Fredslilje?

Eg overtok i dag innhaldet i eit 53 liter akvarium frå ein kamerat som skulle flytta. Der var det som forventa litt rart som han hadde fått med seg frå dyrebytikken, blant anna ein Blågurami, som ikkje akkurat høyrer heime i eit så lite akvarium, men også denne planta.
Det næraste eg kan finna i plantedatabasen er fredslilje på grunn av den vesle blomen den har, men eg får det likevel ikkje til å stemma med storleiken.
Blada er ikkje større enn omtrent 5cm og skotet med blomen er kanskje 7-8cm. I følge den forige eigaren så hr han hatt planta i fleire månader, og den veks vist meir i bredda enn i høgda. Eg er ikkje rutinert nok med planter til å skjønna at dette kanskje var noko som ikkje høyrer heime i akvariet, så eg planta den i sanden med ein gong eg kom heim. Etter det eg forstår så er problemet om dette er ei fredslilje at den kjem til å rotna etter kvart og dermed forringa vasskvaliteten, men når eg planta den så såg de veldig frisk ut både i røtter og blad. Er det slik at eg berre kan la den stå så lenge den ikkje rotner, eller kan den på andre måtar øydelegga vasskvaliteten i akvariet mitt?
Jeg tror det er en Anubias du har i karet ditt. Sammenlign med bildene på profilen og se om det ikke stemmer. I så fall kan du godt feste den på steiner og røtter, den vokser godt over sand/grus. Mine stortrives med det, i alle fall..
Det gjekk vist litt kjapt i svingane her, så her kjem siste bilde rotert rett veg...
Anubias
det er en Anubias plante,.




sansynlig vis Anubias nana eller hva den nå heter..

den er i familie med fredsliljene..


[IMG] http://i39.tinypic.com/s3elgz.jpg[/IMG]
Ja, nå har eg sjekka plantedatabasen og det ser ut til å stemma med Anubias, så då treng eg tydelegvis ikkje bekymra meg for vasskvaliteten likevel. Takk for hjelpa til begge to!
Tilfeldig bekjentskap
© Julie Nilssen
Reklame for plussmedlemskap