Tomme tigersnegleskall...

No har eg oppdaga det andre tomme tigersnegleskallet i akvariet og eg lurar på kva som skjer? Kvifor dør tigersneglane og evt. kven eter dei? (eller berre dør dei og råtnar? Har ikkje lukta vondt i akvariet...)
Akvariet er eit 180l kar med guramier, ancistrus, amanoreker, kuhliål og diverse sneglar. (4stk sulawesi sneglar, x-antall eplesneglar, ein del posthornsneglar, litt pestsneglar og x-antal sandsneglar) Det er ikkje planen å ha alle desse samla heile tida, men akkurat no måtte det vere slik. Guramiene skal flyttast etterkvart og eg hadde planar for å dele opp sneglane. Sulawesi sneglane burde egentleg gå i eige kar sidan dei helst skal ha litt andre verdiar enn resten.

Men uansett, eg hadde 4 tigersneglar oppi akvariet, no er altså det to tomme skall. Kan guramiene ha plaga dei for mykje? Eg har sett at dei "smattar" på særleg eplesneglane i ny og ne. Kan det vere vatnverdiane som ikkje passar? For mykje andre typar sneglar? Håpar på at dei andre to skal klare seg. Den eine tigersneglen var i akvariet når eg kjøpte det, så den har jo levd ei stund alt. Dei 3 andre kjøpte eg for eit par veker sidan. Håpar nokon kan komme med råd og tips. Kom gjerne med råd om dei sneglane eg alt har også. Eg prøvar å lese meg til ein del, men gode råd blir ein aldri lei av!

[External Image]

[External Image]
Det som er så dumt når man kjøper disse sneglene så er de allerede godt voksne....og da lever de ikke lenge. Vi halverer levetiden deres ved å ha de i akvarium og når de da blir kjøpt voksne i dyrebutikk så kanskje de lever max et år og kanskje mindre. Jeg har selv opplevd akkurat dette at de dør etter kort stund mens andre jeg har hatt har holdt ut noen månder. Det kommer også an på hvor sterk/svake de er. Det lønner seg aldri å kjøpe voksne snegler for da har du de veldig kort tid..men disse får man kjøpt bare som voksne så da er det litt vanskelig. Du har nok vært litt uheldig med dine og hvis du sier du ikke har de rette verdiene de skulle ha hatt så kan nok det ha påvirket det også. Tror ikke det er at de blir nappet på for de viser veldig lite av kroppen sin. Disse er veldig flinke algespisere så det er viktig at de får nok mat. Jeg har kjøpt veldig mange tiger og sebra snegler de siste årene og noen har dødd med en gang mens andre har jeg hatt i flere månder. Åkjøpe disse er som å splle bingo...
Tusen takk for svar!
Då får eg berre finne meg i at det nok er alderdommen som har tatt dei...akk, ja...
For tigersneglane skal verdiane vere ok. Eg har ph 7, temperatur 26-27 (varierar litt når lyset er på og av) men ikkje sjekka hardheten i det siste. Har mineralstein i karet, så det burde vere ok for tigersneglen. Men for sulawesisneglen er vel ph litt lav og eg reknar med at hardheten ikkje er meir enn den trenger å vere. Men p.g.a kuhliålane, ancistrusane og guramiene så tørr eg ikkje å forandre på noko før dei har flytta ut. (har ein kalkstein som skal oppi når fiskane flyttar ut)
Men det går greit med eplesnegle, posthornsnegle, sulawesisnegle og tigersnegle sammen? Ingen som mobbar på kvarandre for mykje?
Er det forresten eit dårleg teikn når sneglane ligger halvvegs inni huset sitt, iro over lengre tid? Eit par av dei største eplesneglane har lagt ein del slik i det siste. Ikkje ordentleg ute, ikkje ordentleg inni, men med antenner/følehorn heilt innkrølla. Syns dei ser triste ut når dei ligger slik. Dei sneglane veit eg at er minst 1år, då dei fulgte med akvariet. Men om dei var kjøpt voksne veit eg dessverre ikkje, er iallefall bra store.
Hei ja alle kan gå sammen ingen problem det. Når de er voksne og begynner å legge seg på ryggen så kan det være for å ta en hvileperiode men da vil den kvikne til igjen etter alt fra en uke til 3-4. Hvis den er gammel og utslitt så legger den seg ned for å dø...da ligger den sånn til den dør. Så da får du bare passe på å sjekke at den lever ved å dra i døra eller pirke på den for å se om de reagerer. Det er trist når de legger seg sånn for å dø syns jeg for det er så unødvendig ...kan den ikke dø med en gang liksom, for syns så synd i de når de ligger slik for du vet liksom ikke om den våkner til igjen eller om den legger inn årene.
Igjen, tusen takk for svar!
Sneglane har kvikna til igjen kvar gong så langt, så då håpar eg dei lever lenge enda. No har eg jo masse eplesnegleyngel også, så då har eg iallefall arvtagarar etterkvart om ikkje anna. Men er alltid nervepirrande når dei ligger slik, eg må liksom sjekke dei fleire gongar dagleg for å sjå om dei har flytta seg eller endra stilling.
Tilfeldig bekjentskap
© Janne Ekström
Reklame for plussmedlemskap