Gurami samansetning, synspunkt?

Eg har pr. i dag 2stk blågurami, 1stk perlegurami, 1stk dverggurami og 1stk gulgurami, alle er hannar. Desse går i eit 180l akvarie, men planen er å flytte dei over i eit 400l akvarie så snart det akvariet har gått seg til. Det eg då lurar på er om det går å sette inn f.eks eit par med knurregurami i 400l sammen med dei 5 eg har frå før, eller vil det kun bli trøbbel? (vil dei andre hannane bli påvirka av hoa til knurreguramien? Evt. kan dei finne på å krysse seg?)
Guramiene eg har pr. i dag fulgte med 180l, så er ikkje "sjølvvalgt" samansetning. Knurregurami syns eg virkar spennande og flotte, så desse kunne eg godt tenke meg å prøve på (sjølv om eg ikkje anar kvar eg kan få tak i dei, må muligens til Oslo?).

Evt. går det an å ha nokre knurregurami i 180l når dei andre flyttar ut? Korleis går desse saman med sneglar? Og finnast det stimfisk som passar med knurregurami? Eg er i tankeprosessen no og skal prøve å planlegge korleis eg skal legge opp akvariene framover. Har veldig sansen for gurami sånn generellt, utruleg koselege fiskar.
Håpar nokon kan tenke seg å gi sine meiningar.
Tilfeldig bekjentskap
© Johnny Jensen
Reklame for plussmedlemskap