Anka78 sin undervatnsverden. (side 5)

Då har eg tørka støv av fotoapparatet.
Skulle ta bilete av bakgrunnen, har masse arbeid forand meg der, den er kun grovutskjært og limt sammen. Pirkearbeidet har eg forand meg...
Bilde 1 viser bakgrunnen forfra.
Bilde 2 skulle vise bakgrunnen frå sida for å få ein følelse av bredda på den...istadenfor sneik det med ein veldig blid liten firbeint gut "Tar du bilder av meg!? Har du hundesnop??! Er eg søt, eller!??!"
Bilde 3 er eit forsøk på snikfotografering av eine viftereka mi (Gabonreke). Den brukar å stå ved innsuget til den utvendige pumpa, men i kveld bestemte den seg for å gøyme seg bak eine algesneglen og under to steinar istaden...typisk. Men ser ein godt etter så skimtar vi litt vifter inni der.
Så må eg vise fram mine søte, små Corydoras venezuelanus, bilde 1.
På bilde 2 jaktar kampfisken min på røde mygglarver...det morsomme er at han virkelig "busar seg opp" og "angriper" dei....komisk å sjå på.
Bilde 3 er svært dårlig kvalitet, men ser ein godt etter så har herr kampfisk rusta seg til kamp. Eg har begynnt å lure på om det bur ein liten bordercollie i han, for han gjeter dei stakkars coryane rundt og rundt i akvariet. Roar han seg ikkje snart så må eg ta dei over i 120l og heller vurdere å sleppe kuhliålane inn til frustrerte herr kampfisk. Stakkars coryane er jo berre småttisar enda og kan ikkje anna enn å flykte. Prøvar dei å ligge iro så nappar han dei i sida.
Merkelig nok får rekene være i fred...enn så lenge.
Hadde og en kampfisk som gikk til angrep på cory-ungdommer. Den lagde store sår på ryggen deres ,så mistet dessverre 2 stk. før jeg fikk tatt den ut.
Huff da, då spørs det om eg må ha litt flytteaktivitet i morgon på coryane. Rekker det dessverre ikkje i dag p.g.a jobb. Men er usikker på om eg skal prøve å flytte kuhliålane eller om coryane og kuhliane kan gå sammen...? Er kun 5 unge kuhliålar og 5 unge coryar det er snakk om, så burde vel gå greit i ein 120l, får eg tru.

Har kjøpt in Dremel i dag, så no skal det bli fart på bakgrunnen! (håpar eg...). Dvs. får ikkje gjort noko med den før i morgon, då, men. Gledar meg til å teste! Trur nok eg må kjøpe inn litt ekstrautstyr, fulgte ikkje så veldig mykje nyttig med.
Det er ikke noe problem,god plass og ålene går fint sammen med Corydoras
Ok, kanskje eg skal sjå om eg rekker å flytte dei før jobben i dag likevel, då. Vil jo ikkje at coryane skal bli skada. Faren då er imidlertid at kampfisken flyttar sin vrede over på rekene. Men rekene har mange gøymeplassar, så burde igrunnen gå greit likevel.
Rakk såvidt å få bytta akvarie på coryane før jobb i dag. Når eg fyrst holdt på lempa eg amanorekene over i 120l også. Så no er kampfisken aleine i sitt rike med kirsebærrekene. Tenkte at kirsebærrekene hadde større sjanse for å klare seg med kun kampfisken der. Amanorekene kan visst også være stygge mot kirsebærrekene etter det eg har lest.
Det artige er at etter at eg flytta amanorekene og coryane så har kirsebærrekene kommen meir fram igjen! Så dei var nok glade for at amanorekene flytta, ja.

Kampfisken virka litt slukørt...ingen å jage på lenger. Har prøvd å jage litt på rekene, men dei er for kjappe for han virkar det som. Dessutan er dei vel igrunnen ingen "trussel" for han, meir type fristande smårettar. Så er vel om å gjere å halde herr. kampfisk mett framover...
Då har eg på ein måte komme i mål med bakgrunnen. Har igjen malinga og ein del justeringar på baksida. Men fronten er slik den vil være. Er nok ikkje heeeilt fornøgd, vart liksom ikkje heilt slik eg ville. Men håpar på at litt maling vil gjere ting bedre...hum...
Er jo min aller, aller fyrste heimelaga bakgrunn så kan vel ikkje forvente at den skal være perfekt med ein gong.
Syns den er kjempefin jeg, og det blir spennende å se det ferdige resultatet
Takk for det, Rita. Får håpe det blir bra når eg får tak i maling. Håper på å få kjøpt inn maling iløpet av tysdag eller onsdag.
I dag var eg og henta meg eit nytt akvarie på ca. 74liter. Weee! Alltid gøy med nye akvarier! No står det på vaskerommet oppfyllt med vatn oppå avispapir, spennande å sjå om det er 100% tett! Såg bra ut etter fylling iallefall.
Likte så godt dette akvariet at eg fant ut at eg burde prøve å få tak i eit til heilt likt så dei "matchar" oppå benken.

Det er jo ganske likt 63l min, men 74l er 5cm breiare. Og dei 5cm er ein enorm skilnad altså!! Dessutan er det også drøye 10l større, noko som også merkast. Ellers har eg planar for å flytte 400l i kjellaren iløpet av veka. Akkurat no står det i gamlehuset der det har stått siste året. Planen var å flytte det inn i stova i hovedhuset iløpet av sommaren/hausten. Men sidan eg er så utolmodig etter å få satt det akvariet igang no, så flyttar eg det heller i kjellaren inn på kontoret mitt. Vi må nemleg legge nytt gulv i stova i år, og er liksom litt styr å flytte på 400l fram og tilbake på kort tid... (gubben foreslo hjul på benken, men av ein eller annan mystefistisk grunn så syns eg ikkje at det var ein slik veldig god idè...) Ja, eg er litt nevrotisk med den 400l....400l vatn er MYKJE vatn som det kjem på avveier!

Uansett så har eg MASSE arbeid forand meg den kommande veka. Mitt hobby/akvarierom skal forvandlast til gjesterom til systra mi med familie kjem på besøk. Akvariene skal flyttast litt her og der, 400l bakgrunnen skal helst gjerast ferdig og den nye 74l skal helst settast opp. Så må gamlehuset ryddast (er gjestehus på sommaren, men er ein smuuule rotete der for tida...), eine rommet i kjellaren i hovedhuset må ryddast for digre haugar med kle (har ikkje garderobeskap for tida grunna oppussing) osv. Og i tillegg er eg i jobb, har snart bursdag og bryllupsdag og må behandle alle 3 hundane med slik allergen sak nokre gongar før systra mi kjem på besøk sidan mannen hennar er hyperallergisk for hund. Dette medfører også at begge husene må vaskast grundig ned, hundane må skifte hunderom og får forbud for å bevege seg inn i gamlehuset og diverse andre rom den kommande veka. Puh...trur ikkje eg får fritidsproblem med det første. Ja, og så gløymte eg at brønnborarane kjem for å koble vatn i huset denne veka, vaskerommer skal gjerast ferdig (henger sammen med vatntilkoblinga) og det burde klippast plen osv. ute. Jikes....no trur eg at eg må komme meg i seng snart så eg får kasta meg igang med rydding i morgon før jobb...*sukk*
Vel, då var sommarferien ferdig og skulen starta igjen. Denne sommaren har berre forsvunne som dugg for sola, gitt!
Bakgrunnen på akvariet har blitt lagt på is sidan eg manglar maling. Har omsider fått bestillt maling frå Tiller som forhåpentlegvis kjem i posten ein av dagane.
Har uansett ikkje bestemt meg heilt for om eg skal beholde bakgrunnen eg har laga til 400l eller ikkje. Føler meg ikkje heilt fornøgd med den. Så enn så lenge har eg begynnt på prosjekt bakgrunn i 70l. Planen er å lage den ferdig fyrst no, få flytta kampfisk, reker og ål over i den og så lage tilsvarande bakgrunn i 63l før eg på ny kastar meg over prosjekt 400l. (kanskje kjem 400l før 63l, får sjå...)
Tanken er at det er bedre å prøve og feile med liten bakgrunn og filter enn med diger bakgrunn og filter...

I 70l har eg kun grovtilskjært finnfoamen, må justere litt for å ikkje bruke for mykje "vatnplass" i akvariet. Håpar på å komme godt igang med finskjæring og liming iløpet av dagen i dag og i morgon. Kryssar fingrar for at malinga kjem med posten i morgon.
Har bestillt inn alt eg trenger til begge dei små + 400l akvariet. Om prosjektene blir vellykka skal eg vurdere å gjere det samme med 180l og 120l. Vel og merke er 120l eit større prosjekt. Skal eg beholde den (og ikkje selge som opprinneleg plan) så må eg lage ny lyskasse på den. (teit plasttopp på den pr. i dag...blæh!) Til gjengjeld fungerar det utvendige filteret flott i det akvariet, så ser ingen grunn for å lage innvendig filter bak bakgrunnen der.
Det går veldig bra framover med bakgrunnen til 70l. Er faktisk NESTEN ferdig å skjære den til. Skal lime sammen to av delane no, og forhåpentlegvis får eg limt sammen resten iløpet av kvelden eller morgondagen. Gjenstår nokre små utskjæringar før den siste liminga kan skje.
I morgon kjem malinga i posten, så kanskje får eg malt bakgrunnen iløpet av fredag/lørdag.

Må ha ein grundig lekkaje sjekk på akvariet før eg gjer bakgrunnen heilt ferdig. Var antydning til lekkasje sist eg sjekka, men vanskelig å seie om det var lekkasje iform av at akvariet rant litt over eller om det var ein VIRKELIG lekkasje. Akvariet stod med vatn i fleire dagar utan at det vart verre, men føler meg ikkje heilt trygg på det der. Så tippar på at eg testfyller i kveld og lar det stå lenge nok til at eg blir sikker på enten det eine eller det andre...

Og forresten; det er gøy å lage akvariebakgrunn sjølv!!
Då har eg fått malt fyrste strøket på bakgrunnen og "tilbehør". Malte med Gjøco Poxydekk del 1 og 2, farge Antrasitt. Tenkte å male strøk nummer to i kveld rundt kl. 21, då er det sandfargen som skal "dyttast" på.
I tillegg til bakgrunnen så har eg laga til ein liten "hjørnestein". Denne er tiltenkt kuhliålane og evt. reker. Har tenkt å ha denne i eine fronthjørnet slik at eg kan sjå inn og ha full oversikt. Gjenstår å sjå om dette vil fungere. Har ikkje limt fast "fjøla" med ventilane på enda, tenkte å gjere det når alt skal limast fast inni akvariet.

Bilde 1 er sjølvare bakgrunnen med "platåer".
Bilde 2 er av "hjørnesteinen" + "ventilfjøla" (dei står berre inntil kvarandre fordi ventilfjøla trengte litt støtte.)
Bilde 3 er nærbilde av hjørnesteinen og den utskjærte hula inni.

Har lært nokre "dette gjer eg ikkje igjen" undervegs...så gleder meg alt til å begynne på neste bakgrunn!
Dette blir nok kjempebra ;D
Då har eg malt ferdig bakgrunnen og silikonert den fast i akvariet. Så er det berre å vente og sjå korleis dette blir.
Fekk litt bakoversveis når eg såg herdetida på silikonen...1 til 2 veker før den er gjennomherda...betyr det at eg må vente 1-2 veker før eg kan fylle opp akvariet og flytte over fisk, reker, ål osv.? Er akvastabil blank silikon eg har brukt.

Og eg som tenkte eg kunne testfylle med vatn og sand om eit døgn eller to...*sukk*

Vurderar å lime neste bakgrunn med tech 7...kortare herdetid der og den luktar mindre + er enklare å jobbe med.

Sånn erfaringsmessig så er det mange ting eg vil gjere annerledes med neste bakgrunn. Blant anna vart silikoneringa eit salig søl p.g.a dårlig planlegging og dårlig plass i akvariet. Skal bli interessant å få på plass pumpe, blåmatter osv. 73l akvarie med ramme er skikkelig, skikkelig trangt, altså!! Og så blir ein nesten svimeslått av silikon lukta når ein står på hovudet nedi og limar. Trur faktisk 400l blir artigare å jobbe med, sjølv om det er meir arbeid. Iallefall bedre plass der. 63l rammeakvariet derimot kan bli...ehem...interessant...
Tok nokre mindre gode bileter av bakgrunnen på plass i akvariet i kveld.

Bilde 1 er frå fronten på akvariet.
Bilde 2 viser bakgrunnen frå sida, då ser ein også kvar filteret skal være.
(blir sabla trangt å få ting på plass der baki, men skal etter mine mål gå akkurat...)

Då er det berre å vente på at silikonen skal herde seg ferdig. Tvilar på at eg orkar å vente 1-2 veker på å fylle akvariet med vatn, altså...
Blir nok bra dette. Jeg har fylt vann etter 2 dager hver gang jeg har siliconert bakgrunn... Skal jo kjøres inn også så...
sissimor
Blir nok bra dette. Jeg har fylt vann etter 2 dager hver gang jeg har siliconert bakgrunn... Skal jo kjøres inn også så...


Ok, men då prøvar eg å fylle sand og vatn i det i morgon.
Tenkte ganske raskt å flytte over svampane frå det innvendige filteret i 63l og så flytte rekene, kuhliålane og kampfisken over i det. Grunnen er at pumpa i 63l er i ferd med å ta kveld... Kjem ein del rare lydar frå det i det siste. I tillegg renska eg det for ei veke sidan og alt no holder det på å gå tett igjen + at det tydelig ikkje klarar å halde akvariet reint lenger (ligger mykje *drit* på bunnen).
Har hatt pumpa ein del år, men ikkje vore større problem med den før no dei siste vekene. Så greit å få flytta fiskane over i nytt akvarie med ny pumpe før den gamle takkar for seg.

Dessutan planlegger eg å kaste meg igang med å lage bakgrunn og innvendig filter i 63l med det samme. Har litt håp om å ha crystal red reker eller tiger reker i 63l.

Så får 400l vente litt på tur... (evt. kan eg ta den innimellom resten)
Ja,ja, alle planer går ikkje alltid så bra.
Eg røska jo tidligare ut filterkassen på 400l. Vel, for ei god veke sidan vart den limt inn igjen. *sukk*
Årsaka er at eg for tida ikkje har energi til å ordne med heimelaga bakgrunn og heimelaga innvendig filter. Eg har heller ikkje råd til eit skikkelig utvendig filter til 400l men hadde STORT behov for å få den opp å gå. Så då var det å bite i det sure eplet, klaske inn igjen den stygge svarte boksen og få hosta igang akvariet. No har det vore igang ei lita veke (med kickstarta filter + nokre filtersvampar frå 180l) og det er berre toppers å ha dette akvariet igang igjen!

180l har eg derimot røska ut både bakgrunn og filterkasse på. Tok ut bakgrunnen mest p.g.a at den var tofarga... Juwel bakgrunn der dei som limte den inn tydeligvis ikkje hadde to med lik farge, så då vart det limt inn ein lys og ein mørk bakgrunn sak. Ikkje spesiellt lekkert syns eg. Så kjøpte eg nytt utvendig filter til det akvariet. Vrengte kontoen skikkelig og kjøpte "billig" filter frå tyskland, tetratec 1200. Eg har frå før tetratec 700 i 120l som eg er godt fornøgd med. Det filteret har sulla og gått heilt på eiga hand eit års tid no (og er kjøpt brukt), er stillegåande og greit.

120l har også fått ei lita overhaling, men der er det kun vaska ned, renska rør og slangar på filteret, skifta all sand, planta om og så fått nye innbyggarar. dei to minste karene er avvikla for vinteren. Eg har verken tid, ork eller plass til dei akkurat no. Skule og jobb suger ut energien min + at gamlehuset skal stå utan varme i vinter så då vart 120l, 180l og 400l plassert i hovedhuset (400l + 120l på kontoret mitt og 180l i stova, storfornøgd!)

Som nemnt har alle dei tre største akvariene fått overhaling med ny sand, til dels nye plantar, nytt vatn og omplassering av fiskar. Skal snart få tatt bilder og oppdatert innholdet i akvariene. Men vil prøve å vente til eg får litt meir plantar på plass. Er litt glissent enda, særlig i 400l.
Så mista eg flying fox`n min under flyttinga. Skikkelig tragisk for eg var begynnt å bli så glad i den fisken. Den vokste godt, var artig der den renska på steinar og plantar og alltid med når det kom mat i karet. Veit ikkje heilt kva som skjedde, den virka heilt frisk og fin. Men plutselig låg den berre død 2-3 dager etter at den vart flytta over i 400l. Eg har mistanke til om kongotetraene kan ha tatt han? Kongotetraene har ikkje gått sammen med flying foxen tidligare... Usj, skikkelig dumt var det iallefall. Alle dei andre fiskane ser ut til å ha det fint.

Kjøpte meg forresten eit blågurami par (TRUUUR det er han og ho, men ikkje sikker), men er så langt skikkelig skuffa over dei. Større pingler i akvariet skal ein leite lenge etter!! Dei bur i 180l sammen med vinkeltetraene, viftereker, amanoreker, nokre sneglar og corydoras. Men sidan eg kjøpte dei (3 dagar sidan) har dei berre stått og trykka bakerst i eine hjørnet. Tørr av og til å skifte mellom dei to bakerste hjørnene, men får nervøst samanbrot nesten kvar gong eg går forbi akvariet. Håper dei blir tøffare etterkvart, men er også litt usikker på om "hannen" er heilt ok. Ser ut som om han har ein slags kul på eine sida forand. Kan muligens ha skada seg under panikkanfallene der dei kræsjar i akvarieglaset så det synger...eg veit ikkje.
Weeee! Då har eg bestillt mitt fyrste Eheim utvendige filter. Har innsett att det innvendige filteret i 400l ikkje duger for fem flate flis. Så no er det berre å sette seg ned ved postkassa og vente på Eheim 2080 filteret eg har bestillt. *glede seg*
Dermed så har er det kun 63 og 73l som har innvendig filter. Har Tetratec 700 og 1200 til 120l og 180l. Men syns særlig Tetratec 1200 er noko tungstarta etter rens, så difor tenkte eg at Eheim skulle få ein sjanse hos meg. Får håpe eg slepper å angre.

Kjøpte meg det eg og dei i butikken trudde var eit Palettciklide par. Men har begynnt å tru på at dette er to hannar istaden...*sukk* Ikkje er dei sosiale heller, gøymer seg heile tida. Kjem eg inn i rommet når dei er framme så susar dei i skjul på null komma niks. Vurderar å putte dei i 400l sammen med pansermallene og kongotetraene. Litt bekymra for at kongotetraene skal ta knekken på dei, men trur uansett desse to vil ha det bedre i 400l enn i 73l, særleg om det er to hannar. Kanskje dei vil ha det bedre med fleire fiskar rundt seg også? Er VELDIG fargelause også...
Har bestillt meg svarte og kvite + raude og kvite krystallreker som eg håpar kjem iløpet av starten av januar. Kanskje desse skal få "arve" 73l etter Palettciklidene.
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap