Har ein irrubesco og to SAE gåande i ein 70 liter med relativt masse planter. Kula har vore aktiv og ete godt medan SAE'ene har tøffa rundt i høgt tempo på jakt etter algar.
For omlag 4 dagar sidan slutta kula å eta samstundes som SAE'ene byrja å symje opp og ned i typisk stressaktivitet. Eg sjekka vassverdiane , temp og pumpetrykk med følgjande resultat:
Pumpa gjekk på full guffe som alltid
tempen ligg jamnt rundt 25 grader
Nitrit var på null
Ph var 7,0
Har skifta vatn regelmessig så oksygeninnhaldet burde vera bra.
Kan skjøne at kula vert litt slapp av Ph i høgaste laget, men dett skulle ikkje påvirke SAE'ene sidan dei normalt sett ikkje skulle ha noko problem med dette...Ph har forresten alltid vore rundt 6,8.
Einaste eg då ikkje har sjekka er GH/KH. Kan desse verdiane vera for høge/låge? Nokon anna forklaring på denne atferdsendringa?
Bør nok uansett senke Ph ytterlegare med tanke på kula; korleis gjer eg det? Kva skal eg tilsetje vatnet forutan eventuelt å ha oppi endå ei rot?
Håpar på svar då eg har ein følelse av at kula mi ikkje har det supert for tida...Forar forresten med frosne mygglarver og sniglar.