Eg har 2stk viftereker i min 120l sammen med eplesneglar og 7 vinkeltetra.
No har eg imidlertid planar for å flytte vinkeltetraene og sette inn ny fisk i 120l. Det eg lurar på då er om f.eks chiklider vil angripe mine viftereker?
Vifterekene mine er eg absolutt ikkje interessert i å sette i fare på noko vis, så lurar difor på om det er nokon type fisk som kan angripe og skade eller drepe dei? Altså, kva bør eg styre klar av i valg av fisk?
Eg har vurdert å sette inn eit chiklide par eller gurami par (perlegurami eller liknande), har lyst på fisk av litt størrelse. Men sidan akvariet kun er 120l så er det jo litt begrensingar.
Dette vart litt rotete skrive, så eg oppsummerar til slutt; Har dere tips om fisk med litt størrelse som eg kan sette i 120l og som garantert lar mine Atya gabonensis reker være i fred? Rekene er rundt 7-8cm lange og kraftige pr. i dag. Dei skal vel bli rundt 15cm som voksne, trur eg.