Har ein liten gjeng betta picta som går i eit kar på 128 liter. I dag, under foring, la eg merke til at ein av dei såg litt rar ut. Ved nærare ettersyn viste det seg at både kjeften og delar av kjøtet rundt auget var borte!!! Såg nesten ut som den var vorten eten på. Gjelleloket på eine sida var og delvis borte, då på den sida som augehola var angripen. Ellers var den litt raud i dei angripne områda, men ikkje veldig merkbart. Den var tydeleg svekka då det var null problem å ta den ut, noko picta normalt ikkje er.
Eg har avliva stakkaren no, men kunne likevel vore informativt å vita kva som har skjedd med den, kva var grunnen og kva skal eg gjera for å hindre at det hender att? Er det smittsamt? Ingen av dei andre fiskane såg ut til å vera angripne; alle såg heilt fine og normale ut. Håpar ikkje det spreier seg, då det var hjarteskjerande å sjå stakkaren prøva så goft den kunne å få i seg mat, noko som vart vanskeleg då kjeften berre var eit hol...
Kan noko hjelpe meg, sidan eg har vore i sjukdomsbasen utan hell...