Anka78 sin undervatnsverden. (side 4)

Vel, då har eg fiska ut 4 yngel til frå 180l slik at det er 35stk i 63l. Då er det minst 6 yngel igjen i 180l, altså er kullet på over 40 yngel...er ikkje det ganske solid mengde? Litt imponert, eg...
Då har eg ENDELEG komme skikkeleg igang med bordet til 400l. Har saga ferdig bunnramma og har merka kor eg skal sage på toppramma. P.g.a det at eg må ha mulighet for enkel regulering av bordet med akvarie på, så blir det lite skapplass i bordet. Ikkje sikkert det blir plass til ordentleg skap i det heile tatt p.g.a høgda, men får sjå etterkvart. Visst eg verkeleg får dreisen på snekringa iløpet av ettermiddagen/kvelden, så håpar eg på å få kjøpt inn maling, topplate og sideplater i morgon. Så sant det går fint framover OG eg klarar å halde energien oppe så er det ikkje umulig at bordet er klart for å få på plass eit akvarie på toppen til helga. Med enda litt meir flaks så kjem kanskje foreldra mine på besøk til helga, og då kan jo dei hjelpe meg å få akvariet opp på plass. Men no skal eg ikkje forgripe begivenhetane altfor mykje. Dei gangane eg har gjort det, så har energien min på mystifistisk vis berre plutseleg forsvunne...

Ellers ventar eg i spenning på ein del sneglar. Eg trur eg har fått litt snegledilla, for om nokre dagar er det mulig at min sneglebestand aukar frå 5stk og til 30stk (inkludert mine 5, då og ikkje inkludert sandsneglar og pestsneglar). Deriblant kjem det ein jegersnegle som skal få ta seg av pestsegleproblemet eg plutseleg har fått i særleg 63l. Eg fòrar litt hardt der no p.g.a yngelen, livredd for at yngelen skal svelte ihjel. Er ein del pestsneglar i 180l også, men inga krise der enda. Så når jegersneglen kjem skal eplesneglane i 63l få komme tilbake i 180l. Dei nye sneglane skal få bu i karantenekar(midlertidig plastkar) nokre dagar så eg berre får sjekka at dei er 100% ok før dei får flytte inn til resten av gjengen. Dessverre har eg handla LITT raskare enn det eg klarar å snekre...planen var jo å ha ein del sneglar i 400l også. Men enn så lenge får dei bu litt trangt i 180l. Jegersneglen får det derimot ganske romslig i 63l. (så er det berre å hugse på kvar jegersneglen er til ein kvar tid så eg ikkje ved ein feil puttar dei andre sneglane sammen med han...) Hmm...eg aner at eg burde ha hatt ein 63l til for sneglane...eg har jo god plass på benken eg laga til 63l eg har i dag...*begynne å saumfare finn.no*
Då er sneglane på plass i 180l, og du verden kor flotte dei er! Spesiellt Tylomelania sp. Yellow som eg bestillte frå akvariereker, dei føler eg meg nesten forelska i! Og det er plutseleg så mange flotte fargar i akvariet. Kvite, blå, raude, lilla, rosa, gule og svarte sneglar...*sukk* Dei går samla førebels, men planen er å skille dei ulike typane etterkvart som eg får fleire akvarier opp og gå. Jegersneglen går sjølvsagt i eige akvarie, han får ikkje komme i nærleiken av dei nydelege, fargeglade sneglane i 180l altså! Han skal kun ta seg av pestsneglane som eg fekk overpopulasjon av. Og eg klarar berre ikkje å knerte dei sjølv slik mange seier at dei gjer. Pestsneglen er jo fin på sin måte, det gjekk berre over styr i rekeakvariet grunna overfòringa av ancistrus-yngelen...
Mesteparten av eplesneglane er yngel enda, og postsneglane er heller ikkje fullvoksne. Rart å sjå skilnaden på eplesneglane eg fekk no og dei eg har frå før. Dei "gamle" eplesneglane er jo rett og slett gigantiske! Til og med dei blå frå akvariereker på eit par cm er liksom ikkje i nærheten av mine i størrelse. Eg kjenner at det fristar å gå til innkjøp av kjempeeplesnegle...DET må vere min type snegle det! Men må nok vente til eg får eit akvarie som er stort nok og utan plantar. Har ikkje lyst til å ofre plantane riktig enda... Og dei akvariene eg har i dag er igrunnen fulle nok som det er.

Har forresten sett at Guramiene er og nappar på dei nye eplesneglane av og til. Likar ikkje det, men håpar det skal bli betre når guramiene får større plass. Men blir nok posthornsneglane som flyttar i 400l sammen med guramiene trur eg. Eplene får bli i 180l med vinkeltetraene, vil ikkje dei skal bli hersa så mykje med (dei største flyttar kanskje med guramiene då dei er vandt til å gå sammen med dei). Tylomelania sp. Yellow er eg usikker på kva eg skal gjere med, dei burde gå i litt varmare akvarium igrunnen. Kanskje får dei eige akvarium etterkvart.

Akvariebordet til 400l begynner for alvor å ta form. Skal sjå om eg får festa stolpeskoene som skal brukast til å regulere bordet iløpet av dagen. Men trur egentleg ikkje eg rekker det. Foreldra mine kjem på besøk i kveld, og då må huset shinast litt. Tenkte også å bake bollar og sveler til dei kjem, og då går tida fort! Visst naboen får tid så skal eg få skifta til vinterdekk på grand vitaraen også. (tørr ikkje å begynne på det aleine sidan armane mine fortsatt ikkje er iorden) Eg brukar ikkje den bilen til vanleg, men er einaste 5-setaren vi har, så hadde vore greit å ha den iorden til eg skal hente foreldra mine på bussen. Visst ikkje så får eg berre køyre litt ekstra med hyundaien.
Fyttigrisen! Ancistrusane er verkeleg igang no! No har eg over 40 ynglar som er rundt 2-3veker gamle, og jammen er det fleire på gang! Hannen har vore borte vekk igjen no, så eg forventa nesten egg. Men når eg snur trerota og ser under så kryr det av små eggeplomme yngel! Snakkar om produksjon! Er muligens rundt 40 til på gang...huttemegtu...kva skal eg gjere med alle sammen? Håper dyrebutikkane er interessert...kanskje bytte til meg fisk, he,he.
I rekeakvariet er det også action. Der går nokre av hoene med egg både under magen og i nakken...makan... Har også bittesmå kirsebærrekeyngel i gaffelmosen som kosar seg. Eg får vel ta det positivt, at alle trivast og har det bra. Men er litt nervøs for at eg endar opp med plassmangel til slutt.
Det har skjedd minimalt i akvarieverdenen hos meg dei siste vekene grunna besøk osv.
I akvariene skjer det derimot meir. Eg oppdaga ein eggklase på lokket på 180l for nokre dagar sidan, dette er mest sannsynlegvis eplesnegleegg. I dag var det ein ny klase på kanten på akvariet, heilt lik den fyrste! I tillegg trur eg posthornsneglane ynglar, då det stadig er nokre små eggklasar på glasene nedi akvariet. Rekene ynglar og ancistrusen ynglar. Eg håpar litt på at vinkeltetraen skal yngle etterkvart, vi får sjå. Skal kjøpe nokre fleire tetraer når 400l kjem ordentleg igang då 5stk er i minste laget til å kallast stim igrunnen...

I dag har eg kjøpt sand på biltema og håpar å få sanden på plass i akvariet iløpet av helga. Men skal yngelsikre det innvendige filteret før eg begynner å fylle med vatn. Har kjøpt myggnetting i plast som eg skal prøve å få festa over innsugene.

Akvariebordet til 400l er grovferdig, så 400l er plassert oppå og kan fyllast. Men bordet må fortsatt kleast inn og malast før det er ferdig. Skal sjå om eg får tatt bilete av bordet før eg kler det.
No har eg begynnt å fylle vatn i 400l! JUHUU!
Har yngelsikra filteret (gjenstår å sjå om det fungerar), fått på plass liggeunderlag og torvplater + sand (4 x 17kg biltema sand og enda lurar eg på om det er i minste laget...). Har fyllt ein tredjedel med vatn, satt inn trerøttene og nokre steinar. Reknar med å fylle opp resten i morgon og få starta opp pumpa. Var tenkt å plante ein del før eg fyller opp, men ser at eg blir nødt til å fylle opp fyrst og plante seinare.
Litt upraktisk i 60cm djupt akvarie, men må man så må man. Blir planting i neste veke, reknar eg med, for det er då eg ser for meg at plantane kjem. Skal også ta litt plantar frå dei andre akvariene, særleg flyteplantar som det nesten gror over av. Kjem også til å kickstarte filteret på 400l i neste veke og få inn sandsneglar og muligens vinkeltetraene. Kanskje flyttar eg over nokre ancistrus yngel også sidan det no er ørtifjørti av dei i begge dei andre akvariene...

Gledar meg til å få fyllt akvariet og starta det opp ordentleg. Og sidan eg har så god tid så kan eg omminnrede masse før eg plantar. (om eg føler for det altså)
I går kickstarta eg 400l med filtergugge frå 180l. I dag flytta 5 vinkeltetraer inn, tenkte å kjøpe 5 til om kort tid sidan 10stk er betre for stimfiskar enn 5... Reknar med at filteret ganske kjapt vil takle 10 vinkeltetraer, men vi får sjå. Har lurt på å sette inn nokre corydoras sammen med tetraene etterkvart, då eg trenger bunnfisk. (vinkeltetraene søler fælt når dei et...) Får sjå kva eg finner ut.
Fekk plantar i posten i dag som vart plassert i 400l. Trur ikkje eg skal satse på eit yrke innan aquascaping, då...men blir sikkert greit når det vokser til oppi der. *håpe* Bileter skal komme når ting har roa seg oppi 400l, er litt kaotisk etter plantinga, vatnfylling osv. Akvariet har forøvrig stått og gått ca. 1 veke før eg tilførte filtergugge. Men eg tok eit vatnbytte i dag før tetraene fekk komme oppi. Bytta ca. 150l vatn og slamsugde litt i samme slengen. Er deilig å ha fått igang akvariet skikkeleg. Om nokre veker håpar eg på å få guramiene på plass. Men fyrst skal akvariet få gå seg til iallefall eit par veker med tetraene og filtergugga. Finner eg nokre fine corydoras i neste veke så er det ein viss fare for at dei også får flytte inn...så sant 400l oppførar seg fint til då, då.

Den fyrste eggklasen med eplesneglar har klekka ferdig, og eg har fjerna skallrestane. Så no er det masse små eplesneglebabyar i akvariet! Ventar spent på at neste eggklase skal begynne å klekkast. Mulig den begynner rundt helga eller i starten av neste veke. Var ikkje så innmari lang tid mellom dei to eggklasane.
Rekene formeirar seg hals over hovud...stadig fleire rekeynglar å sjå oppi der. Men er heilt ok førebels, for no ser eg reker overalt der oppi! Før måtte eg stirre lenge for å få auge på ei reke eller to.

På tide med ei oppdatering.
Sidan sist har eg kjøpt inn mitt akvarie nummer 4, eit 120liters som enda ikkje er satt opp. Brønnen vår har gått tom for vatn, så trur eg må vente litt med å sette den opp...
Alle fiskane frå 180literen har flytta over i 400l og eg har auka opp vinkeltetra bestanden til 10stk. I 180l har eg bytta ut den fargerike grusen med biltema sand, myyykje betre syns eg! Og i dag var eg og kjøpte meg ein kampfisk + 8 kardinaltetra som har flytta inn i 180l. Kampfisken gjekk i samme akvarie som kardinaltetraene i dyrebutikken og dette hadde visst gått bra i 14 dagar. Så kryssar fingrar for at det fortsetter å gå bra i 180l.

Eplesneglane har formeira seg solid, posthornsneglane har også formeira seg litt. Men det som har gleda meg mest er at Sulawesi sneglane har produsert ein minisulawesi snegle!

Kirsebærrekene og ancistrus-yngelen i 63l har det berre bra. Kirsebærrekene formeirar seg til den store gullmedalje og ancistrusen vokser seg flott! Har hatt veldig få dødsfall av yngelen, trur eg har mista 2-3stk av 40 hertil.

Det var vel ei veldig kjapp oppdatering av det som har skjedd sidan sist eg skreiv her inne. Har planar for å kjøpe inn nokre corydoras til 400l etterkvart men utanom det blir det få innkjøp med det fyrste. 120l er planlagt som snegleakvarie med krystallreker og algeetande fisk av ulike typar. Skjærer det seg med kampfisken og kardinaltetraene så får eg vurdere å flytte tetraene i 120l eller i 400l.
Tenkte å legge inn nokre bileter tatt i dag 2.januar. Det er mest av kampfisken, sidan eg syns han er rett og slett berre vakker...så då startar vi med kampfisken.

[External Image]

[External Image]

[External Image]

[External Image]

[External Image]

[External Image]

[External Image]
Sidan det vart så mange av kampfisken, så får eg ta resten i nytt svar berre for å dele opp litt.
Og så var det litt av dei andre "innbyggarane" i akvariene.

[External Image]
Plantane i 400l gror ganske bra.

[External Image]
Desse trur eg kan kallast favoritt plantane mine.

[External Image]
Berre på dette biletet teller eg 9-10 hoer med egg i nakken...*grøsse*...trur 63l blir ganske fullpakka snart!

[External Image]
Ancistrus yngelen vokser seg flotte.

[External Image]
Gaffelmosen gror igjennom nettingen no, rekene storkosar seg oppi mosen!

[External Image]
Eine Amano reke hoa og ein kvit eplesnegle.

[External Image]
Kardinaltetraene. Einaste biletet eg fekk tatt av dei der ein faktisk kan sjå at det er ein fisk på biletet...

[External Image]
Eine Sulawesi sneglen min med eplesnegle yngel forand.

[External Image]
Ein annan Sulawesi snegle som speglar seg litt.

[External Image]
Og til slutt ein kvit eplesnegle som kosar seg med agurk.
WoW,flotte bilder og mye bra lesing her også
Då er det kanskje på høg tid å oppdatere litt.
Akvariehobbyen har dessverre måtta lide litt i vinter/vår p.g.a problemer med brønnen på gården (og veldig travelt på skulen + dårlig fysisk form). Vi mista vatnet før jul, og har forsåvidt ikkje fått det igjen enda... Altså, det er vatn i brønnen, men det er så skittent at det ikkje kan brukast til noko fornuftig. Problemet er nemlig at ein av dei øverste ringane i brønnen har blitt letta av iløpet av vinteren (av telen) og plassert litt skeivt på. Dermed vart det eit ganske stort mellomrom der det renner inn sand og grus sammen med skit-vatn.
Dermed har løysinga vore å avvikle 400l akvariet mitt, plassere fiskane i mindre akvarier og skifte vatn så sjelden som mulig. Inga gunstig løysing...

I vår har vi borra ny og skikkelig brønn. 105m djup er den, og det ser heldigvis ut til å være MASSE vatn i den. Har ikkje fått kobla vatn inn i huset enda p.g.a at det må gravast ned nye vatnrør, settast opp filter osv. Men eg har stor tru på at 400l skal få komme igang iløpet av seinsommaren. Og då skal det endelig få hedersplass i stova her! Gleder meg enormt!! Enn så lenge driver eg å skifter ut litt av innbyggarane i akvariene mine, eg har nemleg (som mange andre her inne) falt hardt for corydoras. Eg har også falt litt for kongo tetra. Så planane er å fylle opp med corydoras, ha ein stim med kongo tetra og få inn igjen nokre gurami. Kongo tetraene skal over i 400l når den settast opp, men enn så lenge kosar dei seg i 180l saman med pansermaller og ein liten flokk amanoreker.
I 120l har eg 7 vinkeltetra (som er til salgs), ein ancistrus (som snart flyttar), 2 viftereker, ein flying fox og ein haug sneglar. I 63l har eg kirsebær reker, 2 amanoreker og 2 eplesneglar. Kjem sannsynligvis til å ha nokre corydoras panda oppi den også etterkvart, får sjå korleis det blir. Kjem neppe til å ha corydoras i 120l då denne skal ha høg gh (p.g.a sneglane), høg ph og høg temperatur (p.g.a sulawesi sneglane). Men må lese meg litt meir opp på corydoras før eg standhaftig står fast på den...vil jo helst ha corydoras i alle kar.
Då har eg så smått begynnt å planlegge oppstart av 400l igjen! *glede seg*
Går med planer om å bygge inn filteret i heimelaga bakgrunn og "supplere" med folie bakgrunn. Vil ikkje ha heildekkande bakgrunn då eg ikkje veit nøyaktig korleis akvariet skal stå i stova, og eg vil gjerne ha innsyn frå begge sider. Men kortsidene kan eg ha bakgrunn på utan at det hindrar innsyn. Får sjå kva eg endar opp på, dette med å lage eigen bakgrunn høyrast spennande men akk så skummelt ut...

Var i dyrebutikken i dag og fekk med meg bakgrunnsbilde folie til både 400l og 63l for under 100kr til sammen! Plukka med meg ny slange til eine luftpumpa, fryst artemia og luftstein også. Kjekt å ha i tilfelle eg skal begynne å klekke artemia sjølv. Har bestillt meg eit slikt artemia klekkingssett på ebay. Den fryste artemiaen skal fiskane få smake litt på i dag. Spennande å sjå kva dei syns om det.
Ba også dyrebutikken sjekke kva eit juwel pumpesett 1500 vil koste for dei å ta inn til meg. Dei har den pumpa rimelig på Aquamanias, men tenkte det er greit å sjekke dyrebutikken her fyrst.

Ellers driver eg og planlegger korleis eg skal få plass til 400l, 120l og 63l i halve gamlehusstova (den andre halvparten er avdelt som gjesterom/tv-stove). Pr. i dag står 400l lagra på "gjesterommet" men vil ha den ut derifrå slik at det er enklare å jobbe med den og sette den opp. Einaste problemet er at den halve stova er kombinert hobbyrom og akvarierom og slett ikkje så stor. Er rimelig fullt der med kun 63l og 120l i dag...
Vil gjerne silikonere igjen alle opningar i pumpa (brukar finmaska nett for vatngjennomstrømming) for å hindre evt. yngel, småfisk eller kuhliål i å komme inn i pumpa. Er så forbaska vanskelig å få dei ut igjen... Det meste vart silikonert igjen før eg satte opp akvariet i fjor, men gløymte delen der tuten kjem ut. Det endte med 1stk kuhliål og ørtifjørti ancistrus ynglar som la seg i botnen på pumpa...måtte suge dei ut igjen, bokstaveleg talt.

Ellers er eg endeleg ferdig på skulen for sommaren! YEY! Hadde siste eksamen i dag, og det føltes som om det gjekk bra. Kan være eg har bomma på nokre oppgåver, men eg rekna meg greit igjennom alle oppgåvene så er veldig spent på karakteren. Statistikk er kanskje ikkje så skummelt likevel...? Så då har 2 av 4 eksamar gått ganske bra, dei andre to snakkar eg ikkje høgt om...berre håpar på at eg står.
I dag har eg vore og kjøpt meg 3 plater med finnfoam, som eg håper er det samme som styrofoam...
Kjøpte også ei flaske med rein aceton.
Var innom eit par butikkar på jakt etter depron 6mm, men det einaste eg fant var depron 3mm. Det trur eg kanskje blir litt tynnt. Skal sjekke ein annan butikk seinare, men hadde ikkje tid til meir i dag.

Dagens plan er å spyle 400l, er ein del sandrestar her og der som må bort. Må også få spylt grundig inni innvendig filter, står gammalt vatn der...urk. Tenkte også å prøve å få stabilisert benken litt meir, er litt vippete. (yey for bølgedal-gulv i gamlehuset...)
Og muligens vatre den opp skikkelig. Får sjå kva eg rekker før jobb.
I morgon rekker eg neppe noko anna enn jobb, dyr, gubbe og hus så bakgrunnen må nok vente til søndag før eg kastar meg igang. Har fundert litt på om eg skal slenge gubben på handletur for å skaffe maling. Litt risikabelt, men eg sjølv rekker det ikkje før tysdag eller onsdag og hadde vore greit å kunne begynne å male VISST eg blir fort ferdig med bakgrunnen (reknar ikkje med det egentleg, då, men...).

Har funne fram noko finmaska grønn plastnetting som eg tenkte å ha forand innsugene til pumpa. Hadde silikonert slik grønnnetting på 400l sist den var i drift og det funka greit. Måtte renske det ein gong eller to i veka, men det er jo heilt greit for meg. Bedre enn sneglar og yngel inni filterkassa...
Fyttigrisen, kva har eg gjort!?
Eg skulle spyle 400l...gjett kva som skjedde!? Plutseleg berre "datt" filterboksen av!!(litt hjulpen med ein brei sparkel...) Jikes og Iiiik!
Vel, då er eg berre tvungen til å kjøpe inn utvendig filter til det akvariet, då...*uff kor leit...*
Siklar på Eheim 2080...håper lønninga strekker til når den kjem i juli.
Visst ikkje får eg fundere på å sette boksen inn igjen...eller, nei, det vil eg ikkje. Karet vart så ryddig og fint utan den boksen. (i 400l er boksen SVÆR!!)
Må legge ned litt arbeid i å fjerne silikonrestane, men det grøvste er bortevekk.
Jada, eg er svak...eg veit...
Kjøpte meg ein vakker, liten blå/raud kampfisk i dag. Det eg oppdaga før eg hadde den oppi akvariet var at den hadde pop eye! Dette har eg aldri hatt på fisk før, men eit raskt søk beroliga meg med at hyppige vatnbytter er løysinga. Det eine auget er ganske heftig "poppa", det andre ser ut til å ha ein begynnande "pop".

Tok sjansen på denne kampfisken sammen med mine 5 små Corydoras Venezuelanus, 2 amanoreker og 15 kirsebærreker i 63l. Kampfisken gjekk sammen med kirsebærreker og diverse småfisk i dyrebutikken og det hadde gått fint. Hadde ein kampfisk tidligare som også gjekk sammen med kirsebærreker og det gjekk også fint. Men har nødplan om det begynner å forsvinne reker i karet.

Kjøpte også med 5stk. kuhli ål...har savna desse rakkarane sidan den siste min endte sine dagar i filteret. No har eg "kuhli sikra" innsuget på den utvendige pumpa og putta ålane i 120l. Blir spennande å følge med dei, for dei var bittesmå og nylig ankommen butikken (for nokre veker sidan, så all evt. karantene er ferdig).

Førebels er alt rolig i akvariene, tenkte å fòre med litt frosne raude mygglarver og artemia slik at alle er mette og rolige i kveld. Kampfisken er førebels veldig rolig, svømmer rundt og tar rekene i nærare augesyn (stoppar forand dei og berre ser), studerar coryane som bartar rundt omkring, sjekker ut trestubbane, mosen og plantane osv. Trur kanskje det er litt sterk bevegelse i akvariet så skal skru ned styrken på pumpa litt. Kampfisken er forøvrig også ganske lite, han er nok ung og slett ikkje utvoksen på ei stund enda.
He,he, trur ikkje kampfisken min har begynnt å utvikle temperamentet sitt enda. Han svømte i sin egen verden omlag midt i mellom bunn og topp langs glasset på akvariet. Plutsdeleg kom ein vilter liten venezuelanus svømmande midt imot kampfisken. Begge slo på full brems og skvatt til kvar sine sider. Så tøff skal eg ikkje beskylde min lille, søte kampfisk for å være riktig enda, men det kjem vel etterkvart...

Har forøvrig også oppdaga at eine kirsebærreka har blitt så svær...!? Nesten like stor som amanorekene...medan resten av kirsebærrekene er bittesmå og "normale". Rare greier...

Har forøvrig også funne ut at mine corydoras panda og aenues er ganske ulike i personlighet. Pandaene virkar meir avslappa til ting og bartar rundt til stadigheter. Medan aenuesane for det meste ligger under rota midt i akvariet... (dei er i samme akvarie, ein 180l med kongo tetra). Eg har jo dobbelt så mange aenues som panda, så syns det der er litt rart.
Ja, og så trur eg dei fleste kirsebærrekene går med egg i nakken no...her skal det bli liv!
Då får eg vel bite i meg ordene i forrige innlegg... Kampfisken min har absolutt funne ut at han er sjef i akvariet! Han tyranniserer både corydorasene og rekene grundig, så trur eg må omjustere litt i det akvaret etterkvart. Men enn så lenge skadar han ingen, berre nappar og skremmer corydorasene og har gjort at kirsebærrekene holder seg mykje skjult. Forsåvidt er dette ille nok, då, men det går greit ei stund til eg får organisert akvariene bedre.

Ellers har eg begynnt på bakgrunnen til 400l for alvor. Blir nok eit dyrt prosjekt då malinga visstnok kostar 300kr. pr. liter... Men berre eg får dette til å fungere så får det vel være greit nok. Med litt flaks kan malinga holde til fleire bakgrunnar og då blir det jo ikkje så ille. Skal ta litt bilder undervegs og legge ut i tråden min her. I går silikonerte eg sammen delane og konstanterte at dette blir kinkig å få nedi akvariet grunna midtstagene. Men det problemet får eg ta undervegs. Har nokre...hmmm...noko ambisiøse planar. Om eg får det til spørs, men vi får sjå. Eg skal iallefall prøve.

Så har eg nokre ganske spreke algesneglar. Fyrst braut dei seg ut av 60l med glassplate...tydeligvis var dei to små hjørneopningane rikelig stor nok til at dei kom seg ut. Så flytta eg dei over i 120l. Vel, den eine har muligens avgått med døden etter eit stunt med å komme seg ut der slangane går ut og "skli" nokre meter unna akvariet. Eg fant den i dag under vindauget, såg inntørka ut men eg slapp den i akvariet i håp om at det fortsatt var liv... Skal følge med den utover dagen.
Algesnegler?

Ellers blir det intresant å følge med på laging av bakgrunnen, og kansje spesielt på hvordan du skal få den ned i akvariet i en del
[External Image]

Bildet er lånt frå Akvariereker.
Eg kjøpte 4 slike hos Akvariereker for ei stund sidan, skikkelige sprelske saker! Eplesneglane, posthornsneglane og sulawesisneglane mine har aldri "brutt seg ut" av desse to akvariene, men algesneglane brukte knapt eit døgn før dei var utbrytarkongar!

Hmm, ja...bakgrunnen blir ei nøtt å få nedi. Enten må eg lage den så liten at eg får pressa den nedi mellom stagene, eller så må eg dele opp bakgrunnen eller løsne eit midtstag. Men får ta dette problemet seinare. I dag er det forsøk på å forme bakgrunnen som fjellformasjon + vatnskifte i akvariene som står på planen.
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap