Definitivt. I følge Bänsch sitt akvarieleksikon ein "riktig nybörjarfisk" som trives i nær sagt alle forhold i vatnet, surt/nøytralt/basisk, bløtt som hardt. Kan dei finne litt skugge, samt at botn ikkje er heilt lys, ser dei på forholda som rein luksus.
Nydeleg fisk som ungfisk, men blir litt blassare i fargen som vaksen. Svært livleg, men ikkje agressiv. Et frå handa mi, og nappar på armen når eg held på nede i karet.
Enkelte har erfart at den kan vere litt finnenappar. Det kan vere greit å ha i mente når ein skal sette saman fiskebestanden.