Naturleg dam, mykje arbeid?

Vi har ein naturleg dam på gården (eller...naturleg og naturleg, den er nok kunstig laga ein gong vil eg tru). Denne dammen kjem det elv ned til og går elv utav. Den fryser igjen om vinteren, men tidlegare eigarar av gården har sagt dei satte ut ørret der ein gong, og den overlevde vinteren der. Så dammen botnfryser neppe. (iallefall ikkje når dei hadde ørret der)
Eg kan tenke meg at dammen er ca. 20 x 15m i størrelse (veeeeldig gjetting), kor djup den er veit eg ikkje, men tvilar på at den er djupare enn 2-3 meter på den eine sida. På den andre sida er den ganske grunn, rundt meteren. Rundt dammen er det masse trær og ein liten "grassti" på den eine sida. (skal prøve å få tatt bileter av dammen og legge inn)

Det eg lurar på, er kor mykje som bør gjerast før evt. koi kan leve der. Er det lovar og reglar eg må forholde meg til, og korleis hindre at fisken stikker av/forsvinner nedover bekken? I vårløysing og om hausten kan bekken bli ganske stor. Bør det plantast i dammen?
Tenkte eg skulle ta ein kjapp vatntest i dammen iløpet av helga og få dokumentert dette skikkeleg. Dette er ein draum og langtidsprosjekt, ingenting eg har planar for å hoppe i med det samme. Eg er nybegynnar på alt med fisk, men tenkte det er greit å sondere litt terreng og finne ut kva eg må tenke på.

For å legge fram litt planar som vi har, så har vi lyst til å bygge ei lita, bua bru over dammen, gangsti rundt den med litt benkar for å slappe av og muligens sette ut litt ender i den (så sant det ikkje blir kræsj med fisken). Som sagt, langtidsprosjekt.
Beklager men dettte er ikke lovlig


Mvh Per
Uff då...det burde eg kanskje ha tenkt meg. Blir nok andedam, då...*sukk*
Trivelig det åsså da Er det ørret i vann/elv over dammen kan du jo sette ut disse, da de stammer fra vassdraget

Mvh Per
Ja, skal vere ørret i eit vatn lenger oppe der bekken kjem ifrå. Får gå opp og fange meg nokre og sette ut.
jupp Men si at døm kom dit av seg selv
Tilfeldig bekjentskap
© Ian Fuller
Reklame for plussmedlemskap