Kor stor er viktegheita av PH?

Hei.

I morgon skal eg mest sannsynleg gå til innkaup av ein halv stim tetra, for så å kaupe den andre halvparten til helga. Planen var å kaupe enten Smykketetra eller Raudmunnstetra. Desse skal begge ha ein PH på maks 7 ifølge fiskebasen. PH'en i akvariet mitt ligg på 7,2. Vil dette gå bra eller bør eg rett å slett finne ein anna stimfisk å satse på?
Mine går fint i alt fra 6,5 til 8, men de liker seg nok best rundt nedre del av det. Og min pH er litt over 7 nå, de trives bra i det, utfylt farge og livlige.
Ok, takk då kan eg sova betre i kveld... ;P
God natt!
Ser at jeg glemte å si det, men med mine mente jeg altså rødmunnstetra
Ph under 7 kan være ganske avgjørende for lek og oppdrett. Ellers er det viktigere at ph er stabil og ikke går fra surt til alkalisk ved vannbytte.
Ph i krana ligg på 7,4 så den vil stige kanskje 0,1 grad ved vannbytte. Det er ikkje så vikteg for meg å få oppdrett på desse. Det som derimot er litt vikteg er at dei trivest og ikkje blir utsette for sjukdommar. Men det er kanskje ikkje ein sikker bekreftelse på trivsel før dei ynglar?
Yngling er ingen sikker bekreftelse på trivsel heller i min mening, og er vanskelig med de fleste tetra arter. Første bekreftelse på trivsel hos så små fisker er vel utfarging, matlyst og aktivitet, og mine er sterke og krystallklare i fargene samt aktive, så pH er nok ikke noe problem i det sjiktet så lenge den er stabil som Håvard sier.
Okei, tusen takk for hjelpsomme svar.
Veldig oppmuntrande. ^_^
Det var tomt for Raudmunnstetra og Smykketetra hadde dei ikkje så eg enda opp med Kobbartetra istaden. Litt dumt å gjera det på impuls, men eg hadde flaks og desse kom godt innanfor verdiane mine.
Kobbertetra er veldig flotte, ønska meg dem lenge selv
Dei var veldig bleike heilt i starten, men etter å ha strekt litt på finnene var dei i full vigør. Og for ein FART då dei fekk litt mat!
Tilfeldig bekjentskap
© Bjarne Sætrang
Reklame for plussmedlemskap