Eventyret (side 4)

La meg med en gang si, jeg har både stor forståelse for ditt ønske om å kysse bakken etter endt tortur.. og jeg er hjertens enig! Det er nemlig ikke alle kvinnfolk som liker denslags eller har noe som helst ønske om å gjennomgå noe slikt.. * grøsse*

Neste gang ber du om å bli satt av på passende akvarieforretning mens svigerinna tråler gørrkjedelige butikker, vinn-vinn

Jo..det vises at du harfått gullfisk, det er ikke å legge skjul på..Får satse på at det lar seg gjøre å lage dam til neste år Du får begynne å hinte om ønsket gebursdagsgave allerede nå, så gubben får tid til å områ seg

Ellers konstanterer jeg at jeg liker å lese innleggene dine på nynorsk, litt interessant siden jeg hadde relativt varme følelser for faget på skolen og la oss si det slik, de varme følelsene var ikke av det positive slaget..
På bui og kjøpe vatn?

Var så heldig å få kjøpa eit par ancistrus sp. Det som ikkje var heilt med i beregninga var at desse hadde gått i eit kar med ca 17 GH....mitt vatn er 3 Gh. Null problem tenkte eg, eg har da Gh + i skapet der heime. Får mekke til vatnet i karantenekaret når eg kjem heim og så skal jo det gå bra...

Hadde Kjerringa GH+, trur du? Neida, to flasker med KH+, men ingen Gh+. Ringte til ein kompis, men dyrebutikken stengte for 5 minuttar sidan. Hjelp! Kva gjer ei kjerring da ein fredags efta... JO-Prøve å lage sitt eige GH-pulver av knuste magnesium og kalsium tabletter-sjølvsagt?!? Til info; det funkar dårlig!

Omsider fekk Mannen ein lys ide. Boreholsvatn er da hard som fy, og her er gardar rundt oss, med slikt overalt. Så klokka 23 om kvelden fekk eg smiska meg til ein tur til svigerinna for å teste og "låne" vatn. Det var diverre berre 8 GH, men ho tipsa meg om at vatnet på den lokale Bui kunne vere meir egna. Så da fekk eg jammen smiska meg til eit par baljer med vatn derifrå-Gh 15-perfekt!. Så da har eg altså vore på bui og fått meg akvariumvatn. Ikkje verst det hæ?

Aqualibre; skjønnar varme følelsar for nynorsken. Eg var nok ikkje så glad i det eg heller når eg gjekk på skulen-særleg når læraren var av det sadistiske slaget. Marsjerte rundt i rommet som ein liten hitler, for så å brøle ut navnet på neste offer som skulle svare på ei eller anna oppgåve. Sistnevnte lærar var og veldig konservativ i nynorsk bruken. "Hjernerystelse er FEIL-det heiter hovudskakning på nynorsk". Med slike lærerar er det kanskje ikkje så rart at det er _mange_ som mislikar nynorsk-faget!

Det har som nevnt i eit anna innlegg her, vore litt tendens til kribling i kroppen her. Så no er det blitt ordna litt i både eventyret og "karantenekaret". Og til veka får eg tilsendt 2 flotte raude lotus, og skulle tilogmed få med nokre sandsneglar. Det ordnar seg for snille piker(?). Bilder av kara må sjølvsagt med. Kva tykkjer de?
Plussmedlem
Synes du har et bra øye for akvaristikk-estetikk (den var det saft i!), Liv.
Fine kar!

Med litt utvidet tilvenning så tror jeg ancistrusene dine hadde klart seg fint i lavere GH. Disse gutta tåler juling i alle retninger. Mine la egg to dager etter Varmekolbe-gate og 4 dager i 7 grader pluss.
Akvaristikk-estetikk....haha. Takk for det Viktor! Her er stort sett den eine dagen lik den neste. Fiskane et og svinsar rundt, og det gjere kjerringa og.

Gradvis nedjustering av GH i ancistrus-karet pågår enno, og ein gryande anger av gullfisk-innkjøp har oppstått. Dei sluker no heile algetabletter utan at mallene får så mykje som ein smakebit. Egentlig artig å sjå for heile fisken "røyker" etterpå. Det kjem ut pulver frå gjeller og munn med jevne mellomrom etterpå. Og så får slukhalsen gjennomgå av dei to andre gullfiskane -blir jaga og nappa etter. Kan nesten høyre dei kauke "Din grådigper! Du skulle jo dele med oss! Spytt ut!"

Meeen, når dei no er såpass store at dei kan sluke ei heil malletablett, så er det nok ikkje lenge til dei kan jafse i seg ein liten keisertetra og. Litt usikker på kva eg da skal finne på.
Fin unnskyldning for å skaffe seg enda eit kar kanskje? Altså, Eg elskar det store karet. Men (No blir eg vel kjølhalt snart) eg har egentlig ikkje lyst på fleire kar. Eg er fornøgd! Ein tekopp i handa, ein kosepus i fanget med fiskane svinsande i akvariet framfor meg er eg sikker på har terapeutisk effekt. Heilt sikket bedre enn meditasjon (Det veit eg jo ikkje sidan eg aldri har prøvd, men meditasjon kan umogleg vere meir avslappande enn det!)
Og når ein først skal komme med personlege meiningar, så har eg ikkje lyst på fleire fisk heller. Eg diggar gibbicepsen/ancistrusen og måten dei kan endre "kamuflasjemønster" i løpet av kort tid, alt etter kor dei oppheld seg i karet. Keiserane som ved første inntrykk kan virke litt kjedelige med fargane Svart og beige er så flotte med leiksfargar; metallisk neongul/grønn på damene, og metallisk blå, med burgunderraud stripe og så knall gule finner. Og så dansar dei og gjere seg sånn til. Fascinerande.
Gullfisken som i utgangspunktet kan virke som den mest spennande er egentlig litt kjedeleg. Den er pen og fargerik, men alt den gjer er jo konstant å ete, leite etter mat og tigge etter mat.
Om gullfisken byrjar å ete keiserane så lyt eg nok finne på noko, men fram til dess så nyt eg akvariet som det er..
He,he..ennå en akvarist som har oppdaget at gullfisk egentlig ikke egner seg i akvarium men best i dam.. Det kan nok være en viss fare for at keisertetraene ender opp som levendefor ja, gullfisk vokser jo fort i kar med litt størrelse og levende for er jo som kjent bedre enn kjedelig tørrfor..:p For ikke å snakke om at de liker mye fiber i kosten, også kjent som planter..

Ikke lyst på flere kar?? Er du frisk? Hadde på flekken satt opp flere, bare det var plass..står et par kar i garasjen på vent, sånn i fall jeg skulle komme over en ledig plass( ellere rettere sagt, lager en plass)

Du må nok satse på utgraving av dam jo før jo heller, høres det ut som
Hahaha! Aqualibre, eg er nok ikkje heilt frisk nei. Og det er nok gjerne grunnen til at eg ikkje vil ha fleire kar
Det er iallefall ikkje mangel på plass til fleire. Kunne nok hatt dobbelt så stort kar der "eventyret" står, eller eventuelt to av same størrelse. Men som sagt, to er bra. Har no "eventyret" og karantenekaret. Og det kjenner eg er passe
Så får tida vise om eg faktisk _må_ ha meg enda eitt til gullfiskane-om det ikkje er mogleg å få dei omplassert. For du har rett. Gullfisk egnar seg best i dam!
Omplassering kunne kanskje vært en tanke, hvis du kjenner noen som har dam? Så kan eventyrtatter oppstå i sin fordums prakt og keiserne leve og formere seg uten å måtte abdisere. God helg fra den eine kjerringa til den annen!
Eventyrtatter var jo eit morosamt ord. Starta umiddelbart å førestille meg bileter av sådanne..."humre".

Idag skal ungane på fiskekonkurranse. Eg gruar meg-mogleg fordi eg sjølv kun har fiska ein gong i min barndom. Eg fekk ein liten sølvfarga stakkar som eg stod og gret over og klappa på til skjella losna. Den måtte begravast høgtidlig-og aldri fiska eg med krok eller åte igjen. Sjølvsagt er jo det heilt hyklerisk, sidan eg faktisk er veldig glad i fisk til middags. Men da er iallefall ikkje eg fiskemordaren ...sånn direkte iallefall, og det håpar eg at eg slepp å bli i dag og. Fantastisk mor som håper at ungane ikkje lukkast, eller?

Foressten godt å vite at det er fleire kjerringar her, sjølv om enkelte (Les: eg) lenge trudde du var av det mannlege slaget, Aqualibre.
God søndag!
Det snør, det snør tiddelibom!
I dag har det lagt seg eit flott kvitt teppe over bygda i dalen. Årets første snø! Merkeleg kor ..stille og lunt det blir når snøen har lagt seg. Reknar ikkje med at den kjem til å bli liggande lenge, denne første snøen, men det er iallefall eit sikkert teikn på at NO, no må kjerringa (Les:Mannen), bytte til vinterdekk.

I fiskeverda surklar og går det. Flytta alle keisertetra-hoene over i karantenekaret i dag, sidan dei stod i størst fare for å bli gullfiskmat. Der er nok ikkje umiddelbar fare, men det er eit utrykk som heiter: betre å vere føre var, enn etter snar...
Så da er iallefall dei trygge.

Hjernevask, eller forsøk på eigen-indoktrinering, er kanskje ikkje så veldig effektivt som ein skulle håpe på. Til tross for at eg kvar dag seier til meg sjølv at eg absolutt IKKJE har lyst på fleire kar, og at eg er HEILT fornøgd med dei to eg har....så kjem den der trangen til fleire kar stadig krypande innpå. For eg HAR lyst på eit til. Berre eit til! Til gullfiskane! Eit *bittelite*....400 liters kar? Og så er jo paludarium veldig flotte å sjå på. Det hadde vore moro å forsøkt seg på noko slikt med tider og stunder....
Gi meg styrke til å motstå fristelsar og litersjukebasseluskar!
Tatter og andre eventyr.. ;)
Må si meg meg at eventyrtatter hadde vært et interessant skue..:p Dog var dt ikke meningen å snakke om nevnte kroppsdeler, det ordet kom sg av at av en eller annen merkelig grunn, så forsvinner både bokstaver og ord blir sammenhengende, når jeg skriver her inne. Det det skulle stå var; ‘eventyret atter’ , altså et adskillig mindre spennende utrykk enn det førstnevnte..

Jepp, ekte kjerring undertegnede også! Interessant ord , kjerring.. Her nord kan ordet ha 3-4 ulike betydninger, med både nøytral, positiv og negativ mening, alt etter hvilken sammenheng ordet brukes i.

Vinteren har vist seg her også..så langt i form av slaps..:/ For min del er det ingen som helst hast med innføring av vinter, barmark er best etter min mening.

Du får nok ingen hjelp elker forslag til kur mot litersyken hos undertegnede.. Har du plass og råd; Go for it! Tror både du og de øvrige innvånerne i Eventyret, vil trives mye bedre med at gullfiskene får enebolig .
@aqualibre Når ein bokstav heng seg opp slik, så kan det vel vere teikn på at du Kanskje treng eit nytt tastatur.

Kjerring er absolutt eit morosamt ord, og eg vel å tolke det utelukkande i positiv forstand uansett samanheng. Det er så mykje morsommare slik!
Er jo ingenting som er kjekkare enn når nokon er forbanna og kallar deg ei j...la kjerring, og du smilande kan fortelje dei "ååh så fint at du held meg Kjær. Glad i deg og "
Anbefalast!

Her me bur har eg berre gradvis innstilt meg på ca 90% vinterkulde og øsepøse resten av tida. Da blir ein gledeleg overraska dei få dagane sola tittar framom. Og vinter er jo flott det, så lenge ein slepp å uttom døra og kan sittje framfor akvariet og drøyme tropiske draumar. Så tykkjer eg jo at knitrande, glitrande snø er betre enn berre kulde, slaps og holke. Iallefall sånn rett før jul Berre 80 dagar igjen btw...lurer på om det finst julenisseluer til fisk?!




Eventyret fortset
Eg har følt litt på at det var dags for ei oppdatering her, men så er det liksom ikkje så mykje nytt å melde i fiskeverda mi. No er jo ingen nytt ofte godt nytt i fiskeverda, men det gir ikkje mykje substans for skriving i tråden.

Eventyret har iallefall fått nokre få nye bebuerar. Eg gjekk heeeeilt bananas og sette oppi noko så spektakulert som ancistrusyngel faktisk . Yess I know-totally bonkers right?!
Eg var litt bekymra for om gullfisken ville ete dei små, men så langt ser det ikkje ut som om røverane bryr seg i det heile. Det lovar bra!
I går fekk eg og kjøpt både røtter og ein aldri så liten halvpjusk kampfisk. Måtte berre ta den med meg... Den er plassert i karantenekaret, som ikkje lenger ser ut til å vere karantenekar, men fast tilholdstad for både ancistrus og no da ein kampfisk...Sånn kan det gjekk

Ellers tenkte eg kanskje å lage noko julepynt til karet. Vurdera å lage pynt av fimoleire herda i ovn. Men etter eit kjapt googlesøk så er det litt ymse om kor trygt dette er å bruke i akvarium. Nokon som har god eller dårleg erfaring med det?
Kjerringa testar; feriemat bra eller dårlig?!
Forrige søndag bytta eg 50 % vatn, og plumpa oppi "feriemat" beregna for ca to veker i 720 literen. Tenkte jo at det sikkert går greitt, men har høyrt gjete om at ein del opplever at det gjer stygge ting med vatnverdiane. Så da er det greitt å teste medan eg er her og kan følgje opp tenkte eg....Som tenkt så gjort. Resultat etter nesten ei veke, testa i dag: 6 i nitrat, o,3 i nitritt. (teststrips fordi eg var lat og ikkje gadd byrje med dråpane).

Så dårlege vatnverdiar har ikkje vore her sidan kat(t)astrofen med akvariumsanden. Så no går resten av foringsklumpen i bosset, samt 50 % vatnbytte. No er jo ikkje dette faretruande høge verdiar, men eg hadde ikkje forventa utslag i det heile. Så da konkluderar eg med at eg aldri nokonsinne kjem til å bruke feriemat til fiskar som eit alternativ til fiskepassar. Kanskje ikkje rart at det for mange (med mindre akvarium) får dødelige følgjer, med såpass utslag i eit forholdsvis stort akvarium.

No blir det snart testing av fimoleire i akvarium og. Men det blir nok i ei bøtte utan fisk :P Bilde av fimosnømannen som er tenkt til karet Må jo ha litt julepynt fiskane og vel?!

Lenge sidan sist! Eg startar med ei gåte på ein måte:
Det står på do-og gir fred og ro til alle som gjer nummer to-gjett kva det er....

Og svaret er sjølvsagt; Ny Balje!! Yess!
Eg fekk nylig overta eit akvarium frå ei kjempetrivelig dame som (diverre?) har klart å overvinne litersjuka. 90 l med nydelige cherrybarber, tigerbarber, og grøne tigerbarber, kjempeeplesneglar og diverse andre sneglar.

No er det sikkert nokon der ute som rynkar på nasen av plasseringa. Og eg skal vere enig i at det sikkert ikkje er ideelt; Bleikfeite mennesker som sit og trykker eller veltar seg i badekaret er sikkert traumatiserande-for fiskane. Mulig eg må skaffe ein fiskepsykolog med tider og stunder. Men rommet er 20 kvm og eg nyt å ligge i badekaret og beundre akvariumet medan eg sjølv skvulpar i vatnet. Så der står det!

Det gamle karantenekaret er flytta til kjøkkenet og blitt fast bustad for kampfisken "Prins", og "Gomle" ancistrus.

Men den største endringa er at gullfiskane i 720 literen har blitt omplassert til ein meir egna utedam-diverre ikkje min eigen.

Eit kar uten gullfisk har og ført til;
- alger
- jungeltendens
- ancistrus-yngel
- keisertetra-yngel
- vilt mange sandsneglar

Det var noko eige med gullfiskane som med logrande fiskehalar storma mot meg kvar gong eg nærma meg karet, i håp om å få mat. Dei var og flinke reinholdarar, i form av at dei glupsk la i seg alt dei fekk tak i -egg/yngel/sneglar/planter/sand/mat m/m.
Men gullfiskane har det betre der dei no bur. Og så er den nye eigaren så koseleg at han sender bileter dann og vann av "gullbarna" mine Om eg nokon gong får råd til å laga ein utedam som toler kulda her i dalen, blir det gullfisk igjen!










Gjorde ein del luking , vasking og vatnbytte i "eventyret" og flytta barbene over fra karet på dass til 720`n. looking good! Må vel prøva å ta ei bilete snart...

Eg har hatt det moro med "fotballkamp" i karet. Keiserar og barber har rasa rundt etter ei algetablett. Underholdning på topp. Barbane var noko meir rugby inspirerte med brutale kroppstaklingar. Men topspelaren vart Keisartetraen "Brutus", med spektakulære finte evner, og eit høgst imponerande hopp over vatnoverflata framleis med tabletta i kjeften.

I tillegg har eg hatt ei snegle som har hengt i ein rot-tråd i vatnoverflata og dingla..rundt og rundt i strømmen. Vatnverdas Cheerleader kanskje? Skal visst ikkje mykje til for å underholde ei sliten kjerring om dagane. Men eg kosar meg glugg!

Men da står det altså ein 90 liter på do med planter og snegler. What to do, what to do?!
Liker måten du skriver på ,her må jeg nok følge med
Plussmedlem
Liv Skamsar
Men da står det altså ein 90 liter på do med planter og snegler. What to do, what to do?!


Du kan få et par macmasteri av meg! Jeg har mange, i hvert fall etter hvert. Nå er det to hunner med yngel og en bigamist av en far som regjerer bøtta.
Utrolig flotte fisker

Apistogramma i det store og hele er fascinerende og flotte fisker. Bare synd for meg at de ikke kan gå sammen med Corydoras
Viktor
Du kan få et par macmasteri av meg! Jeg har mange, i hvert fall etter hvert. Nå er det to hunner med yngel og en bigamist av en far som regjerer bøtta.


No måtte eg på googlemaps for å sjå kor Frøya var. Gudbetre-du bur jo meir avsides enn meg kan det virka som. Det hadde eg aldri trudd eg skulle seie! Eg prøvde å komma meg til Frøya med reisebeskrivelse på google maps-og det var jo ikkje mogleg eingong.

Eller så var det den der ikkje-tekniske kompetansen som slo til igjen. Ein av to

Uansett tenkjer eg at det blir i lengste laget å køyra både for meg og fiskane, og muligens og for min kjære eldgamle rustholk av ein subaru. Men om eg nokongong finn meg sjølv i området, tek eg deg på ordet. Flotte pønkarfisken

Takk Sølvi for fine ord

Har vel egentlig tenkt at 90 literen skal få stå og putre enn så lenge. Snart ferie, så da er det lurt å vente. De veit, det var ein vis person som sa: "tolmodighet er en dyd" -den vise personen er ikkje meg. Finst ikkje eit fnugg av tolmod her. Men eg skal prøva! Skal fortsette å mate sneglar og usynlige fiskar for å halde bakteriane i gang. Så kanskje det blir noko spennande etterkvart. Men ingen gullfisk denna gongen
Tilfeldig bekjentskap
© Trude T.
Reklame for plussmedlemskap