Altså, eg har i dag ein 400l med 8 kongotetra (2 hanner og 6 hoer), 8 pansermaller og 1 flying fox. Så lurar eg på om det vil gå bra å sleppe oppi 6stk vinkeltetra i 400l?
Eg er fryktelig usikker på dette, vinkeltetraene går pr. i dag i ein 120l. Og eg vil gjerne ha dei bort derifrå då denne skal omgjerast til akvarie for reker og kampfisk. Eg har ein 180l som eg kan ha vinkeltetraene i, men egentleg ville eg ha andre typar fisk der. Men er det håplaust å sette kongotetra og vinkeltetra sammen så blir eg berre nødt til å bruke 180l til vinkeltetraene.
Men håper på litt meiningar og tips ang. om desse fiskane kan gå sammen eller ikkje. Evt. kva kan eg risikere?
Har jo høyrt at kongotetraen kan være hissig, men enn så lenge er mine veldig fredelige og snille (har hatt dei i ca.4mnd no). Er også usikker på om vinkeltetraene kan nappe i finnane til kongoane?