Biotopakvarium

Det er mulig dette er postet under feil emne, men man kan gå litt vill av og til
Etterhvert er det mulig at jeg faktisk får noen akvarier til overs her (Hah! Det er lov å håpe, ihvertfall...), og da begynner jeg å leke med tanken på biotopakvarium. Og når jeg begynner å tenke på sånt, oppdager jeg at jeg vet absolutt ingenting om dette. Jeg har ikke anelse om hvor jeg skal begynne å tenke en gang. Er det noen som har tips til artikler med kjapp innføring av biotopakvarium? Noen kjappe tips her, vil også falle i god jord Jeg tenker litt på noe amazonas-lignende (ja, jeg vet at amazonas er 100 forskjellige ting), men har ikke bestemt meg 100% ennå. Det er uansett et stykke fram til jeg får frigjort noe akvarium (er ett i manko nå), så jeg har god tid til å planlegge Men, planlegginga er mer enn halve moroa
Har ikkje noko spesiell side du kan henvende deg til, men eit par tips kan eg vel avse.

1) Bestem deg for kva for verdsdel du vil at akvariet skal representere. Dette vert gjerne gjort utfrå kva fiskar du likar, og då området dei kjem frå.

2) Bestem deg for om du vil dekkje heile landsdelen og lage ein slags "fiskesuppe" biotop (dårleg formulert), eller om du vil avgrense deg til eit heilt spesielt område.

Ting tydar på at du ynskjer ein Amazonas biotop, så då skulle desse punkta vera haka av.

3) Vel om biotopen skal representere elv eller stillle vatn. Dette har mest å sei for kva for pumper du skal gå for, og ikkje minst vasskvaliteten og oksygenmettinga, då elvebiotopar gjerne krever kraftige innvendige pumper, og dette gjerne er vatn som er klart og rikt på oksygen.
Det er sjølvsagt mogeleg å gå for ein mellomting, altså hurtigrennande vatn sjølv om det ikkje er stryk me snakkar om.
I tillegg kjem ting som Ph verdiar i området, samt hardhet og om du til dømes skal tilsethe torv i vatnet.

4) Gå i basen og søk opp planter og fisk etter område. Her kan du innsnevre omlag så mykje du vil, alt etter kor spesifikk biotopen skal vera. Hald eit lite auga med kva verdiar fiskane likar/krev, for å finne ut om dei går i lag.
Når du leitar opp fisk frå ditt biotopval i basen, vil vassverdiane for fisken gje ein nokså god peikepinn på kva for verdiar som er vanlege for dette området (punkt3)

5) Når du så har funne fram til desse punkta kan du byrje å søkje rundt på internett, sjå på medlemsakvaria her på forumet eller liknande. Du kan då bruke namn på både planter og fisk for å spore opp bilete frå desse områda. Er du heldig kan du òg finne "oppskrifter" på biotopen du er ute etter. (det gjorde eg )

6) Ta deg god tid til å innreie slik som du vil ha det og bruk fantasien. Nest etter All informasjonen du finn her på AF er ditt eige hovud og din fantasi den beste kjelda til å få i stand ein god biotop. Eg har alltid sett på det slik: Til betre tid ein tek seg på å planleggje slike prosjekt, til meir nøgd vert ein og til betre vert resultatet. Ikkje minst kan ei god idemyldring på fiskesamansetjing og planteval lette vedlikehaldet betrakteleg.

Lukke til med jakta og planleggjinga! Som sagt er det halve moroa!

Tilfeldig bekjentskap
© Edward O. Murdy
Reklame for plussmedlemskap