Fisk som klør

I karet med Malawi-yngel har eg oppdaga at fiskane ofte klør seg ved å stryka seg etter sandbunnen, steinar o.l. Byrja i det små på tysdag, og har blitt mykje verre no. Eg bytter mykje vatn no, men eg mistenker jo at det sikkert har liten effekt, og at det gjerne må medisinering til...

Spørsmål blir då om nokon har forslag til kva det kan vera som feilar mine små?

Fiskane (Saulosi og Golden) blei kjøpt (privat) på mandag, og det er kun dei som er i karet. Dei har ikkje vore i kontakt med andre fiskar eller dyr etter at dei kom til meg. Karet er eit Juwel Rio 240 som har stått tomt i 4 mnd, før det vart satt opp til innkjøring igjen for litt over ein måned sidan. Pumpa er Eheim 2028, kjøpt ny frå butikk. Steinar til dekorering er sjølvplukka og kokte før bruk, og det er ingen planter i karet.

GH: 12
PH: 8,5
Temperatur: 25C


Hjelp....


Er det verkeleg ingen som veit noko om kva det kan skyldast, eller kva eg kan gjera med det? Fiskane blir meir og meir maniske med kløinga, så eg fryktar at det snart må bli kort prossess om eg ikkje får gjort noko for å hjelpa dei, stakkarane.
er nok noe i vannet som irriterer den. prøvd om aquasafe eller lignende får vekk kløinga? på høsten og våren og perioder med mye regn kan vannet være noe annerledes enn på sommer/vinter/stabile vannforhold.
Du har nok sykdom i karet, les denne artikkelen her . Den vil hjelpe deg med å finne ut hvilken sykdom du har fått.
Tusen takk for svar!

Den artikkelen har eg allerede lest, og den einaste sjukdommen eg kan kjenna igjen symptom på er hvitprikk - men eg klarar ikkje å faktisk sjå noko på fisken, så eg blir jo litt usikker på om eg då bør prøva å behandla dei for det, eller ikkje...?

Miniskop
Tusen takk for svar! :-) Den artikkelen har eg allerede lest, og den einaste sjukdommen eg kan kjenna igjen symptom på er hvitprikk - men eg klarar ikkje å faktisk [I]sjå[/I] noko på fisken, så eg blir jo litt usikker på om eg då bør prøva å behandla dei for det, eller ikkje...?


Har dessverre ikke erfaring med malawi og medisin, så det kan jeg ikke svare på, men uansett fiskeart så bør man ikke medisinere ut av det blå for det kan stresse fisken unødvendig. Uansett så kan hvitprikk være vanskelig å se, det er ikke alltid man legger merke til det før de andre fiskene i karet også har det. Har du hatt noe i vannet de siste dagene? Mulig fiskene reagerer på dette.
Har du sjekket om det kan være nitrittoppblomstring i karet? Hadde det samme problemet med Malawiene mine for noen mnd siden, og da var nitritt årsaken.
Det einaste tilsetningsstoffet eg brukar i vatnet, er Ph/Gh + i frå Webzoo, og det har eg brukt i karet i frå dag 1 ved oppstart, og eg tilset litt ved kvart vatnbyte. Kan det vera muleg at fiskane reagerar på dette?

Fiskane har som sagt kun vore av meg i snart ei veke no, så dette er ikkje noko kjekt.
det hender mine fisk klør seg etter vannbytte, og en dæsj aquasafe fikser det ganske raskt. du sier du bytter mye vann, så det kan være en samenheng der.
Kalle Malle
Har du sjekket om det kan være nitrittoppblomstring i karet? Hadde det samme problemet med Malawiene mine for noen mnd siden, og da var nitritt årsaken.


Ja, eg har vore inne på tanken om at det kan vera nitritt. Desverre så er testen min tom (men ny vart bestilt på onsdag), så eg har ikkje fått sjekka om det faktisk er det. Men så har eg jo bytta 30% av vatnet kvar dag i frå første dag eg la merke til kløinga, så om det er nitritt så burde jo det hjelpa på det? Her virkar det til å bli verre.
Jeg har flere kar med malawi, og fra tid til annen klør de seg mer enn vanlig. Da er som regel årsaken at vannverket har tilsatt litt klor i vannet. Mulig det har skjedd hos deg også? Dessuten vil de ofte klø seg litt etter vannbytte pga små luftbobler i vannet som setter seg på skinnet og irriterer litt. Så hvis du bytter mye og ofte vann kan du nok ha noe av grunnen der. Aquasafe vil som flere har sagt hjelpe raskt på situasjonen. Ville definitivt prøvd det før medisiner... Slik du beskriver en eksemplarisk oppstart med god innkjøring av pumpe og kar, tror jeg ikke på nitritt-teorien. Da puster de isåfall tungt og klør seg ikke noe særlig mer enn vanlig. Ro ned vannbyttene og ha i Aquasafe, og se hva som skjer De selvplukkede steinene dine forresten - du er sikker på at de er fri for kobber, svovel og ikke er "glinsende/kråkesølv" ? Lykke til!
Ang. steinane, så veit eg ikkje om dei inneheldt det du lista opp, men eg har fleire kar med slike steinar i (det eine har gått i 2 år), og der er det ikkje noko problem. Så eg trur dei skal vera rimeleg trygge.

Men då ser eg an medisineringen litt, og skaffar ei flaske med aquasafe i morgon, og så får me sjå. Kryssar fingrane for at kløinga roar seg!

Takk for svar.
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap