- Hjem
- Forum
- Snegler/skalldyr
- Erfaring med eplesnegler og kampfisk
Erfaring med eplesnegler og kampfisk
For nokre månedar sidan bestilte eg meg 10 eplesneglar som eg skulle ha i eit 65-liters kar, saman med nokre guppyar og ein kampfisk. Ein etter ein forsvant sneglane, og godt 2 veker etter at eg hadde fått sneglane, var det ikkje ein einaste igjen. Men erfaringlaus med sneglar som eg var, trakk eg lett på skuldrene og teinkte at det sikkert var eg som hadde gjort noko feil her.
For ei veke sidan drista eg meg til å forsøka på eplesneglane igjen, og bestilte denne gongen 20 stk (10 blå og 10 rosa), og det vart nett same leksa som sist - ein etter ein forsvant dei. Lite skjønte eg, for denne gongen hadde eg utstyrt meg med måleutstyr, og alle vatnverdiane var som dei skulle, og eg vart endå vissare.
Tilfeldigvis fant eg ut at eg skulle ta eit vatnbyte i sneglekaret istad - og der fant eg syndaren; min kjære kampfisk, Roy Orbison, svømmandes meget fornøygd rundt i karet - med 1 stk panisk eplesnegl hengande ut av munnen!
Har no renska karet for eplesneglar og hatt dei opp i 125-literen min, i håp om at dei overlev der. Men på den an side, så har eg lest snegle-delen av forumet både opp og ned, og kan ikkje hugsa å ha sett noko om at kampfiskar og sneglar ikkje går saman. Er dette vanleg, eller er det berre min som har fått smaken på franske små-rettar?

Postet 21.09.08 kl 22:03
Endret: 21.09.08 kl 22:05
Postet 21.09.08 kl 22:22
Postet 21.09.08 kl 22:27
Postet 21.09.08 kl 22:29
Postet 21.09.08 kl 23:39
Postet 21.09.08 kl 23:46
Postet 22.09.08 kl 03:30
Postet 22.09.08 kl 10:06