Eventyret (side 5)

Plussmedlem
Liv Skamsar
No måtte eg på googlemaps for å sjå kor Frøya var. Gudbetre-du bur jo meir avsides enn meg kan det virka som. Det hadde eg aldri trudd eg skulle seie! Eg prøvde å komma meg til Frøya med reisebeskrivelse på google maps-og det var jo ikkje mogleg eingong. Eller så var det den der ikkje-tekniske kompetansen som slo til igjen. Ein av to :) Uansett tenkjer eg at det blir i lengste laget å køyra både for meg og fiskane, og muligens og for min kjære eldgamle rustholk av ein subaru. Men om eg nokongong finn meg sjølv i området, tek eg deg på ordet. Flotte pønkarfisken ;)


Hehehe. Jeg forventa liksom ikke at du skulle kjøre hit ens ærend for noen fiskepinner. Men det er mulig å sende fisk også. Jeg bare nevner det.

Hvorvidt det er avsides avhenger av øyet som ser, men du kommer ikke særlig mye lenger ut i havgapet her på Trøndelagskysten nei.
Liv Skamsar
Men ingen gullfisk denna gongen ;)


sa kjerringa den gong. Så vart eg fiskebestemor!

Gullfiskane som forlot meg i vår har blitt foreldre. Så når eg fekk spørsmål om eg kunne overta(berge) eit par yngel fra glupske gullfiskmunnar fram til sommaren att, så var det ikkje nei i min munn.

No bur det tre søte små gullfiskyngel i 90 literen -midlertidig! Til sommaren er dei forhåpentligvis store og sterke nok til hagedam-livet.

Og sjølv om dei no er berga frå å bli etne, så må eg ete i meg orda fra forrige innlegg. Det smakar litt bittersøtt må eg innrømma. Bittert fordi det igjen beviser at eg ikkje kan bestemme meg for noko og stå for det. Søtt fordi herremidas kor søte gullfisk-(SL)yngelen er, og kor deilig det føltest å ha gullfisk i hus om enn berre for ein liten periode! Skal bli moro å sjå utviklinga. Enn så lenge er det to små nydelige sølv og ein nesten gjennomsiktig med raudskjær.
Alt har vore fred og ro og velstand i dei tre kara mine. Ingenting å rapportere om-kjedelig harmonisk! Så kom tida da far og born måtte vere heime HEILE tid. Mor måtte ut for å gi dei andre arbeidsro-og der oppdaga ho ein "hage" som var sørgjeleg kjedeleg! Hadde gjort seg med ein hagedam?!
Så kjerringa tok fatt med spade og oppdaga at "hagen" bestod av 90 prosent stein og fjell. Og vips (etter to månadar med tårer og tenners gnissel og MAS og GNÅL! så VIPS ordna Mannen ein snerten Kubota mini gravar. Så da var me igang igjen med "Kjerringa gjer ting ho absolutt ikkje kan". Banana for scale
Det våte eventyret fortsetter!
Hohoi. Nesten 2 år sidan siste innlegg?! Det er jo heilt uakseptabelt! Note to self: Skjerpings kjerring!
Men no som akvaforum igjen er i sving, så lyt ein jo benytta anledninga til ein aldri så liten oppdatering. Og love å vere meir aktiv heretter! Men først må jo denne vetle kjerringa takke og bukke og neie for at Akvaforumet er sett i drift igjen! For det var jo krise når det var nede. Hadde jo nett fått kloa i eit brukt 240 liters akvarium med diverse ukjente fiskar. Som eg desperat prøvde å identifisere. Og _det_ var ikkje lett utan akvaforum! Og med det så røpa eg vel to ting....Eg er ikkje blitt lækja for litersjuka, og eg har fleire akvarium-faktisk 4. Kjerringa som berre skulle ha eitt kar-det var nok! Hahaaaa Så feil kan ein ta! Så her kjem ein kjedelig oppramsing av desse 4 kara: 
Kar 1: starten på det heile 720 liters eventyret-kar med 1 gibbiceps, ein del keisertetra, nokre tigerbarber, 1 klovnepleco, eit ukjent mengde sandsneglar og ditto ancistrus.(Om nokon vil ha ancistrus, så må de gjerne komme på "fisketur" her). I tillegg kom det nylig ein stakkars ensom sølvhai hit. Nydelig fisk! Eg jobbar med å få tak i kameratar til den, men den lokale sjappa kunne ikkje bestille den inn, så da må eg vel innom mange dyrebutikkar når me fer på sommarferie gitt. Sååååå trist! tjihihi
Kar 2: 65 liters (det blir mata usynlige fiskar og putrar og går med filter,planter og lys og eit tonn med planaria-som eg snart MÅ somla meg til å få bestilt middel mot. Skal brukast til karantenekar så fort eg blir kvitt planariaen. Note to self:Skjerpings kjerring! 
Kar 3: er da eit 90 liters som no er i bruk som karantenekar for fiskar eg nylig har bestilt og fått i hus sidan karantenekaret er fullt av planaria. Note to self: Seriøst Kjerring Kjøp no-planaria!
Kar 4: heilt ferskt i hus og nyovertatt brukt 240 liters kar med 1 pleco, ildtetra, kardinaltetra, neontetra, glass bloodfin tetra, cherrybarbar, sverdhalar og muligens polkadot botiaer. Samt sandsnegler og asiatiske jegersnegler. Sølvhaien kom og herfra, og det skal visst og vere nokre amanoreker oppi her  Så altså ein salig miks av litt forskjellig. Er det det ein kallar fiskesuppe? Veldig moro og spennande! Så no startar jobben med å lese meg opp på kva som går sammen, og finne ut kva som skal over i 90 literen og kva som blir i 240en. Kloke hoder som veit meir enn meg om desse artane må gjerne komme med veiledning! Eg har nylig kjøpt inn fleire ildtetra, kardinaltetra og neontetra, som no går i karantene i 90 literen. (vil jo ha ein helsug stim). Glass bloodfin tetra er og bestilt og kjem forhåpentligvis fredag.
 
Åhja og så var det jo snakk om ein hagedam i mitt forrige innlegg. Den er  framleis ikkje ferdig-2 år etter! Men altså det har sin logiske forklaring. For huset her er altså skote inn i stein. Tomta er altså stein på stein med meir stein! Så når me grov ut hagedammen så vart det altså veldig mykje store steinar i tunet. Og dei måtte me jo få vekk frå tunet på eit vis-bilen måtte jo komme seg inn i garasjen. Iallefall til vinters. Og haugar med stein låg i vegen. Så da byrja kjerringa å lage mur i skråninga-eller kanskje heller ei krasafari steinrøys, men den har ikkje rasa sammen enno. Og så måtte det jo settjast opp ei lita hagedams-balje bakom muren. For vatn må der jo vere-det veit jo alle mine felles våte draumarar .Og så måtte der plantast. Og så vart det vanskelig å gå i skråninga når kjerringa braut eit bein i hælen. jepp det er mulig!  Kan jo prøve å forklare det med ein omdikta gammal barnesanggubben og gamla)
Gubben(ok spaden da-for gubben var ikkje heime) og gamla låg og drog, og fekk ikkje oppatt rota,  Hadde berre gubben vore heime så hadde me kanskje fått opp rota. Så gamla drog og banna og svor- Og vipps så glapp spaden under rota og gamla slo baklengs salto og datt i bakken like elegant som sekk rotne poteter. Ok der klarte eg visst ikkje meir dikting men det var sikkert eit hysterisk morosamt skue. Men sånn kan ein bryte eit bittelite bein under hælen. Easy peasy! 
Så sidan det vart vanskelig å bevege seg i skråninga så laga me likesågodt ei trapp der!? skakk og rar vart ho, men sånn er det når kjerringa gjer ting ho absolutt ikkje kan. Er kanskje litt skakk og rar kjerringa og?! Men sånn går jo da altså dagane her. Den eine tingen tek med seg den neste og vipss så var det gått nesten 2 år....  Men utedammen er framleis under bygging og det går saaaakte med sikkert framover. Bilder kjem når eg får somla meg til å ta nokre Lover at det skal gå mindre enn to år altså!  
Plussmedlem
Herleg lesnad 😁 Lukke til med alle prosjekta!
Bilder
Her kjem altså (dårlege) bilde av to av akvariuma. Korleis nokon klarer å ta fine akvariumsbilder er for meg ei gåte-som eg ikkje har løyst enno. Bilde av 240 liters karet:

 [External Image]
Og bilde av 720 liters karet. 
[External Image]
Gullfiskane skal straks få sommarferie i vetledammen ute (250 liters balje). Trykkfilter og pumpe er gøymt under treplata foran dammen, samt at det er ei solcelledriven fontenepumpe i den -sånn for moro skuld. Men den virkar da sjølvsagt kun når det er sol[External Image]. se
[External Image] 
Litt bedre bilde av heile "stable stein prosjektet" og sjølvsagt måtte Smaug-pusen vere med.
 [External Image]
Neste prosjekt er jo da hagedam/uteakvarium på 5-7000 liter? Fått armert mur i framkant, laga bunndren, drenering, skimmer og diverse røyr på plass og driv no å støyper innvendig trapp og legg isolasjonsplater. Så lyt me få laga ein eller annan festordning i fjellveggen så me kan få hengt underduk og damduk på,sidan fjellet er alt anna enn tett. Har fått tak i fjellbor så da får me vel det til på eit eller anna viset og . Sieve og beadfilter står og ventar i garasjen. Hadde vore kjekt om eg fekk det ferdig i år, men det trur eg er ynskjetenking. [External Image]
Litt avundsjuk på dei som berre kan grave eit hol i mjuk jord og vipps -dam. For fjell er ikkje enkelt å jobbe med
Plussmedlem
Dette er jo helt vilt bra!

Må være det norskeste akvariet noensinne - å tvangsflytte Dovregubben for å fylle hallen med vann. 
Skal du få det noe norskere så må du bruke brunost som tetningsmasse og Harald'en som akvariedekorasjon ikledd ullundertøy i nasjonalfargene!

I LOVE IT!
tjaa. kunne jo brukt svigermors heimelaga geitost frå geiter på garden for å få det _enda_norskare. hahaaa. Men trur eg held meg til tec7 og akvariesilikon gitt. Liten oppdatering. har fått 10 glass bloodfin tetra som selskap for min ensome single. trudde ikkje at fisk hadde så mykje følelsar, men den sirkla og dansa rundt nykommerane som ein leiken kvalp i ein time etterpå-tydelig spent og ivrig og ..glad? litt antropomorfisme gjerne..men det såg virkelig sånn ut! Så no er 90 literen blitt reint tetra kar. kardina og neontetra, ildtetra og glass bloodfintetra. småfisk stimar er faktisk undervurdert. Kjempefint å sjå på! Kraftig overfiltrering der, så det trur eg skal gå bra sjølv om litt større plass nok hadde vore å foretrekke. Flott plassert på gjesterommet, så no blir det fint med besøk i sommar   
Tilfeldig bekjentskap
© Bjarne Sætrang
Reklame for plussmedlemskap