Miniskop's blaute tråd. :o)

Har lenge vore i dus på om eg skulle gadda å oppretta min eigen akva-tråd, då eg kun har hatt eit par som eg har stusla med i ny og ne (og pga at det akvariummet som det faktisk er ein god del aktivitet i, ikkje høyrer heima på dette forumet her). Dog har ting forandra seg, då eg akkurat har sendt ein forespørsel om pristilbud til webzoo om 240L kar med bord og armatur, passandes utvendig pumpe og BTN slimline bakgrunn, så då er det vel på tide med ein eigen tråd. :o)

Har gått litt fram og tilbake på om eg skulle kjøpa 240 liter eller 325 liter som mitt neste kar. Mitt noverandes største kar er på 125 liter, så eg følte egentleg at overgangen frå 125 til 240 liter ikkje vart så veldig stor, men samtidig har eg ein mistanke om at eit på 325 liter hadde blitt litt for stort ( ikkje nødvendigvis for meg, men kanskje meir for mi "eg-vil-ikkje-ha-fleire-akvarium-i-huset-mor". :o)

Lett skal det ikkje vera, men då falt endeleg valget valget på 240 liter, så no set eg og refresh'ar mail-innboksen min i eitt sett - men kjappe kan eg vel kanskje ikkje venta at webzoo er.. :o)
Det ser dårleg ut for at webzoo er interressert i å selga meg eit akvarium, for har ikkje fått noko svar på mailen endå.. :o)

Uansett, så har eg byrja å kika litt på forskjellige akvarie-mål, i forhold til liter. Ser at 250 L varierar frå 100-120 cm på lengda (alt etter merket, sjølvsagt), og at nokre 325 L også er ca 120 cm lange. Til mitt formål bør akvariumet helst ha størst mogleg grunnflate, då det helst er den som vil bli brukt. Ein kjapp leite-runde seier meg då at Juwel Rio (250) er det luraste å gå for, iom at det er 120 cm langt (som altså er den største lengda eg har sett på 250). Nokon som har formeiningar om andre akvarium som prioriterar grunnflata? Har vel helst kun sett på juwel og akvastabil, så eg kan vel ikkje skryta på meg at eg har leita så alt for hardt... :o)

Ellers har eg også blitt veldig usikker på om eg skal gå for 250 L, i stadenfor 325 L... Noko seier meg at eg fort kjem til å bli sugen på endå større akvarium igjen, berre kort tid etter at 250 evt er i hus, så kanskje eg berre skal "køyra på" med ein gong...?


Aff - vik fra meg, litersykja... :o)
Då var Juwel Rio 240 m/bord og full pakke bestilt frå webzoo, så no lenar me oss spent tilbake og ventar. Webzoo skulle ringa meg i morgon for nærmare avtale, så dette håpar eg går greit.

Ellers så ser eg at eg har fått pestsneglar i 65-literen min - og eg som trudde eg hadde vore flink til å skylla planter o.l før eg hadde det oppi. Jaja, det gjer meg egentleg ikkje noko, for desse var jo nesten pene. :o) Skal prøva å få ta eit bilete, men dei var så små, så det spørst om kameraet mitt er samarbeidsvillig.
Og så er eg forresten forferdeleg spent på om det kjem guppy-bebissar snart, eller ikkje.. Har ei frøken som har gått høggravid alder så leinge, men i løpet av dei siste dagane har den svarte flekken bake ved buken blitt raud-aktig, så er det fare- eller bebissar på ferde? Ho er fortsatt like rund, og merkar ingen forskjell på oppførsel eller apetitt, så håpar at alt er bra med ho.
Då er det vel på tide å legga inn dei første bileta i tråden.

Har vore i Stavanger i helga, og der var det mykje rart å sjå omkring i akvarie-delane, må ein sei. Men likevel så klarte eg å få med meg litt rusk og rask heim... F.eks litt planter, rot med uidentifisert plante på, eit par guppyar, ein stor eplesnegl og ein kjempe-eplesnegl, osv.

Ellers så såg eg at 125-literen min var byrja å få litt alger i forrige veke, men skuffelsen var uansett stor når eg kom heim i kveld, og såg korleis det var blitt i løpet av helga. Stikkordet er "brunt". Rett og slett. Brunt lag med alger og skitt over alt, vatnet har blitt gusje-gult/brunt, og det var eit par kvite, små makkar på glasset. Fysjom! Kva gjer eg så for å få det i stand igjen? Og kva skuldast denne alge-eksplosjonen? For lite filter (fluval 3+)?

Ellers frykar eg også at algene skal bryta ut i 65'en, då eg ser at det allerede har dukka opp litt på frontglasset. :o(

Bilde 1: uidentifisert plante på rot. Javabregne?
Bilde 2: den nye eplesneglen, med ein mindre ved siden av. Her ser du også at det er byrja å koma ein del alger i 65'en. Usj.
Bilde 3: kjempe-eplesneglen.
Bilde 1: dette biletet seier vel litt om korleis 125'en ser ut no... :o(
Bilde 2: min "rosa" eplesnegl
Bilde 3: den nye eplesneglen igjen
Miniskop
[B]Bilde 1:[/B] uidentifisert plante på rot. Javabregne?


Ja, en javabregne
Åh, sjå der ja. Då var det oppklart. Takkar og geitebukkar! :o)

Men er det nokon som har tips til kva eg kan gjera med alge- og makka-tanken? Fysjom, så det ser ut! Og er det forresten trygt for bebuarane å vera oppi der når det er så gale, eller bør eg kanskje ta dei over i ein annan tank?
I dag er det observert 3 guppy-yngel i det eine karet! Dette er sikkert daglegdags for andre, men stor stas for meg, ettersom det er første gong!! :o)

Som nokon kanskje har fått med seg, mottok eg eit juwel rio 240 forrige veke. Dette har desverre ikkje kome leinger enn til garasjen foreløbig, då eg ikkje har fått tak i rådasand endå. Har klare planar om kva eg vil med dette karet, og kjenner eg meg sjølv rett, hadde det blitt noko heilt anna dersom eg hadde tatt det inn - berre for å få det opp å gå fortast muleg! :o) Dog er Tropefisk min venn, så både bakgrunn og rådasand er på veg i dette tidspunkt. Håpar berre at jule-posten er på mi side også, så får me sjå om eg tek det inn i morgon!


Har bestemt meg for å skifta bakgrunn i 125 literen også (har p.d.d "billig-bakgrunnen" frå tropefisk) medan eg først er i gong, då eg oppdaga her ein dag at det absolutt ikkje er noko vakkert syn bak bakgrunnen - fysjom! Og sjølvsagt oppdaga eg først etter at eg hadde gjennomført bestillingen, at eg hadde kjøpt dobbelt opp. Så då får eg altså nok BTN slimline til to 125L kar - og slikt kan gjera skumle ting med eit lite hode, då eg allerede er byrja å drøyma om ein 2x125 reol. *sukk*


125-literen skal forøvrig gjerast om til "guppy-paradis" der 50 Blue neon guppy skal flytta inn, så fort 240'en er oppe og går.

Noko seier meg at dette kjem til å bli ei travel juletid....:o)

God jul, alle saman! :o)
Miniskop
Åh, sjå der ja. Då var det oppklart. Takkar og geitebukkar! :o) Men er det nokon som har tips til kva eg kan gjera med alge- og makka-tanken? Fysjom, så det ser ut! Og er det forresten trygt for bebuarane å vera oppi der når det er så gale, eller bør eg kanskje ta dei over i ein annan tank?


Hvor lenge står lyset ditt på?
Tilfeldig bekjentskap
© Marius Solberg
Reklame for plussmedlemskap