Litt Asia i 128l

Endeleg har eg oppgradert ein smule; frå min 40l til eit kar på 128l! YAY! (Stygt redd for at dei vert endå større med tida, men kjeringa er effektiv kur mot litersjuke...)

Hovudtanken var å omplassere ein liten gjeng med kuhlii som går saman med guppy og eplesniglar, altså ikkje heilt gunstige forhald for denne stakkaren! Etter å ha bygd litt på den tanken kom eg fram til at eg ville lage meg ein aldri så liten Asia biotop! Mykje stor fisk i Asia, så 128l begrensar seg fort...

Har i tillegg ein parotocinclus gåande i sama karet, denne treng betre plass og kompisar: ein liten immigrant med andre ord, men så lenge ikkje lommeboka strekk til er det betre å tenkje på fiskens ve og vel framfor å vera alt for firkanta på biotopen, i alle fall i fyrste omgang! Sidan parotocinclusen er glad i oksygenrikt vatn med god straum kom eg opp med tanken om å gjera dette til ein litt roleg elvebiotop og supplere med desse fiskane:

sewellia lineolata
Danio Frankei

Alle desse er, etter kva eg har funne ut, relativt glad i godt straumande vatn! Sidan kuhliien lever på botn vil ikkje denne merke straumen like mykje som resten!

Sewelliaen vil gjerne ha stein, same som parotocinclus, og sidan kuhlii gjerne kunne tenkt seg gras av ein eller annan slag vil eg gjerne ha med dette og!

Planen var å lage ein slags elvebiotop der eg "byggjer opp" den eine sida av karet, fortrinnsvis i motsatt end av kor pumpa er, og har ein del stein der! I andre enden vil eg ha ein djupare og litt rolegare "kulp" for kuhlii og danio med litt meir planter! Har fin sand for hånden og nokre flotte steinar med masse små holrom, perfekt for kuhli(i alle fall i mine augo!:P)

Kunne gjerne tenkt meg litt feedback på denne ideen, og gjerne nokre forslag til Asiatiske planter som hadde passa inn! For å vera heilt ærleg er eg ikkje heilt sikker på korleis ei slik elv ville sett ut i verkelegheta heller...hehehe! Tek gjerne mot tips på den fronten og, medan eg googlar etter bilete! Kanskje nokon har tips om fleire typer fisk eg kunne nytta!?
Då var karet i hus og fylt med sand! Er no ei vurderingsak kor eg skal setje det, då leiligheten min allereie er overfyllt...hehehe Men akvarium skulle han ha!

Har rota masse rundt på nettet og funne fram til nokre biotopskisser og løysingar som er mogelege å ta inspirasjon frå! Har blant anna kome fram til desse plantene:

Javamose
Javabregne
Desse er etter det eg har skjønt sjølvskrivne i ein litt hurtigstraumane elbvebiotop

Eleocharis acicularis
Denne er tenkt til overgangen mellom dei to delane i karet! Vil nok passe kuhliiane bra!

Limnophila sessiliflora
Vil gje litt "skogatmosfære" til den rolege delen!

Cryptocoryne "Mi Oya"
Mest fordi det er ei dekorativ plante som vil gje litt meir farge, men som likevel er lite krevjande!

Er litt usikker på om eg kjem til å nytte alle, men det vil eg finne ut av nærmare etter eg har innreidd med steinen og får eit litt meir heilskapeleg bilete! Så då er det bare å tråle naturen etter "elvestein"
Bare for å ha nemnt det:
Har ei gammal Eheim 2010 pumpe, skulle vel gje opp til 500l/t! Er dette nok trykk for parotocinclus og sewellia, eller må eg spe på? Kva med oksygenmetting?
sewellia
kan ikkje svare på om 500l/t er nokk men hvis du vender pumpen halveis mot bakveggen av akvariet så vil det gi rimelig sterk strømm langs veggen.
Jeg har selv gjort dette i min 220l og mine sewellia stortrives med det
Jeg har en pumpe på 1000l/t og det gir rimelig god sirkulasjon i karet.

Utformingen av karet ditt høres foresten veldig spennene ut, har du noen bilder?
Har ikkje nokre bilete enno nei, då eg kanskje forandrar planane litt...Kjøpte tre nye akvarier i helga: 2x200 liter og 250 liter! Eg treng i alle fall to kar oppe å gå for å bli kvitt guppyane mine, sidan 40 literen min gjekk med i handelen i helga!
Har fleire mogeleghetar og veit ikkje heilt kva det vert...
1) Selskapskar, fortrinnsvis 128 literen
2) Rein elvebiotop til diverse mindre maller som parotocinclus og sewellia!
3) Rein Asia låglandsbiotop til det meste eg har av fisk!
4) Ein Sør-Amerikansk biotop for div corydoras ol. då dei nye kara mine er av den breie typen med masse boltreplass på botnen!

Trur nesten eg har avskrive denne "mixa" biotopen, men eg var skikkeleg nøygd med han då eg visualiserte tankane mine...Kan hende eg fullfører nettopp det prosjektet, men i eit av dei større kara i staden!?

Nokon som har nokre velmeinande råd om disponering av akvarium?
Grattulerer med neye kar da!!!

Onan 19.06.06
Trur nesten eg har avskrive denne "mixa" biotopen

å eg som hadde gledet meg til å se bilder av ferdig resultat...

Ellers vil jeg si at biotop akvarium er en god ide, hever på en måte hobbyen et hakk:P
er ihvertfall min mening

Onan 01.06.06
Kjeringa er effektiv kur mot litersjuke

Onan 19.06.06
Kjøpte tre nye akvarier i helga: 2x200 liter og 250 liter

Så lenge varte d
Den bettaen eg flytta til bolle skummar som besatt!! Dette gjorde den aldri i det andre karet! Gjer den dette berre for å byggje reir eller gjer den det for å få meir skjul?? Litt rart med tanke på at denne aldri har sett eit kvinfolk heile sitt liv...hehehehe!
Sondre
[QUOTE=Onan 19.06.06]Trur nesten eg har avskrive denne "mixa" biotopen

å eg som hadde gledet meg til å se bilder av ferdig resultat...
Har ikkje avskrive det heilt enno, men trur eg skal bruke eit av dei større kara!

Sondre
Ellers vil jeg si at biotop akvarium er en god ide, hever på en måte hobbyen et hakk:P er ihvertfall min mening:)

Heilt enig! Vert liksom litt meir spanande då!

Sondre
[QUOTE=Onan 01.06.06]Kjeringa er effektiv kur mot litersjuke

Onan 19.06.06
Kjøpte tre nye akvarier i helga: 2x200 liter og 250 liter

Så lenge varte d
Så var det eit stykk kjering som hadde mord i blikket heile vegen til Grimstad for å hente òg da...hehehe
Endeleg slutt på ferien og eg kan på ny trå til på akvaria mine!

Må nok meddele at denne mix biotopen aldri kjem til å sjå dagens ljos...Asia biotop vert det, men den skal no setjast opp i eit 240 liters akvarium, mogeleg eg følgjer opp med ein biotop tilpassa Mine Betta Enisae og Picta i eit av 200 liters kara!

Har fundert lenge og kome fram til ei bortimot komplett planteliste der mykje av plantene allereie er handla inn! Manglar ein del cryptocoryner, flyteplanter og kanskje eit par planter med lauv som strekkjer seg til overflata!

Det eg strengt teke manglar no, før eg klemmer i veg, er algeetarar...Nokon som har tips på asiatiske algeetarar som passar til desse kara? Leitar primært etter sugemaller, då eg har SAE til å ta seg av plantene mine! Kan diverre ikkje bruke sewelliw Linoelata då eg planlegg stillevass biotop i 240 literen! Vert litt meir trøkk til Bettaane, men ikkje nok til at ein Sewellia vil trivst er eg redd...

Ellers tips til utvendig pumpe på stillevass biotopen min? Kunne tenkje meg ei utvendig pumpe! Har sjølv sett litt på classic serien til Eheim! Eg treng ei pumpe som er stor nok til å halde vassverdiane gode men som likevel let vatnet stå så godt som stille...Skal mellom anna ha gurami oppi der og desse må få mogeleghet til å skumme utan at straumen reiser med reiret!

Til betta karet har eg to stykk Fluval 4! Skal bere ha litt over moderat straum her så eg reknar med at det held med den eine!? Alternativet vert å handle nytt filter til dtte òg, for så å nytte fluvalane på full fanken i ein elvebiotop som påbyrjast så snart dei to andre kara er i mål!

Innspel ynskjest og vert mottekne med entusiasme og takksemd!
Onan
Ellers tips til utvendig pumpe på stillevass biotopen min? Kunne tenkje meg ei utvendig pumpe! Har sjølv sett litt på classic serien til Eheim! Eg treng ei pumpe som er stor nok til å halde vassverdiane gode men som likevel let vatnet stå så godt som stille...Skal mellom anna ha gurami oppi der og desse må få mogeleghet til å skumme utan at straumen reiser med reiret!

Kan noe sånt som dette virke kansje?
Er ikkje heilt framand for tanken nei, litt mykje arbeid kanskje...

Har stilt spørsmålet om pumpe i ein annan tråd òg forresten.
Tilfeldig bekjentskap
© Ariel Bornstein
Reklame for plussmedlemskap