Yngelsikre innvendig juwel filter?

Då har det komme ancistrus yngel i 180literen, og det blir litt spørsmål av slikt. Fyrst og fremst, korleis kan eg yngelsikre eit innvendig Juwel filter? Det er jo ikkje så enkelt å få tredd noko rundt heile filterhjørnet? Er det innsug både oppe og nede på slike filter? Oppe veit eg at det er, men ser ut til å vere nokre "rister" nede også? (er eit Juwel 180 Rio akvarie, underkant av 1år gammalt)

Så eit spørsmål til. Eg har 5 vinkeltetra og nokre guramier i karet (perlegurami, blågurami, dverggurami og ein slik gullgurami, kun hannar) + 2 kuhliålar og 2 amanoreker. Vil desse ete yngel? Tenker då mest på guramiene og kanskje på tetraene (tetraene er ikkje fullvoksne enda)? Planen har vore å flytte guramiene over i større kar, men har ikkje funne eit enda. Ancistrusyngelen vart klekka i dag, så tar vel enda ei vekes tid før dei kjem ut av hula (håpar eg). Så eg håpar fortsatt på at eg skal finne eit større kar i tide som eg kan kickstarte med filtergugge frå 180literen og få flytta guramiene og kanskje tetraene over i. Men visst eg ikkje får dette til, vil då yngelen bli gurami/tetra lunsj? Eg har eit 63liters rekeakvarie som kanskje kunne fungert som yngelkar (reknar med at kirsebærreker og eplesneglar + 2 kuhliålar går greit med ancistrusyngel?), men verdiane i det karet går litt opp og ned i periodar, så er redd det skal bli for tøft for yngelen å leve opp der...har heller ikkje ordentleg lys i det karet enda, men det spelar kanskje mindre rolle?
*bumb*
Ingen som kan hjelpe meg? Eg har tenkt på å bruke blåsvamp ved innsugene, men lurar på korleis eg evt. kan få festa dette så det sitter tett nok. Håpar nokon har idèar, tankar eller erfaring og kan hjelpe meg litt på veg. Driver og fiskar ancistrus yngel utav filteret no, og det er IKKJE gøy. (ja, okay...er LITT gøy å få tak i dei, men veldig tidkrevande...) Er forøvrig eit evig oppkomme av yngel nedi der, fått fanga 13stk no, men ser at det er minst 3-4 til nedi der, muligens enda fleire + at hannen fortsatt ligger og viftar i rota si... Så hadde vore veldig hyggeleg å få ordna til eit eller anna veldig fort.
Du kan jo sette fast noen blå svamp biter på ristene.
Du kan feste blåsvampen med strips eller fiske line.
Tilfeldig bekjentskap
© Odd Meyer Løgevik
Reklame for plussmedlemskap