Vibeke si ferd inn i akvarieverda

Eg er heilt nybegynner på akvarium, og det vil sikkert komme godt fram i denne tråden :P

No har eg endelig, etter nokon månader med akvarium øvst på ønskelista, kjøpt ein "vannbolig" til mine kommande fiskevener. Det var salg på Tam må vite, og då kan ein vel ikkje seie nei? Eg er sjelden særleg impulsiv, men no fekk eg plutselig eit impulsivt innslag, og kjøpte ein 100l. med bord til. Bordet verka ikkje til å vera av særleg god kvalitet, så det er bytta inn igjen. Akvariet har eg ikkje testa, men eg håper det er tett sjølv om det var særs billig.

I tillegg kjøpte eg ei utvendig pumpe til, Am-Top 3335. Finn ikkje så veldig mykje info om denne på nett, men håpar den er ok. Dei i butikken sa det var bra bruksanvisning med pumpa, men det var visst drygt overdrive. Hvertfall syns ikkje eg eit A4 ark med minitegningar på var særleg informativt. Men men, satser på eg får det til rett.

No etter den plutselige impulsive handlinga mi, har eg tenkt å gå litt meir nøye til verks med resten av inventaret. Eg håpar de som les kan veilede meg om eg er heilt på villspor. Planen er hvertfall ein Asia biotop, med mykje planter, då eg liker best tett beplanta akvarium. Vidare tenker eg på kuhlii-ål, nettbarber og kanskje nokon knurreguramier etter kvart. Om de har nokon tankar om den samansettingen må de berre komme med dei. Planen elles er Biltema-sand og så planter då. Planter er nesten det mest vanskelige. Eg har bestemt ein; Vallisneria spiralis «Tiger», men elles må eg sjå litt til på akkurat det.

Men, aller aller først, må eg og sambo snekre bord. Har ein del "plank" i kjellaren som det kan vera greit å få brukt til noko fornuftig. Akvariebord syns eg vert for høge, og med "vuggingane" vi har i huset innimellom vil eg føle meg tryggare med eit lavare og breiare bord - kjedelig med lekasje fra tredje etasje i gammalt trehus :P

Som de sikkert sjønar, fisken kan ikkje flytte inn på ei god stund ennå. Men det er nesten like moro med planlegginga syns eg då

Vibeke
Det går ikkje så radigt hos meg, men det går hvertfall rett veg. I dag kom råda-sand i hus. Desverre har akvariet enno ikkje fått bein å stå på, driv å leiter litt på bruktmarknaden no siden vi aldri greier å kome igang med bygging.

Eg har òg laga to huler til ålane etter kokkusnøtt-oppskrifta her inne. Dei er eg nøgd med, men dei lengtar nok like mykje etter vann som eg
No nermar det seg stygt her :P
No er bord (takket være forumet her ), bakgrunn og rot kome i hus. Eg vekependler til Røros i vekene og får difor ikkje gjort noko utanom helgene. Det gjer jo òg sitt til at det går litt treigt her hos meg - og eg er utolmodig!

Men til helga att no, så satser eg på å få festa bakgrunnen, vaska sanda og fyllt i sand og vann *hurra!*

Legg ved eit dårlig mobilbilete eg. Det er rotete og ting ligg bare slengt oppi der endå, men rota er eg skikkelig nøgd med
Vann vann vann!
Endelig! Akvariumet har no fått sand, vann og planter

Pumpa er etter litt om og men igang. Det var ein sprekk i eine koplingen, så eg måtte til Tam Lade for å få ny. Det gjekk lett som ein plett. Men, det pliplar nokon dråpar endå (frå koplingen på sjølv pumpa), så den må vi prøve å fikse. Sjønar det ikkje heilt, då eg sjekka o-ringer og at det skulle vera godt festa. Men men, får prøve igjen. Vi fekk det hvertfall oppp å gå, grua meg litt det den biten.

Legg ved nokre foto av karet per dags dato

(Den "staken" over rota er der for å holde rota nede ...)


Plantene i karet er:

- Vanlig Skruvallisneria
- Cryptocoryne wendtii “green”
- javamose (for å prøve å skjule kokusnøttene litt)
Den dumme pumpa lak ved andre forsøk òg. Så no ber det til Tam for å bytte heile greia - i noko anna enn Am-Top ...

Har heldigvis ei gammel pumpe liggande, som utrolig nok virka etter sju års tørke

Heia!Korleis går det med pumpa?Har du fått fiksa den eller vart det til ei anna?Kor står det elles til i karet,veks det seg til og fiskane trivast?Kom gjerne med fleire bilder

mvh
Jepp, ny pumpe er i hus Tam Lade får gullstjerne i margen!
Leverte den inn og fekk ny. Valgte då heller å gå for ei Fluval innvendig. Men eg er veldig nøgd med servicen dei gav meg! Der eg kom som fortvila pumpeeigar :P

Ellers går det fint. Men ingen fisker endå. Driv no å søker litt etter kva som skal vera førstemann. Tenkte litt på å kanskje ha ein algespiser som første (nok mat til den i så fall, hehe). Men finn ikkje så mange fra Asia. Nokon tips? Siamesisk algespiser treng vel litt meir plass enn 120 liter?

Plantene veks heller ikkje så bra som eg hadde håpa. Eller Cryptocoryne'en er veldig fin, men skruvasinellaen er litt slapp syns eg. Har putt oppi litt gjødsel (Tropica aquacare+), så får vi se om dei kjem seg. Skal kjøpe nye lysrør òg, forhåpentligvis til helga - phu, mykje som skal kjøpes inn og ordnes ...

Så det tutler og går Skal prøve å få tatt nye bilete snart.

No har plantene mine fått nytt lys, gjødsel og svømmande venner. Eg håper vasinellaen veks litt meir framover. Ser litt skrint ut slik det er no. Heldigvis ser eg nye skot, så det blir nok Funderer på om eg kan ha kjøpt det andre typen vallisneria, altså den asiatiske då min skrur veldig ...

Tilbake til dei svømmande vennene, det vart visst SAE på meg. Dei tre minste i butikken. Eg tenkte; det er jo ikkje såå stor forskjell fra 160l til 120l... utolmodigheten etter fisk tok meg visst litt der, innrømmer det. Det som er trivelig er no at dei i det minste ser ut til å trivest riktig så bra. Jobber på, og er veldig kjekke. Sambuaren min vart nesten litt bekymra, då eg satt litt vel lenge å studerte dei. For det er jo så fasinerande å sjå på atferden deira. Det er akkurat som om dei vert hekta på ein type alger om gongen. Først var det bare plantene som vart skura, så over på nokre deler av rota, før dei til slutt spiser det dei først ungjekk.

Det var nok òg litt mykje straum i akvariet for fiskane. For då eg snudde "tuten" mot bakveggen såg ein omtrent umiddelbar effekt på dei. Vart mykje meir "frittsvømmande" og endå litt flittigare (og det liker vi jo).
Ein liten oppdatering herfrå. Fiskane har no budd her i ca tre veker og dei ser ut til å trivast. Dei er berre tre i stimen, og to held mest saman, medan den siste er litt roligare og litt meir "ensom". Lurer litt om om "lonely-guy" er ei ho, for den er litt større og rundare enn dei andre to. Men ho er no med når det trengs og spiser og ser nøgd ut.

Elles, som de ser på bildet, er plantene mine for små. Tenker då på vallisneria'en eg har i bakgrunnen. Vart ikkje heilt som eg hadde tenkt, så plantehandling må til. Vil ha noko som dekker til bakgrunnen litt, spes den skjøten.

Sit no å prøver å velge kva som skal vera neste fisk uti. Usikker endå på om eg skal gå for ålane først, eller nettbarbene. Kunne tenkt meg litt meir liv i øvre vannlag og då er kanskje barbene best. Eller dei er vel ikkje kanskje best på akkurat det, men ålane er jo så kule. Greier ikkje velge, hehe. Får vel bare se kva butikken har å tilby.
Et utrolig pent kar!
Noen høye planter i venstre kant hadde muligens vært en vakker motvekt til den perfekte høyresiden?

Selvfølgelig skal du gå for kuhliiene, da du har skapt himmelen for dem
Ellers må eg jo pliktskyldigst legge til at eg "hater" stort sett alle barber, men blir øm i hjertet av de fleste åler
Tusen takk for godord Kjekt og inspirerande!

Eg har aldri hatt barber, kan eg spørre kva ein ikkje liker med dei? Spiser dei opp planter eller liknande eg burde vite om?

Fabler litt om knurregurami òg. Men treng vel då meir planter for at dei skal trives. Sjølv om eg uansett har tenkt på meir planter i bakgrunn + flyteplanter.

Det er alt for mange fine fisk å velge mellom gitt ...
No tel fiskeantallet 8 fisk. Fem Titteyabarber bur no hos meg og mine tre siamesere. Dei tre siamesarane vart veldig glade for nye kamaratar. Den som har vert litt "slapp" og ensom har vokst endå meir, og er nesten ei lita fiskebolle å rekne (litt overdrive då men). Den har blitt mykje meir aktiv etter at dei nye kom i hus.

Ei sverdplante er og kome i karet. Sjølv om det er fy-fy siden den ikkje er fra Asia. Men ein liten blunder får ein tåle :P

Titteyabarbene tel fire ho-fisk og ein hann. Han er litt meir jagete og revir-voktande enn eg hadde trudd av desse barbene. Men det er jo vår :P
Kule åler
No har eg fått fem Kuhlii-ål i karet mitt. Dei kom på laurdag, og har vert veldig beskjedne dei første to dagane, men det kjem seg vel.

Titteya-hannen har roa seg litt, men er framleis ganske revir-hevdande.

Legg ved nokre foto og, tatt på fredag. Dei vart skikkelig blasse etter opplasting men.
Alge-invasjon
Eg har nok vore litt vel ivirg med plantenæringen, og har blitt straffa med alger både her og der. På rota og glasset har grønnalgene blomstra opp, og på plantene nokon eg ikkje heilt veit kva er.

På bildene prøver eg å vise det, verst er det på Cryptocoryne'n på bildet (fekk det ikkje heilt fram på bildene men). Det siste bildet er av dei i sin "glansperiode". Har kutta bort dei verste bladene no, og håper at nye frisk skudd skal overta. Litt kjedelig, for Cryptocoryne'n har alltid vert det som har vert finast. Den har omtrent lyst opp heile akvariet, men er no brun, grå og stygg Dei er liksom flekkete av eit brunt/grått belegg.

Har fått nokon nye planter òg. Ein Hygrophila corymbosa "Siamensis 53B" og ein som eg ikkje finn i plantebasen her; Rotola rotundifolia. Sistnevnte er veldig fin på dei bildene eg har sett av den, og den veks i rekordfart Litt rart, for eg har omtrent bare hurtigvaksane, enkle planter, og denne er litt meir krevande visstnok. Likevel er det den som vekst raskast - og er penest.

To kirsebærreker kom på besøk i går. Eg seier besøk, for i dag har eg ikkje sett snurten av dei. Håper dei dukker opp igjen og trives, så skal dei få bli fleire
Nokon fleire bilder. Ikkje dei klaraste bildene eg har sett men ...

1. Hygrophila corymbosa "Siamensis 53B"

2. Rotola rotundifolia

3. To av mine trivelige Siamesere
- som jaggu har vokst MYE siden dei kom.
Tilfeldig bekjentskap
© Yu-Chia Chang
Reklame for plussmedlemskap