Eplesnegle egg, eller...??

Oppdaga i dag ein diger klase med noko som likna egg på lokket til akvariet. Målte klasen og den er ca. 3cm lang, 1,5cm brei på det breiaste og kanskje ein cm "tjukk". Ganske massiv sak som er gråkvit og hard...skal egg vere harde? Trudde egg skulle vere litt geleaktige, men usikker på snegleeggene. Uansett, denne eggklasen er hard, når eg kakkar på den så minnar det som å kakke på litt porøs stein. Har ikkje turd å kakke hardt, då.
Er forøvrig i ein 180l juwel akvarie med heildekkande topp og ulike typar sneglar i (eple, posthorn, Tylomelania sp, tigersnegle(1stk), sandsneglar og pestsneglar). Sidan eggene ligger over vatnflata så ser eg ikkje for meg at fiskane kan vere skuldige her.
Men det eg lurar på er om dette er eplesnegleegg? Og sidan dei er harde, er dei då uttørka/døde på noko vis, eller er dette normalt? Kan dei henge der dei er? Henger ved sida av lysarmaturen nesten i eit hjørne av eine lokket som eg opnar ved fòring. Kan prøve å ta bileter om ønskeleg.
Det høres helt klart ut som eplesnegleegg, ja.
Den vil klekke i løpet av to til fire uker, dersom den ikke tørker helt ut. Det går som oftest helt fint å bare la den henge der den er, med mindre sneglen som har lagt den har trøkket den litt for tett opptil lysrørene. Da blir de nok "stekt", og vil tørke ut og aldri klekke.

Dersom du vil, kan du la den henge og se om det blir babysnegler av den om noen uker. Den bør ha en viss fuktighet i luften for å klare seg, og det får de under et tett armatur.
Ja, er fuktig under der. Renner alltid litt kondens når eg opnar lokket. Er ganske nært lysrørene, men eg har reflektorar som hjelper på så ikkje varmen går rett på eggene. Lar dei henge, eg, og ser korleis det går. Det er altså normalt at snegleegg-klasar er harde?

Det eg er litt imponert over er at eg har kun vaksne hannsneglar. Men fekk ei ladning med nye eplesneglar for ca. 1,5 veker sidan, dette var ganske små sneglar på 1-3cm. Kan desse ha lagt egg alt no? For dei vaksne er altså garantert hannar, så sant dei ikkje plutseleg har skifta kjønn... Eggklasen er jo 3-4 gongar større enn dei nye eplesneglane, kan det vere fleire sneglar som har lagt i samme klase? Trur eg må studere sneglane nøyare. Men utruleg gøy med egg. Ser ut som om posthornsneglane også driver og legger egg. Er stadig små eggklasar på glaset. Men mistenker at fisken forsyner seg litt der...
Eggklasene skal være harde ja...Hvis hosneglene er 3 cm så er de i stand til å legge egg ja men de legger som regel ikke så store klaser når de er så små. Men det kan jo godt hende siden du er sikker på at de du har er hanner....Sneglene legger ikke egg i samme klase så det er nok en eggklase. Lykke til med klekkingen....
Tilfeldig bekjentskap
© Steinar Talmoen
Reklame for plussmedlemskap