Tvekjønnethet hos snegler

Har sett at det har vore ein del diskusjon om kor vidt div snegler er tvekjønna, og fant ut eg skulle slå det opp i zoologiboka mi (da eg er biologistudent , og fant etter div googling og lesing at eplesnegler tilhører underklassen prosobranchia, klasse gastropoda, der dei fleste medlemmene har separate kjønn. Klassen inneheld for det meste marine snegler, men eplesnegler er tydligvis eit av unntaka. Dei er klassifisert i den klassen fordi dei har både gjeller og lunger. Så det ser ut som det stemmer at dei ikkje er tvekjønna. Men det er dei fleste andre ferskvatnsnegler, hovuddelen av ferskvatnsnegler er i underklasse pulmonates (med lunger), og der er alle medl tvekjønna. Men sjølv om dei er tvekjønna er det ikkje vanlig med sjølvbefrukting... Så, berre ei lita oppklaring! Viss det er noken andre som har betre kjennskap til dette føl doke fri til å motsei meg!
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap