Goby

No gjev eg opp...

Her om dagen fekk eg med ein blindpasasjer saman med ein gjeng kuhliiål, for øvrig den største og feitaste kuhliiålen eg nokon gong har sett!!!! Vart berre ståande og måpe då eg såg på desse beista som likna meir på ein praktbotia enn kuhlii...

Nok om det! Etter mykje om og men fann eg omsider ut at det var snakk om ein goby som hadde snike seg med! Med friske fråspark og godt mot sette eg i gong med å leit etter bilete for å spesifisere denne artige vesle tassen! Derifrå og ut vart det utfor bakke! Eit søk på goby gav meg eigentleg berre ein peikepinn på kva for mengder med goby eg måtte leite gjnnom, og no er eg sår i augo og har problem med å sjå på denne krabaten i akvariet utan at den skiftar farge og form...

Får diverre ikkje tatt noko bilete av den sidan kameraet eg disponerar ikkje er godt nok til dette, så ei forklaring får halde (vonar eg)!

Ferskvassgoby er det i alle fall, det har eg konstatert!
Det er av den smale sorten som vandrar rundt på botnen og liknar veldig på ein slamkrypar. Hovudet er flatt og firkanta med ein tilsynelatande stor kjeft. Veit ikkje om den er fullvaksen, men den er på rundt 4cm. Forandrar fargen mellom gul-grå og grå-svart. Det fyrste eg la merke til er at den har raud ryggfinne! Denne er berre raud når den er sterk i fargane. Når den er ikledd gulgrått er det nesten umogeleg å skimte ein svak raudfarge.

Veit dette kanskje høyrest ut som å leite etter nåla i høystakken, men eg hadde sett stor pris på om nokon kunne hjelpe meg med dette "mysteriet".

Då er skattejakta i gang!
Ikkje heilt...
Denne har berre ei kort finne mitt på ryggen, og fargen er meir gjennomgåande raud på heile finna.
Men no er i alle fall jakta i gang!
Onan
Denne har berre ei kort finne mitt på ryggen, og fargen er meir gjennomgåande raud på heile finna. Men no er i alle fall jakta i gang! :)


Med "denne" meinte eg min.
Tipper hardt på denne, da denne er ganske vanlig i salg.

stiphodon elegans
Kan faktisk vera denne ja, men likevel ikkje heilt overbevist...Har aldri sett at den har raude finner lenger bak på ryggen, dessutan er den normalt mørkare i fargen på kroppen når raudfargen vert så sterk. Mogeleg at raudfargen er endå litt meir intens enn på elegansen...
Fasongen er i alle fall riktig no, så me er på rett spor!

De forandrer fargen ganske mye etter sinnsteming.
Det skjøna eg raskt ja! Kan vera heilt ljos, tek ein tur inn i rota og skiftar og kjem ut att nesten svart etter kort tid! hahaha

Det eg meinte var at eg aldri har sett den med så tydeleg raudfarge når den er så ljos ellers på kroppen; då skimtar eg berre så vidt at det er noko der. Coboltgurami hoa mi er raudare på finnene då kan du sei.

Men som sagt: mykje mogeleg det er denne, men ikkje heilt overbevist enno!
Onan
Men no er i alle fall jakta i gang! :)

Det var en kort jakt gitt...

Men men, kossen går det med elvebiotopet ditt då?
MC Darup
Tipper hardt på denne, da denne er ganske vanlig i salg. [URLBLOCK1]


No er eg endeleg heime frå ferie og har sjekka nøyare. Er heilt sikker på at det ikkje er denne...
Den framre ryggfinna er ikkje så høg, og det finnest ikkje raudt på den bakre ryggfinna. I tillegg er det meir markerte teikningar på resten av kroppen.

Så var jakta i gong att gitt.
Fekk teke eit bilete, om enn ikkje av aller beste kvalitet...

Hmm.. jeg synes ryggfinna ser rødlig ut.
Ryggfinna er raud ja, og fargen der stemmer bra med Stiphodon Elegans, men den bakre ryggfinna har eg aldri sett raud. Desutan har denne heilt andre teikningar enn Elegans på kroppen, om ikkje augo spelar meg eit puss.

Jeg ville sendt mail til Lars på Jan Holt, med bilde.
Ring han først!

Han har peil på Goby
Då kastar eg i handkledet, bøyer meg i støvet og sender med dette ei unskulding til MC Darup. *kremt* Du hadde visst rett; det var ein stiphodon elegans. Centrum Zoo i Drammen har nettopp teke denne krabaten inn og eg såg den tilfeldigvis då eg var innom for å hente planter. Flaks!

Så i staden for å grue meg over at eg tok så inderleg feil, gler eg meg over at eg no veit kva det er og difor kan gjere forhalda så optimale som råd. I tillegg er det ein Asiat, noko som tilseier at den ikkje vil skjemme Asiabiotopen heller. Vinnvinn rett og slett! Sjølv om eg har sett uttalege bilete av denne no kan eg verkeleg ikkje seie at eg har sett nokre som likna...hehehe

Case closed!

*gliser bredt*

Flott at du fikk identifisert den, det er kjedelig å ha fisk man ikke vet sikkert hva er.
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap