Pumpe vatn ut/inn ved vatnskifte.

Har så smått begynnt å tenke på å skaffe meg ei pumpe for å gjere vatnbyttene meir behagelege for meg og fiskane. Tenkte då å ha ei pumpe som eg kan bruke både for å pumpe vatn ut av akvariene og tilbake ved enkel handvending. Det er også viktig at det er rimeleg i innkjøp. Eg har prøvd å leite her inne på forum, men finner liksom aldri ei ordentleg forklaring av kva pumpe eg bør ha og korleis dette eksakt fungerar.
Kan eg bruke utvendig filterpumpe til slikt? Kva type er isåfall best og mest økonomisk i innkjøp? Pr. i dag har eg 1stk 63liter og 1stk. 180liter, men har planar for å kjøpe inn eit 2-350liters ganske snart og kanskje eit til på rundt 100-160liter etterkvart. Og då begynner det å bli så mykje vatn at det er greit å tenke på å gjere ting litt enklare...

Så eg håpar nokon har tid til å forklare enklast mulig kva pumpe eg bør ha. Sjølv om eg tenker veldig økonomi, så vil eg også ha noko som holder og er litt kvalitet. Visst nokon i tillegg kan fortelle meg kva anna eg trenger for å gjere vatnbyttene enklast mogleg OG korleis det fungerar så er eg evig takknemleg. (og hugs at dette er noko eg i utgangspunktet skal få til på eiga hand...).

Eg har eit gammalt kjøkken i naborommet til akvariene, men vasken er fjerna der. Avløpet står igjen og eg håpar på å kunne bruke det for å tømme ned brukt akvarievatn. Reint vatn har eg i kjellaren under rommet der akvariene står (men kun iskaldt vatn), eller på badet rundt 15-20 steg unna (mulig med temperert vatn). Det er ikkje allverdens temperatur i rommet til akvariene, trur det er rundt 18-20grader stabilt no, men til vinteren kan det nok periodevis bli noko kjøligare når temperaturen ute blir 20-30minus. I akvariene er det ca. 27grader. (tar med denne info`n i tilfelle den er relevant, eg aner ikkje, eg...)
ta en hageslange til og tømme karene med. ene enden oppi og sug i andre. enklere får man det ikke . og billig. får kjøpt denne på biltema.. og putt hage slangen på den når du skal fylle på igjen. men anbefaler deg og ikke bruke iskaldt vann. går bra med mindre vannskifter men må fylles sakte så ikke fiksne får kulde sjokk. men temperet vann går bra. mål tempen på vannet før du fyller i slik at du får riktig temp. enklere og billigere enn dette får du det ikke. den gønne hagelsngen blir det gjerne litt fort knekk på men finnes nok bedre slanger som kan brukes.
Joda, den metoden er den eg brukar i dag. Eg suger i eine enden og lar hevert prinsippet ta seg av resten. Men etter å ha gurgla akvarievatn og sidan eg då må bære det brukte vatnet ut, så tenkte eg på å bruke ei pumpe som kan pumpe det ut for meg. Sidan eg har total angst for å få med rekeyngel, fiskeyngel osv. når eg tømmer akvariene, så "mellomlagrar" eg det brukte vatnet i ein 55litersdunk. På det store akvariet har eg denne 55litersdunken ståande utanfor vindauget (noko som ikkje vil fungere når det kjem meir snø ute...), tømmer direkte frå akvariet og ut. Så går eg ut og sjekkar dunken før eg tømmer den. For å fylle på vatn brukar eg bøtter og tømmer oppi.

Saken er at eg gjerne vil sleppe å halde på med mange tunge bøtteløft sidan eg har armar som periodevis er i dårleg form. I tillegg ser eg for meg at vatn som sildrar roleg oppi akvariet frå slange er betre enn bøtter som tømmast litt i rykk og napp alt etter kor sliten eg er i armane. Og sidan eg brukar å mellomlagre den nye vatnet i ein stor dunk på rommet der akvariene er, så hadde det vore veldig ok å berre strekke ein slange frå dunken med vatnet og oppi karet og la pumpa pumpe vatnet oppi.
Håpar eg har klart å forklare meg litt betre denne gongen.

Springen med vatn er såpassa langt unna rommet der akvariene er at eg trur det vil vere betre å bruke vatnet frå kjellaren. Der er det alt hageslange påmontert som eg kan ta inn vindauget for å fylle opp dunkane. Men vil ikkje ta dette vatnet rett i karet sidan det er skikkeleg kaldt. Kan varme det opp med varmekolbe ved mellomlagringa vil eg tru. Eller kanskje få til ei mellomlagring i kjellaren og pumpe det opp direkte derifrå...? Hmmm...tenker litt høgt her...
Du kan du jo bruke en kraftig sirkulasjons pumpe.
Du legger pumpa i bötta så pumper den vannet via en slange ned i akvariet.
Eg fortsetter å tenke litt høgt, og håper at nokon kan seie ifrå om det er mulighet for at eg tenker riktig her eller evt. om eg er heilt på bærtur.

Visst eg setter opp eit gammalt badekar i kjellaren (badekar av den gammaldagse, kvite vanlege typen), får reingjort det grundig og tetta sluket. Så plasserar eg varmekolbe i bunnen, får satt på ei sirkulasjonspumpe for at vatnet skal bli jamnt temperert og får lufta seg i samme slengen. Når eg då bestemmer meg for at no må eg skifte vatn på akvariet, så går eg i kjellaren og fyller badekaret med kaldt vatn, startar varmekolbe(r) og sirkulasjonspumpe og lar det stå til neste dag (eller så lenge det tar å få varma vatnet opp til ønskeleg temperatur). Så plasserar eg ei pumpe for å pumpe vatnet opp til akvariene, har ein form for fjernstyring på denne eller evt. ein måte å stenge for så ikkje vatnet sprutar ukontrollert oppe ved akvariene. (evt. går det kanskje å ha pumpa oppe hos akvariene...?) Går så opp og startar fylling av akvariene. Vil dette vere ein metode som kan fungere, eller er det berre grådig tungvindt...?
Det å tømme akvariene er ikkje det største problemet (enda) så den har eg ikkje tenkt ferdig. Men antar den beste metoden der ville vere å på ein måte pumpe det ned i avløpet på gamlekjøkkenet. Men burde kanskje montere på vatnlås. (er kun opent rør der pr. i dag som stikker 10cm opp av gulvet)
Er eg inne på noko, eller bør eg berre belage meg på å lage blåbærpai av bærene frå dagens tur...?
Tobbi
Du kan du jo bruke en kraftig sirkulasjons pumpe. Du legger pumpa i bötta så pumper den vannet via en slange ned i akvariet.


Tusen takk for svar!
Dukka opp eit spørsmål frå meg: Kor kraftig bør den vere for å klare å pumpe vatnet oppi akvariet?
Tror vi begge er innom samme tankegang .. Du kan lese litt mer om min her
Drypp
Jeg kan fortelle hvordan jeg gjør det:

Jeg har et 60l akvarie stående oppunder taket på vaskerommet, dette karet har jeg boret for overrenning, fyldt det med kull og torvpellets (for å fjerne mest mulig klor, kobber etc. og for å senke PH) og to varmekolber, en på 300w og en på 150w. Jeg har koblet vannslange fra springen som renner/drypper konstant inn i karet, og en sirkulasjonspumpe ut på en slange og videre til mine to kar på 400l og 180l. Ved at karet står oppunder taket vil vannet fortsette å renne selv om pumpa slutter å fungere.

Hvis man har f.eks. tre liter i timen rekker vannet å bli varmet opp, luftet og renset før det går videre til karene.

Kjøp de lyseblå slangene fra Biltema, de lager ikke knekker slik som de grønne.
genial metode, skulle ønske jeg kunne ordnet det samme selv. men blir for mye styr syns jeg. blir 2x15m slange, samt vanskelig å legge..
Anka78
Joda, den metoden er den eg brukar i dag. Eg suger i eine enden og lar hevert prinsippet ta seg av resten. Men etter å ha gurgla akvarievatn...


Det er ikke nødvendig å suge for å få vannet til å renne ut... Jeg kobler hageslangen til krana på badet. Skrur på vannet og når det kommer ut i akvariet, kobler jeg fra krana og legger slangen ned slik at vannet renner fra akvariet og ut i dusjen.


Mvh
Tilfeldig bekjentskap
© Yu-Chia Chang
Reklame for plussmedlemskap