jage alt i karet over på motsatt side. Det lyktes paret stort sett med, men regnbueciklidene holdt stand. Skalareyngelen forsvant fort, men to uker seinare oppdaga eg ein håndfull med 1.5 cm lange yngel med tverrststripe som foreldrene pasa godt på. God og rund var den også. Regnbueciklideyngelen hadde faktisk overlevd 1-2 uker frittsvømmende uten å ha fått for.

Har ikkje planer om oppdrett og å fange så små yngel i eit 400 liters kar var ganske håplaust, men dei neste 14 dagene sendte eg nlikevel ed litt liquifry 2 og frossen artemia på botnen av karet morgon og kveld. Foreldrene var hissige nok til å jage unna all annan fisk i alle fall på dagtid, men yngelen må ha spist annan mat også i den perioden. Dei siste 14 dagene har yngelen greidd å spise granulat og små biter av mygglarver, samt å vaske sand.

I dei siste dagane har hannen har begynt å jage yngelen ut av reviret. Har greidd å fange 3 i fiskefelle og overført til eit anna kar, men eg har talt 4 som er igjen. Med andre ord minimum 7 yngel har greidd å bli ungfisk hovudsakleg ved å spise kva det enn er som finst på botnen + oppbløtt voksenfiskfor, i eit kar med skalarer. Eg er ganske imponert.

Yngel kan ofte klare seg med biofilmen(bakterier og andre encellede organismer) som finnes på allt av overflater i et etablert akvarie. Spesielt dersom det er litt godt beplantet og har mudder/råtnende plantedeler osv. Har akvariet i tillegg en bra størrelse i forhold til hva de "må" ha, ligger forholdene godt til rette.

Etterhvert vil yngelen bli for store til at dette er nok.

Ofte dør yngel fordi vannkvaliteten blir dårlig grunnet overforing. Vil tro de vokser endel senere på kun biofilm og annet de finner i karet, men sammtidig er risikoen for overforing fraværende. Når du begynner å fore, må du også huske å øke hyppigheten av vannbytter.
Prøver å bytte 20 % av vatnet to gonger i veka. Ellers så bruker eg minimalt med yngelfor no. Yngelen er stor nok og glupsk nok til å spise voksenfor, dvs dvergciklidegranulat, mygglarver, og litt tilskudd av frossen artemia. Den greier også å bite litt av malletablettene. Eter ikkje flakfor, men det liker ikkje den voksne fisken heller.

Tilfeldig bekjentskap
© Janne Ekström
Reklame for plussmedlemskap