Det skjer masse små rare ting i akvariene mine for tida, difor så mange trådar frå meg akkurat no. Håper nokon fortsatt orkar å svare meg.
Eg tok 6 sandsneglar og flytta frå eit 63l akvarie med elvesand og over i eit 400l med biltemasand. Tanken var at dei skulle arbeide med sanden, lufte den og styre på. Den fyrste dagen kraup dei litt rundt i sanden, men så berre lukka dei seg inne i skallet og vart liggande urørleg på bunnen i eit døgn. Då vart eg så nervøs for at dei var døde, eller kom til å dø, at eg flytta dei tilbake i 63l. Kort tid etter kraup dei rundt, gravde seg ned og styra som normalt.
Då begynner eg jo å lure på kvifor? Er vatnkvaliteten i 400l for dårleg, for lite oksygen, større trykk(djupare akvarie) eller kva? Eller var dei kun dødeleg fornærma over å bli flytta...? Kor lenge tåler dei å låse seg inne i skallet før dei dør?
400l er jo heilt nystarta, men det er kickstarta med filtergugge og det går fisk i det som ser ut til å ha det bra. Men fisken holder seg i øverste delen (vinkeltetra som normalt går høgt). Eg satte inn to nye sandsneglar i dag berre for å sjekke, men dei gjorde det samme. Kraup litt rundt, og så berre stengte seg inne i skallet sitt. Eg blir jo litt bekymra, for tenkte å sette inn bunnfisk etterkvart som skal halde bunnen rein og etterkvart algefri. Temperaturen i akvariet er ca. 26grader (samme som dei andre akvariene) og ph er 7 (samme som dei andre). Ingen nitritt eller ammoniakk så langt. Har ikkje sjekka oksygen enda, men utløpet på pumpa lagar god bevegelse i vatnflata. Har ikkje luftpumpe til dette karet, bør eg ha det? Tenker sidan det er såpassa stort, for er jo hovedsakleg kun bevegelse i den halvdelen av karet der pumpa er.
Gløymte å legge til at eg satte inn to blåguramier i går kveld berre for å få litt bunnrenskning sidan dei bevegar seg opp og ned i heile akvariet. Desse ser ut til å ha det bra også, men syns kanskje den eine jagar litt i meste laget opp og ned mot bakruta. Men kan vere stress over å bli flytta i nytt akvarie. Skal uansett skifte vatn i kveld, men skal sjekke alle verdiar før eg skiftar vatn for å sjå om noko har endra seg.