Berre ein neontetra og sebrafisk att! Bør dei få selskap av andre av same slag?

Påska tok hardt på
Då vi kom ned frå fjellheimen fann vi berre ein neontetra og ein sebrafisk att. Før vi reiste hadde vi tre tetra og to sebra. Så påska tok 3 liv ja.

Men alle dei små platy-beibiane lever i beste velgåande og veks villig i veg. Så kva bør eg gjere?
Karet er berre på 30 liter og no har vi:
2 svarte mollyar
1 stor platy-mamma
7 platybebiar
1 sebrafisk
1 neontetra

Ja, ein pussig kombinasjon gitt. Dette er altså 12 fisk og vi bør vel ikkje ha meir enn maks 15 fisk i eit så lite kar - ifølgje min akvariebutikk-mann. Eg synest vel at 15 fisk er i meste laget eg då.

Pluss ein haug med sniglar som sym rundt forbi - eg fjerna massevis av dei ved førre vatnbytte og har nok ein gong ein stor jobb framfor meg ja.
Men det ser ut som om sniglane plagar meg meir enn fisken gitt.

Så kva synest de som har peil her... skal sebrafisken og neontetraen få selskap?
Jeg syntes karet er fullt nok som det er, og litt til. 30L er ikke allverden av tumle, spise, gjemme seg, gjøre fra seg, osv plass.

Men selvsagt, stimfiskene burde selvsagt hatt noen artsfrender å stime sammen med. Desverre ser jeg ikke helt at dere har plass til dette, i karet.
Du får gjøre som de fleste av oss andre; bli skikkelig litersyk, og kjøpe ett større kar

Når det gjelder sneilene, er disse neppe til frustrasjon for andre enn deg. Sneilene kan selvsagt gå løs på planter og skade disse, men dette er noe jeg skjelden opplever. Eneste gangene jeg ser sneiler spise planter, er om det er halvråtne blader. Lett å spise, lett å fordøye. Således gjør faktisk sneilene en god jobb, selv om det kan bli heslig mange av disse...
Ja, då blir det nok med berre ein i stimen :-)
Men trur du ikkje at dei stakkars to stimfiskane som er åleine og må stime rundt heilt for seg sjølv - berre gir opp og døyr?
Det er eit trist scenario gitt.
Noko større kar trur ikkje eg at vi skal ha på ei stund enno - sjølv om eg som ansvarleg mor har så smått begynt å oppdaga gledene med fiskar på kjøkenbenken.
Men du seier som eg tenker - vi har meir enn nok fiskar som det er. Vi har jo eindel plantar også då - som dei kan gøyme seg i og rote rundt under.
Nei, livet i karet får vel gå sin skeive gong er eg redd.
Berre morshjarta mitt som syns så synd om dei to stimande åleinefiskane.

Et alternativ kan jo være å gi bort/selge de to resterende fiskene til noen som kan gi dem flere artsfrender å være sammen med? På den måten slipper du å ha dårlig samvittighet for at de må stime alene.
Svært godt råd :-)
Ja, det kan eg jo gjere - gje dei bort - det skal bli!
Tilfeldig bekjentskap
© Lisa S Falk
Reklame for plussmedlemskap