Har søkt ein del rundt i fiskebasen her, og sitt i medelmsakvaria..
Probleme mitt vert at det er så mange fiskar eg får lyst på, at eg har ikkje snøring på kva eg skal velge .. hehe
Einaste som er i akvariet mitt nå, er støv. Skal starte det når eg flytter.
Fiskeartane bør vere ganske tolerante og lette å ha med å gjere, sidan eg har reisejobb og er på jobb 2 veker, for så 3 veker fri.
Eg er ikkje ute etter å få mest mulig artar knådd ned i akvariet, 2 til 4 kanskje?
Har meir lyst på nokre få artar som er trivelige, lager litt liv oppi der, og er trivelige å sjå på ...
Kan vel heller ikkje sei eg er ute etter artar som formeirar seg mykje, då det vert begrensa med tilsyn når eg er vekke. (hvis dette vert eit problem)
Har 3 gullfiskar frå før i ei bolle ( fy meg,men visste ikkje betre før ). Men er vel kanskje begrensa med artar som går ilag med dei?
Veit ikkje heilt kor stas det er med eit reint "gullfisk" akvarium heller ..
Er litt nybegynnar på dette her med akvarie, men manglar ikkje på interesse og tolmodighet. Akvarie er noko eg alltid har hatt lyst på ..
Håpar nokon kjem med bra forslag til meg ..
Gjerne med kva planter og kor mange, eventuelt skjulestader osv, som eg treng til desse fiskane og .
Når eg ENDELIG skal starte opp akvariet mitt,så har eg lyst at det skal verta skikkelig, slik at både eg og fiskane mine skal ha det bra .
Helsing Halvard