Oppdaga nettopp ein liten Tylomelania sp. Yellow babysnegle i akvariet! Har jo håpa på at dei skulle formeire seg, men trudde det var for tidleg enda sidan det ikkje er såååå lenge sidan eg kjøpte 4stk. Ikkje visste eg om det var ein av kvart kjønn der heller, men tydelegvis er det visst det! Den er ca. 1cm + stor så er nok ikkje akkurat nyfødt. Men er så godt beplanta i akvariet at det ikkje er lett å få auge på den.
Nokon som veit litt om denne sneglen? Kor lang tid går det vanlegvis mellom kvart egg, og legger dei kun eit om gongen? Evt. kvar bør eg sjå for å sjekke etter egg?
Åh, det er så spennande med desse sneglane, for Tylomelania sp. er ein så utruleg vakker snegle som eg gjerne vil ha fleire av. Trur eg må vurdere enda eit akvarie snart, gitt...
Er det noko eg bør tenke på til denne lille tassen? Har catappa blader i akvariet. Ligger mineralstein der inne, og fòrar med fiskefòr + rekefòr (er ein del andre bebuarar inni 180l også...). Legger periodevis inn agurk, som er kjempepopulært! Har prøvd squash, men det var ingen interessert i. Erter har eg også prøvd, med samme nedslåande resultat. Så går i agurk her.