Eg trur noko er gale med ancistrusen min. Oppblåst og fraverande...

Eg oppdaga at den minste Ancistrusen min (vanleg oppdrettsvariant) låg veldig stille over lang tid, omtrent ein time eller to. Eg forsøkte å dulte forsiktig borti han med røret eg brukar til å mate bunnfisk. Reaksjonen var bare at han reiste rygfinna og lea litt på halen. Då eg såg nærmare etter oppdaga eg at buken var litt oppblåst. Den og to andre Ancistrus har budd i karet i snart fem veker, før det hadde karet stått til inkjøring i fire veker.

Han flyttar litt på seg innimellom nå, men han ligg stortsett bare stille på sanden i motsetning til dei andre som er veldig aktive nå.

Den er ca 2-4 cm lang. (ikkje medreikna halefinnen)

Nitrit ligg på 0
Ph er 6,9
og Gh er 4

Er han oppblåst eller er det bare min innbilning?
Dei andre Ancistrusane er litt flatare...

I tilleg oppdaga eg noko som såg ut til å være eit bittelite sår på høgre side, det er vanskeleg å sjå på bildet, men det er innmed brystfinna. Kan dette ha noko med saken å gjere?

Eg hadde tenkt å bytte 30% vatn i kveld, men så les og nokre stader her at små Ancistrus kan være litt skjøre ovanfor store vannbytte. Bør eg la være?

Eg har akkurat skaffa Esha 2000, men denne har vel ikkje nokon virkning på dette, kanskje?

Det eg spør etter er vel eigentleg kva som er gale og kva eg kan gjera?
Han døde nå i kveld.
La seg til under ein busk, eg byrja å forstå at han var død då sandsniglane fatta innteresse.

Er det nokon som veit kva dette kan ha vore?
Er det fare for at det ama kan skje med fleire?
Kan være mye som bidro til at den døde i såpass ung alder. Jeg er desverre ikke i stand til å se hva ut fra info her.
Skal sies at en god del fisk dauer uten at man er i stand til å finne årsak, så det er bare noe en må regne med\ akseptere i hobbyen
Åja, då håpar eg at det bare var av "naturlege" årsakar.

Trur eg kjem til å kaupe ein ny ein i og med at eg ikkje veit kjønna på dei to andre endå, og sjangsen for å ha fisk av begge kjønn naturlegvis er større med tre stykk.
Håpar å få oppdrett på dei ein dag, nemlig.
Tilfeldig bekjentskap
© Haakon Haagensen
Reklame for plussmedlemskap