Heisann!
Ville eigentleg berre fortelje litt om mine erfaringar og sprite opp nybyrjarane litt med å fortelje litt om kor lite som skal til nokre gonger.
I min 128L Går det X antal fisk av forskjellig art: Betta, parotocinclus, SAE, kuhlii, Goby, ancistrus. Karet har alltid vore relativt godt beplanta. Stort sett såg eg aldri noko til verken kuhliiane, ancistrusen, parotocinclusane og fekk nokre sjeldne glimt av bettane, og dei er store!
Måtte regelmessig ta oppteljing ved foring på kvelden for å sjå at alle var der.
Så, for ein snau månad sidan hadde eg oppi 5 små cryptocoryner, og då snakkar me om at dei ikkje dekte meir enn radiusen til eit stort kaffekrus. Etter dette har karet mitt vore reine sirkuset! Absolutt all fisk er framme og vimar rundt i karet til alle døgnets tider, bettane et ut av handa mi og til og med parotocinclusane tøffar rundt på botnen (av og til med gobyen i hælane...).
Nesten litt rart! Så lite skulle det altså til; litt ekstra planter, som i utgangspunktet ikkje gjorde så mykje av seg at ein merka at det hadde kome ny planter i ei gong.
Berre ein liten oppkvikkar til alle dei som ikkje opplever akvariumhald som det fantastiske fiskelivet dei hadde sett for seg, eller som føler at det alltid skal så mykje jobb eller pengar til for å få ting i orden. Og sist men ikkje minst; eit lite slag for plantene!